8. mai 2007

Estiske statsleiarar: vi har ei felles framtid

Avisene Postimees og Eesti Päevaleht gjengav ei felles erklæring frå president Toomas Hendrik Ilves, parlamentsforkvinne Ene Ergma og statsminister Andrus Ansip, der dei la vekt på at alle i Estland har rett til å feire sine sigrar og minnast sine tap, men at ein føresetnad for dette er ei verdig haldning både til seg sjølv og andre:

For seksti år sidan var slaga i andre verdkrigen over i Europa. Våpna teidde, men likevel kjentest det som om det finst land som aldri kjem til å forsonast. Dei to verdskrigane som etterlot seg eit tynga og utrygt Europa, i tillegg fiendskapen som hadde gått føre -- alt dette såg det ut til å vere for mykje av, både for storsinna tilgiving og sjølvsikker omgang med kvarandre.

Likevel forsona landa seg med kvarandre og tilgav, og derfor er Europa-dagen 9. mai òg ein forsoningsdag. Den europeiske unionen, som Estland er ein del av, vart til for at valden mellom europeiske land og europearar aldri skulle gjenta seg, for at det skulle skapast trygg grunn for velferd, stabilitet og fredeleg framtid for alle landa i fellesskapet. I dag er det grunn til å gjenta det: vi held fast på at vi, alle som bur her i landet, er europearar. Verdige. Frie. Vi tek vare på og har respekt for kvarandre og for landet vårt.

Krigens gru og smerte spurte ikkje om nasjonalitet. Dei lidingane fekk alle kjenne som vart dregne inn i krigen. Og alle som vi tapte i krigen, dei sørgjer vi over.

For mange tyder slutten på andre verdskrigen siger over tyranniet og for mange overgangen frå eit valdeleg regime til eit anna.

Men historie korkje underviser eller lærer vi i gatene. Estland kjenner verdien av eit fritt og demokratisk samfunn, og her får alle feire sine sigrar og minnast sine tap. Men føresetnaden for dette er ei verdig haldning til seg sjølv og andre.

Vi har tru på at innbyggjarar Estland er kloke, balanserte og ønskjer å ta vare på landet sitt.

Vi har ei felles framtid. Våre eigne i Estland. Og Estland i Europa.


Republikkens president Toomas Hendrik Ilves

Leiar for parlamentet Ene Ergma

Statsminister Andrus Ansip


Originaltekst: EPL, Postimees.

Ingen kommentarer: