9. mai 2007

Meir enn 300 personar har samla seg ved bronsesoldaten

Meir enn 300 personar har samla seg ved bronsesoldaten på krigskyrkjegarden i Tallinn, melder EPL. På den gamle staden på Tõnismäe er det derimot fleire journalistar enn det er blomsternedleggjarar.

Dette er eit positivt signal som tyder på at estlandsrussarar -- sjølv om dei gjerne ikkje likte måten flyttinga vart gjort på -- har byrja å akseptere monumentet på den nye staden. Så langt ser det ut for at oppfordringane frå aktivistar i den russiskstemte organisasjonen "Nattevakta" til å boikotte den nye staden og i staden gå med blomster til Tõnismäe, ikkje har vunne fram.

Oppdatering 10. mai: I løpet av dagen kan inntil 10 000 personar ha vitja bronsesoldaten, melder Postimees. Folk kom og gjekk kontinuerleg. Dagen etter ligg det framleis eit "hav av blomar" rundt statuen.

Ingen kommentarer: