23. mai 2007

EU-parlamentet drøfta støtteresolusjon om Estland

EU-parlamentet i plenum drøfta i går ein resolusjon om situasjonen i Estland som skal opp til røysting i morgon.
Hovudpunktet i resolusjonen er solidaritet med Estland ut frå at Estland som sjølvstendig stat har handla ut frå allmenne europeiske normer og at Russland har blanda seg inn i indre tilhøve i Estland.
Resolusjonen legg vekt på at både koordering av uro frå russisk side, beleiring av den estiske ambassaden og åtak på ambassadøren, elektroniske åtak, skjulte økonomiske sanksjoner eller krav frå statsduma-delegasjonen om at den estiske regjeringa skal gå av, er heilt uakseptable.
"Innblanding i Estlands indre tilhøve er heilt uakseptabelt," sa mellom anna nestleiar for den sosialdemokratiske fraksjonen, Jan Marinus Wiersma. Han meinte at det er opp til Russland å gjere sitt beste for å komme i dialog med Estland og Latvia.
Dei estiske EU-parlamentarikarane som deltok under drøftinga var Tunne Kelam, Toomas Savi, Andres Tarand og Katrin Saks. Representantane avviste påstandane som Vladimir Putin la fram under toppmøtet i Samara om at Dmitri Ganin, som omkom 27. april, ikkje skulle ha fått medisinsk hjelp. "Nok ein gong tok Russland i bruk direkte løgn," sa Andres Tarand.
(Postimees 22.05.07).

Ingen kommentarer: