21. mai 2007

Tivolibrannen i Rakvere -- Estland får nye ting å tenkje på

Etter at det estiske mediabiletet i lang tid har vore dominert av ein viss tematikk, har dei siste par dagane vore prega av tivolibrannen i Rakvere. Det var seinkvelden den 18. mai at redningstenesten fekk inn melding om brann i ein karusell på tivoliet i Rakvere.
Det er ikkje usannsynleg at brannen kan vere påsett.
Ingen omkom i brannen, men 41 personar har vore innom sjukehuset i Rakvere til kontroll,
av dei hadde 31 personar skadar. To mindreårige var skadde, men det er ikkje snakk om livstrugande skadar for nokon involverte.
I etterkant har brannen utløyst ein debatt om kontrollsystem for tryggleik ved tivoli og liknande stader. Fram til no har eigaren nærast stått åleine med det tekniske ansvaret.
(Kjelder: EPL, Postimees)

1 kommentar:

Anonym sa...

Andre ting å tenke på i tillegg til de russiske angrepene - ja! Men Russlands angrepskrig mot Estland fortsetter med stor styrke.

Jostein Langmyr