9. mai 2007

Hovudstaden Estland heiter Tallinn! Tallinnnnnnnn!

Ja, her har vi det igjen: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=176516.
Godtfolk, uansett kva de måtte ha sett i skrift før -- hovudstaden i Estland heiter Tallinn med både to l-ar og to n-ar.
Det er to grunnar til at det er viktig å presisere dette:
  1. Av ein eller annan grunn finst det ein uoffisiell tradisjon (for ikkje å seie ukultur) for å skrive Tallin på norsk.
  2. For estarar vil ikkje den forma verke berre feil, men òg støtande. Eit slikt skriftbilete minner nemleg om transkripsjonen til kyrillisk (som av ein eller annen uforståeleg grunn berre brukar ein n i slutten) og gir dermed assosiasjonar til Moskva som einaste formidlar av det estiske til omverda.

Ingen kommentarer: