16. mai 2007

Statsminister Ansip: Det var snakk om forsvar av landet

Andrus Ansip har vore både utskjelt og lovprisa sidan dei dramatiske hendingane i slutten av april, men sjølv har han vore tilbakehalden med kommentarane.
No har han teke bladet frå munnen og kommentert kvifor han og regjeringa hans gjorde som dei gjorde. Det handla om tryggingspolitikk, seier Ansip, ja rett og slett om å forsvare Estland mot ei framand makt. Hadde ikkje flyttinga vorte gjort no, ville Estland ved hjelp av destabilisering og misbruk av "landsmennene" meir og meir bli dominert av Moskva, meiner statsministeren, slik han i i dag kommenterer det under overskrifta "CCCP forever -- eller aldri meir" i Postimees.

Ingen kommentarer: