10. mai 2007

Tõnismäe-leivningane skal gravleggjast på nytt i juni

Den estiske forsvarsministeren Jaak Aaviksoo sa ifølgje EPL i ei regjeringspressekonferanse i dag at leivningane etter dei falne frå andre verdskrigen som er utgravne på Tõnismägi i Tallinn skal gravleggjast på nytt i andre halvdel av juni i år.

Den nøyaktige datoen vil bli klar i løpet av dei nærmaste vekene, men forsvarministeren meiner det vil hende i slutten av juni.

Aaviksoo la til at regjeringa er villig til å vurdere alle søknader frå pårørande om gravleggjing andre stader. Det er òg mogleg å få stønad frå regjeringa.

Ingen kommentarer: