8. mai 2007

Statsminister Ansip la ned krans ved bronsesoldaten


Statsminister Andrus Ansip har slite med ei oppslutning nær nullpunktet (etter ei nyleg måling 6%) hos den russiskspråklege delen av estlendarane, medan han har svært stort støtte hos dei etniske estarane (nyleg målt til 82%).

Ansip står som den ansvarlege bak operasjonen som endte med opptøyer og flytting av bronsesoldaten.

Trass i at dette tidlegare ikkje har vore offisielt utlyst at statsministeren skulle delta, la Ansip like vel i dag i samband med programmet den 8. mai ned ein krans ved bronsesoldaten på den nye staden ved krigskyrkjegarden i Tallinn, melder Postimees og EPL.
Den russiske 9. mai-komiteen har likevel oppfordra til å boikotta den offisielle markeringa og til ikkje å leggje ned blomar på den nye staden, ei oppfordring som òg har vorte formidla av det russiske nyhendebyrået Itar-TASS. Offisielt blir dette grunngjeve med at det lett kan hende ting som politiet kan tolke som brot på det midlertidige demonstrasjonsforbodet. Samstundes har det blant russarane sirkulert oppfordringar til i staden å leggje ned blomster ved den gamle staden, der monumentet stod fram til 27. april.

Ingen kommentarer: