11. mai 2007

Har Russland funne seg ein ny "Pavlik Morozov"?

Dei som kjenner litt til sovjetisk propagandahistorie, har høyrt om Pavlik Morozov. Den 13-årige guten som angav faren sin til kommunistane og vart drept av familien sin etterpå. Ei djupt tragisk historie på alle vis, i den grad ho i det heile er sann (noko ho stort sett ikkje var, sjå linken over).
Men det groteske med heile historia var måten den stakkars guten vart lovprisa som ein sosialistisk martyrhelt, som sette revolusjonen framfor eige kjøt og blod. Dei fleste av oss som har vakse opp i frie land har vondt for fullt å trengje inn i eit tankeunivers som gjorde eit slikt propagandagrep mogleg.

***

Men Pavlik Morozov er historie, slik Stalin-deportasjonane og Bresjnev-stagnasjonen er det. Det djupt urovekkjande i dag er at at Russland nett no no prøver å gjere Dmitri Ganin, mannen som omkom under opptøya i Tallinn, til ein martyrhelt.

Dmitri var med på å plyndre butikkar og vart knivstukken av ein annan under kaoset som rådde. Han døydde av skadane.
Eg kjende ikkje Dmitri. Det var trist og tragisk at det skulle gå slik med han. Men om noko så er det kynisk mot både han og andre til dømes å skulle gi ei gate i Moskva namn etter Dmitri Ganin, slik det russiske parlamentsrådets formann Sergei Mironov no har gjort framlegg om, slik EPL refererer den russiske nyhendeportalen Regnum. Og det gjer ikkje saka betre at det er snakk om gata der den estiske ambassaden ligg.

Det er ingen grunn til å bruke sterke ord om eit slikt grep frå Russlands side. Det trengst ikkje, for handlingane talar for seg sjølv. Men det er verkeleg skremmande at landet ser ut til å vere klart for ein ny Pavlik Morozov.

Ingen kommentarer: