6. mai 2007

Estland og bronsesoldaten ⎯ «the story so far»


Dei fleste i Noreg har vel fått med seg at det var uro i Tallinn i slutten av april i år. Mange har vel til og med høyrt ein del detaljer om det som skjedde og at det hadde med ein statue å gjere ⎯ ein bronsesoldat som har stått der sidan Sovjet-tida.
Men det er i grunnen ikkje så mykje ein gjennomsnittsnordmann veit om bakgrunnen for det som skjedde. Og nettopp dét er i grunnen eit stort problem, for det finst krefter som gjerne vil at røykteppet kring det som skjer skal vere minst mogleg gjennomsiktig. Det er vel neppe nokon stor løyndom at dei kreftene har ei høgborg i Moskva.

***

Difor vil eg prøve på eit lite samandrag av historia så langt her. Bruk gjerne fleire kjelder og kontroller det eg seier. Nokre av lenkjene frå denne bloggen gir godt høve til det. Eg er ikkje historikar, men eg har lese ein god del om Estland og eg har snakka med mange estarar som har opplevd tidene sjølv.



Estarane er eit lite folk. Første januar i år var det i Estland 935 884 personar som definerte seg som etniske estarar - dei utgjer dermed i overkant av 68 prosent av det totale folketalet i landet. Og estarane er språkleg rimeleg nærskylde med finnane, det vil mellom anna seie at det ikkje finst meir likskap mellom estisk og russisk (eller estisk og latvisk, for den saks skuld) enn det finst mellom til dømes norsk og finsk.
Opp gjennom historia har estarane vore underlagt mange større og mindre makter og herskarar. Sidan dei misse fridomen under korstoga i middelalderen, har det vore både dansk, svensk, polsk og russisk styre på estisk jord ⎯ men først og fremst tysk. Tyskarane dominerte den kulturelle og politiske eliten i Estland frå middelalderen og fram til sjølvstendet i 1918. Og trass i at Estland mellom 1721 og 1918 var ein del av Tsar-imperiet, har russarane sett relativt lite preg på den estiske kulturen, for ikkje å snakke om språket.

Det estiske sjølvstendet vart deklarert den 24. februar 1918, og etter freden i Tartu 1920 fekk Estland utvikle seg som eit sjølvstendig land i tjue år, heilt fram til andre verdskrigen. Tjuetalet var prega av eit liberalt demokrati med problem og barnesjukdomar ⎯ til dømes sleit estarane med å få til eit stabilt partisystem. Men at det var eit demokrati og at folk deltok og bygde landet sitt, det er det liten tvil om.
Utover på 1930-talet gjekk det nedover med demokratiet over mykje av Europa. I Estland vart det òg eit autoritært styre, men det er tullprat å kalle det fascistisk. Styret som president Konstanting Päts etablerte etter 1934 innskrenka dei demokratiske rettane ein del, men det kom først og fremst som ein freistnad på å hindre den populære fascist-liknande krigsveteranrørsla til å kome til makta. Men tung luft i maktkorridorane i Tallinn kan nok likevel ha svekt Estland ein god del og må kanskje ha noko av skulda for det som skulle kome.
Under oppseglinga til andre verdskrigen var nemleg Hitler og Stalin svært så gode vener ei stund. Dei inngjekk ein avtale kjent som Molotov-Ribbentrop-pakta. Denne pakta var i utgantspunktet ein avtale om at Sovjet og Tyskland ikkje skulle fyke på kvarandre, men vel så viktig var i praksis den hemmelege tilleggsprotokollen til avtalen frå 23. august 1939, som i tysk originalversjon hadde eit punkt som såg ut slik som dette:

1. Für den Fall einer territorial-politischen Umgestaltung in den zu den baltischen Staaten (Finnland, Estland, Lettland und Litauen) gehörenden Gebieten bildet die nördliche Grenze Litauens zugleich die Grenze der Interessensphäre Deutschlands und der UdSSR. [...]

Med andre ord - Sovjetunionen og Nazi-Tyskland avtalte seg imellom at Estland skulle tilhøyre ei Sovjetisk interessesfære. Stormaktene delte Europa mellom seg, utan større interesse for å spørje dei mindre nasj0nane det faktisk galdt. Protokollen vart forresten seinare justert, slik at òg Litauen hamna i sovjetisk sfære.

I trygg visse om at Nazi-Tyskland ikkje ville stikke kjeppar i hjula, kunne dermed Stalin leggje opp strategien for å få Estland inn i Sovjetunionen. Estland var i likskap med mange andre land før krigen nøytralt, så dermed ville det vere eit flott påskot for Sovjet om dei kunne påvise at Estland sjølv braut nøytraliteten. Eit slikt høve baud seg då den polske u-båten Orzel rømde fra hamna i Tallinn. Sovjet tolka det som at Estland ikkje lenger kan vere nøytralt, og kravde at Estland skulle inngå ei gjensidig bistandspakt. Päts-regjeringa gav etter, og resultatet var sovjetiske basar på estisk jord. Estland var framleis sjølvstendig, men det var fort langt fleire sovjetiske enn estiske soldatar i landet.

Etter dette kunne stalinistane ta det steg for steg. Uansett hadde ikkje Estland lenger noko reelt høve til motstand, og gjennom utskriving av nyval i sovjetisk stil, massivt fusk, utnemning av marionettregjering og til slutt søknad om opptak i Sovjetunionen, kunne okkupasjonen fullførast i ly av pakta med Tyskland og dei urolege tidene i Europa og heile verda.



Året frå 1940 til 1941 vart eit skrekkens år, med massedeportasjonar og oppleving av den brutale røyndomen under stalinistisk styre. Dermed var det ikkje sjølvsagt at estarane sørgde så veldig over ein ny okkupasjon ⎯ då «det forræderiske fascistiske Tyskland» ikkje lenger såg seg bundne av den tidlegare delinga av verda og mellom anna okkuperte Estland. For Sovjet var «den store fedrelandskrigen» i gang. For Estland var ein okkupant bytta ut med ein annan. Det nye regimet var sjølvsagt ikkje hakket betre, men om vi likar det eller ikkje: for den jamne estar var nok kvardagslivet heller meir tåleleg under tyskarane enn det hadde vore under Stalin.



Det var bakgrunnen for at mange estarar kjempa i tysk uniform då krigslukka tok til å snu i 1944. Dei såg det som det einaste høvet dei hadde til å hindre at det dei alt hadde sett i 1940 skulle gjenta seg. Dei fleste hadde lite til overs for nazi-ideologien, men gjorde det dei trudde var det einaste moglege i den nesten umoglege situasjonen dei var i. Og at dei kjempa i SS- og ikkje Wehrmacht-uniform, slik russisk propagande likar å peike på, var eit resultat av tysk taktikk, ikkje av estisk ønske.

Men Stalin hadde mykje folk og lite skruplar, og køyrde berre på med soldatar heilt til han braut gjennom og vann slaga og etter kvart krigen. Og ettersom livet og fridomen i Sovjet både før og etter dette ikkje var så mykje å skryte av, vart heile identiteten til russarane etter kvart bygd opp rundt det faktum at «det var vi som knuste fascismen og fridde verda».

Men Estland vart ikkje frigjort fra nazismen (eller fascismen, som Sovjet konsekvent kalla det, slik at ingen Sovjet-borgar skulle finne på å analysere ordet «nasjonalosialisme» og bli forvirra av at dei hadde «sosialisme» i namnet). Estland vart ikkje frigjort av ein enkel grunn: Tyskarane trekte seg ut før raudehæren kom inn. Estarane var alt i ferd med å etablere sitt eige styre som sjølvstendig land igjen, og det blå, svarte og kvite estiske flagget vaia over Tallinn då raudehæren ein dag seinare storma inn og reiv det ned for å erstatte det med raud symbolikk. Og den tyske okkupasjonen var erstatta med sovjetisk re-okkupasjon.

I Noreg er vi vane med å tenkje at andre verdskrigen varte frå 1940 til 1945. For Estland varte han nærast frå Molotov-Ribbentrop-pakta vart inngått i 1939 til dei siste sovjetiske soldatane reiste frå landet i 1994. Det er ei lang tid med okkupasjon. I etterkant verkar det som eit under, det som skjedde. Det fanst ein historisk sjanse. Estland vakna i løpet av 80-talet frå skrekken etter stalinismen, frå lidingar, deportasjonar og seinare diktatur og stagnasjon. Dei greip sjansen og dei gjorde det utan vald. Saman med dei andre baltiske landa tok dei kvarandre i hendene. Dei song og dansa. Og dei kravde sjølvstende. Og i dei heite augustdagane 1991 var dagen komen. Medan gammelkommunistane prøvde seg ein siste gong i Moskva, var tida komen for Estland. I Tallinn overvann dei ulike fraksjonane splittinga mellom dei moderate og dei meir radikale nasjonalistane, og dei kom fram til ei felles erklæring. Estland erklærte seg fritt, og eit par månader seinare var landet medlem av FN. I 1992 overtok den estiske krona etter den ustabile rubelen og økonomien tok til å kome i gang. I 1994 var landet fritt for sovjetiske militærbasar. I 2004 vart landet etter ein lang prosess med i både EU og NATO ⎯ med berre eit par månaders mellomrom. Og tida frå 2000 og fram til i dag har vore prega av sterk økonomisk vekst.

***

Ei solskinshistorie på mørk bakgrunn, slik stod Estland fram. Heilt fram til ganske nyleg, då verda fekk høyre om uro og vald i Tallinn, om sosiale og etniske motsetnader. Kor kom dette frå? Låg det under overflata og ulma heile tida? Svaret er nok både ⎯ òg. Først og fremst ⎯ alt det positive har ikkje blitt borte. Og alt det negative har ikkje oppstått no, det har berre blitt meir synleg. Men kva var det eigentleg som skjedde?

Mellom Karls-kyrkja og nasjonalbiblioteket, berre eit steinkast (ironisk å skrive det ⎯ dei knuste jo faktisk eit par ruter der) unna okkupasjonsmuseet og ikkje langt frå gamlebyen stod det eit monument som dei siste åra har hatt påskrifta «til dei falne i andre verdskrigen». På estisk og russisk. Det som slo meg då eg gjekk forbi statuen, var at eg er nesten uvan med å sjå formuleringa «andre verdskrig» på russisk. Slike momument brukte gjerne den gamle formuleringa «den store fedrelandskrigen». Eit sikkert teikn på at minneplatene med skrifta var sett opp etter 1991.

Statuen av ein soldat i sovjetisk uniform med bøygd hovud var laga av bronse og sett opp i 1947, midt i svartaste Stalin-tida. Han var kjent som bronsesoldaten, bronsemannen eller «Aljosja», men det var ingen konkret soldat han skulle førestelle. Han var nok helst eit monument til den «ukjende soldaten» ⎯ men sjølvsagt på sovjetisk side, slik uniformen tydeleg viste. Russarane kalte han helst for «soldat-frigjeraren». Og det han symboliserte var viktig for dei. Unge gjekk verkeleg rundt og trudde at bestefaren deira verkeleg frigjorde dette landet. Nokre formulerte det vel heller slik som at «bestefar vann dette landet for meg». Mange trur det framleis.

Det var ikkje slik estarane kjente det. Dei fleste opplevde det som noko utriveleg å ha ein hær i den forhatte raudehærsuniformen ståande på ein så prominent plass. Ikkje for det, det var mange nok estarar som òg kjempa i den uniformen, men å skulle heidra hæren som frigjerarar var det nok heller lite grunn til.

Like fullt aksepterte dei aller fleste at for den russiske delen av folket var soldaten eit viktig symbol. Det var få som hadde noko imot at russarar som sjølv hadde mist nokre av sine under krigen la ned kransar ved soldaten og mintest sine kjære. Det absolutte fleirtal av estarar såg med stor forståing på nett den biten.

Problemet låg i måten markeringane etter kvart vart gjort på. Den 9. mai feirar Russland sigeren i «fedrelandskrigen». Dei siste åra samla russarar seg ved bronsesoldaten med sovjetiske flagg og symbolikk. Dette drog til seg meir ytterleggåande element frå estisk side, unge, til dels høgreekstreme, som let seg provosere. Og politiet hadde stadig større vanskar med å halde ro rundt bronsesoldaten. Dette vart ikkje betre av at soldaten samstundes var eit gravmonument. Tolv krigsgraver var det nemleg rett ved.

Dette gjorde at det dei siste to åra har vore mykje snakk om at det beste ville vore å flytte både soldaten og gravene. Det har aldri vore snakk om å øydeleggje monumentet ⎯ bortsett frå hos nokre nasjonalistiske ekstremistar som ikkje blir tekne på alvor, slik som Jüri Liim, som vart bøtelagd for å kome med trugslar om å sprengje minnesmerket i lufta. I 2006 var det lenge politivakthald rundt monumentet, og heile plassen var avsperra. Det var problem med skjending av monumentet frå estisk pøbel, og det var problem med faren for samanstøt mellom estiske og russiske ekstremistar. Sidan politivakthaldet vart avslutta har ei samanslutning av unge russarar ⎯ kjent som «Nattevakten» (russisk Ночной дозор) ⎯ drive og mobilisert eit uoffisielt forsvar for monumentet. Dels har dei stått fram som forsvararar av det forståelege ønskjet om framleis å ha ein plass å gå til for å minnest bestefar ⎯ men òg dels som temmeleg militante representantar for den lokaliserte versjonen av stor-russisk sjåvinisme.

***

Kva var det då eigentleg som skjedde i slutten av april 2007?
Først og fremst lyt vi skilje mellom det som faktisk skjedde og det som regjeringa hadde planlagt. Natt til 26. april starta det som planlagt med at politiet raskt fekk sett opp gjerde og eit stort telt over minnesmerket og plassen framfor det. Dette vart gjort for at det ikkje skulle bli tid eller høve til å organisere uro og oppstand. Plana var ikkje å vere raskt ute med å flytte minnesmerket, men utover dagen og kvelden den 26. april skjedde det ting som gjorde at regjeringa måtte tenkje og handle raskt. Soldaten stod nemleg framleis trygt på plass då rasande unge russarar gjekk laus og herja vilt i sentrum av Tallinn. Dei gjekk amok, knuste vindauge, røva og rana, velta bilar. Og då dette var ein realitet, kom regjeringa fram til at dei ikkje våga å risikere ein situasjon der bronsesoldaten og dei arkeologiske utgravingane som skulle skje inne i teltet i mange dagar skulle bli åstad for vald og massedemonstrasjonar. Dei tok ei rask avgjerd og fekk soldaten flytta. Og i løpet av eit par dagar var han på plass igjen ⎯ denne gongen på krigskyrkjegarden, slik plana på lengre sikt hadde vore.

***

Estland følgde opp med politipatruljer, midlertidig forbod mot alkoholsal og større utandørs samlingar. Innenriks lukkast det ganske godt å få situasjonen under kontroll. Det er nok rett som til dømes Aftenposten skreiv, at nokre gamle sår vart rivne opp. Men eit positivt resultat av at ein del frustrasjon kom fram -- om enn på ein destruktiv måte -- er at det i Estland no blir snakka mykje om kva vi faktisk kan gjere for å fremje dialog. Det er ikkje ein enkel dialog det er snakk om, men at det må takast på alvor er det vel få som er usamde i.

***

Estarar og russarar i Estland skal nok greie utfordringane med å leve saman, om dei enn kan vere store. Men noko av det mest øydeleggjande er når Moskva blandar seg opp i det heile. Dei forstyrrar integrerings- og normaliseringsprosessen brutalt ved å gjere russarane i Estland til representantar for russiske interesser i staden for å lata dei vere ein minoritet som naturlegvis har sine soleklare menneskerettar og som treng å venje seg til at dei er ein del av det estiske samfunnet.

Ingen kommentarer: