10. mai 2007

Estland pustar letta ut



Sidan
hendingane den 26. og 27. april har 9. mai stått som ei eldprøve for landet. Skulle den dagen gå gale, ville den vonde sirkelen vere i gang for alvor.

Politiet har brukt store ressursar på å førebu seg på mogleg uro. Til all lukke fekk dei ikkje bruk for korkje skjold eller gummiklubber i går.

Demokratiet Estland har overlevd ei stor prøving. Vegen vidare handlar om normalisering og dialog. Utfordringane har vist seg som større enn mange av oss trudde. Men det siste døgeret gir von.

Ingen kommentarer: