7. mai 2007

EU og NATO aksepterer stillteiande revisjonisme?

Den russiske utenriksministeren brummar igjen. Lavrov er ikkje nøgd med at Europa og NATO med si støtte til Estland implisitt aksepterer revisjonisme og omskriving av historia om andre verdskrigen.

Om Lavrov verkeleg trur på alt han seier kan vi vel ikkje vete sikkert. Personleg har eg vondt for å tru at mannen er så dum.

Det er to galne premiss i påstandane til Lavrov:
  1. Ingen fornuftige, moderate krefter i Estland ville finne på å skulle forsvare eller rehabilitere Hitler, nazismen eller Nazi-Tyskland, slik Lavrov påstår at dei gjer. Folk som måtte kome med slike utsegn er like ekstreme her som andre stader. Det politiske etablissementet i Estland -- frå høgre til venstre -- vil seie at Estland hamna mellom borken og veden, men ikkje at korkje Stalin-borken eller Hitlen-veden var noko å skryte av.
  2. Vesten har aldri brukt dei sovjetiske lærebøkene i historie som det ser ut for at Lavrov hentar si historietolking frå. I demokratiske europeiske land er det ikkje naudsynt å skrive om noko som helst for å innsjå at Stalin ikkje var særleg betre enn Hitler. Det har faktisk vore akseptert lenge.
(Min kommentar til http://www.epl.ee/artikkel/384884 )

Ingen kommentarer: