23. mai 2008

Arnold Meri -- krigsforbrytar, helt eller stakkar?

Det er lenge sidan eg har hatt tid og overskudd til å blogge no. I mellomtida har det gått over eit år sidan dei mest dramatiske hendingane i Estland, og livet går vidare. Integrasjonsproblem og historieforståing er framleis på dagsordenen. Men den offentlege samtalen handlar likevel mest om andre ting, som budsjettkutt og sannsynlege økonomiske nedgangstider, parlamentarikarløner og mykje anna. Frå tid til anna brummar den russiske bjørnen litt irritert over eit eller anna. Og framleis er det langt fram -- om det i det heile er nokon veg dit -- til ei felles forståing av historia.

Men det er særleg ei aktuell sak som minner oss om dette, og det er rettssaka mot Arnold Meri. Om nokon skulle dra kjensel på etternamnet, er det kanskje fordi han er søskenbarnet til tidlegare president Lennart med same etternamnet. Men bortsett frå visse nedarva tendensar til sterk personlegdom er det ikkje mykje dei har felles, og ideologisk kan ein sjå dei nærast som motpolar.

Arnold vart fødd den 1. juli 1919 i Tallinn og er krigsveteran frå «Den store fedrelandskrigen» -- som dei fleste av oss i dag kallar andre verdskrigen -- og han var den første estaren som fekk status som «helt av Sovjetunionen». I sovjettida var han aktiv i det politiske livet i Estland.

Men dei seinare åra har det kome fram meir og meir som tyder på at den gamle mannen ikkje berre hadde ein utopisk draum som skilde seg frå dei fleste estarar hadde, men at han aktivt deltok i å skape det marerittet som har sett så djupe sår i den estiske folkesjela i dag. Stadig meir dokumentasjon har peika mot han ikkje berre var ein idealist (eller opportunist) som aksepterte sovjet-systemet, men at han var direkte delaktig i dei såkalla mars-deportasjonane i 1949, då til saman over 20 000 estarar -- alt frå eit tre dagar gammalt spedbarn til ei 95 år gammal kvinne -- vart sende til Sibir.


Arnold Meri verva seg i raudehæren i 1940. Han vart såra fire gonger i slag ved Porkhov, men heldt likevel stand. Det var i alle fall dette han i 1941 fekk krigsheltmedaljen sin for i 1941, og i 1948 fekk han Lenin-ordenen, men det er påstått at han eigentleg fekk heideren fordi han hadde gode kontaktar i partiet, medan den eigentlege helten ikkje var idelogisk korrekt og fekk fint greie seg utan.

I 1949 representerte han statsmakta som medlem i sentralkomiteen i EK(b)P og som leiar dei i kommunistiske ungdomsorganisasjonane. Seinare sat han mellom anna i Sovjetunionens øvste sovjet.

I 1995 vart det igangsett etterforsking av rolla til Meri i deportasjonane i Estland, og i august 2007 vart han formelt tiltala for folkemord. Og nyss no, tysdag den 20. mai, byrja sjølve prosessen i Kärdla på Hiiumaa. Sjølv erklærte Meri seg «ikkje skuldig» etter tiltalen.

Meri står ikkje tilbake for å gi intervju, og han er framleis stolt av å ha vore (av å vere?) helt av Sovjetunionen. Han innser at det hende ting som ikkje var bra, men han ser framleis ut til å meine at det han var med på i det store og heile var rett. Han nektar ikkje for å ha vore med på deportasjonane, men han meiner dei må tolkast som heilt nødvendig evakuering, slett ikkje som folkemord eller noko i den retning.

Som det framgår av tiltalen var Meri den som i 1949 hadde ansvaret for å ha tilsyn med gjennomføringa av deportasjonane i Hiiumaa-regionen. Han skulle passe på at akkurat dei rette vart sende til Sibir. I tillegg til dei konkrete oppgavene han fekk frå partiet, skal Meri og ha delteke frivillig i transport av dei deporterte. Tiltalen legg vekt på at sjølv om Meri gjorde det han gjorde etter ordre frå overordna i partiet, kan dette ikkje reknast som formildande i og med at han organiserte transporten på eige initiativ og heller ikkje har vist teikn til anger.

Når vi ser på korleis Meri sjølv tolkar det som hende den gongen, må vi tydelegvis prøve å setje oss inn i eit tankesett som er så langt frå det vi driv med til dagleg at det nesten gjer vondt. Han meiner at han berre administrerte avgjerdene til ei legitim regjering, og at deportasjonane sjølvsagt ikkje var trivelege, men derimot heilt nødvendige. Dette grunnar han med at kollektiviseringa elles ville medført motstand og vald, noko som deretter vil utløyst straffeaksjonar. Dermed meiner meiner han at deportasjonane faktisk spara folk for meir liding enn dei utsette folk for.

Aktor (Sirje Hunt) meinte at ei slik grunngjeving er karakteristisk for den stalinistiske ideologien i eit totalitært samfunn, men ikkje noko vi kan ta alvorleg i dag. Vidare gjorde han det klart at det å vise til høgare ideal og mål ikkje kan rettferdiggjere brotsverk mot menneskeslekta.

Forsvararen (Sven Sillar) meinte på si side at helsetilstanden til Meri bør vurderast igjen, ettersom det no er fire år sidan den 88 år gamle mannen vart undersøkt. Den gongen kom dei fram til at mannen er svært tunghøyrt og ikkje toler rettsmøter på meir enn eit par-tre timar. Forsvararen bad vidare om mange pausar. Aktoratet hadde ikkje noko problem med å gå med på dette, og førebels er vidare møter i saka utsett til doktoren får sagt sitt.

Etter rettsmøtet tysdag var Arnold i form til å gi intervju, men han ville helst late seg intervjue av dei russiske stasjonane, som han meiner er meir opne og vennlegare innstilt. Han gjorde det klart til journalistane at han først og fremst ville hindre vilkårleg maktbruk under deportasjonane, noko han ikkje fekk til så godt som han gjerne ville. Han meiner altså først og fremst at hans rolle i deportasjonane blir skeivt skildra.

Estarar flest er ikkje særleg glade i Arnold Meri. Den gamle mannen er av dei som gjerne har stått fram med sovjetiske medaljar 9. mai og som den dag i dag meiner at Sovjetunionen var heilt på sin plass, og dei fleste legg ikkje vekt på at dei ser han både som ein landssvikar og ein krigsforbrytar. Men frå russisk side er haldninga ei heilt anna. I dag vedtok den russiske statsdumaen ei erklæring til ei rekke estiske og europeiske instansar, der dei krev av prosessen mot Meri blir avslutta. Heile 426 av representantane røysta for erklæringa, der dei òg gjorde det klart at dei ser framferda til dei estiske styresmaktene mot 88-åringen som skammeleg.

På mange måtar er dette akkurat ei sak av den typen som kan bringe spenningane mellom historieforståingane til overflata igjen, og Meri sjølv er gjerne med på å spisse det til. Til dei russiske kanalane har han nemleg gjort det klart at han er overtydd om at heile rettsaka er eit politisk show. Det er ei tolking som passar godt med det russiske biletet av røyndomen. Ein leiar i Postimees meiner derimot at det ikkje berre er på høg tid prosessen kjem i gang -- det er på mange måtar altfor seint, ettersom fleire vitne har døydd medan saka vart førebudd. Avisa meiner at dei russiske journalistene er svært lite interessert i det faktiske innhaldet i rettsaka, til dømes forlet dei salen då dei ikkje lenger fekk bruke kamera. Det var altså ikkje meining i å følgje sjølve rettsforhandlingane.

Og som ein siste prikk over i-en har den russiske byene Gorno-Altaisk gått inn for å kalle opp ei ny gate etter Meri. Sovjetisk helt, russisk helt. Men altså ingen estisk helt.

27. mars 2008

Snart Schengen i lufta med

Den 21. desember vart Estland fullverdig medlem av Schengen-området, noko som mellom anna gjorde det langt lettare for dei som bur langs den latvisk-estiske grensa. Men for flytrafikken har lite endra seg, for der ville dei vente med å fullføre implementeringa. Passfridomen kjem her saman med innføringa av sommarruter den 30. mars. Samstundes vil det nye Schengen-tilpassa tilbygget ved Tallinn lufthamn Ülemiste bli teke i bruk.
Snart er det altså passfritt på flyplassane òg. Frå grensevakta si side, vel å merke.