8. mai 2007

Innanriksminister Jüri Pihl: Vi er klare for morgondagen

I morgon er det 9. mai, dagen då andre verdskrigen slutta etter sovjetisk tidsrekning. Det er faktisk same freden som blir feira den 8. mai i Europa -- men sidan avtalen var underskriven etter klokka elleve om kvelden sentraleuropeisk tid, var det alt 9. mai i Kreml.

Men i Estland har det altså heilt sidan uroa som braut ut 26. og 27. mai vore snakk om korleis det kjem til å gå den 9. mai, dagen som har tradisjon for dei større markeringane frå russisk side.

Ifølgje EPL seier innanriksminister Jüri Pihl at politiet og ordensmakta no er klare for å takle morgondagen. Han lovar at det ikkje kjem til å bli nokon reprise på herjingane for to veker sidan.

Ingen kommentarer: