10. mai 2007

Skuldingar om brot på menneskerettane avvist av statsminister Ansip

Den internasjonale menneskerettsføderasjonen FIDH kjem i ei erklæring med skuldingar om urimeleg maktbruk frå politiet under opptøya i Tallinn og krev samtidig at Estland skal gjere slutt på all diskriminering av russiskspråklege i Estland.

Statsminister Ansip svarar på ein pressekonferanse at det i Estland "ikkje er diskriminering og brot på menneskerettane som det er verd å etterforske. Den som kjenner seg urettvist behandla, har hatt høve til å klage dette inn for retten. Rettssystemet vårt fungerer effektivt og om det har forekome brot vil dei episodane bli løyst i retten," slik Postimees gjengir han.

***

Det vanskelege i spørsmålet om diskriminering er det grunnleggjande spørsmålet om den russiske minoriteten i det heile skal sjåast som ei innvandrargruppe som treng integrering i det estiske samfunnet. Ettersom store delar av minoriteten det er tale om ikkje sjølv vil sjå seg slik, vil ein estisk minoritets- og integrasjonspolitikk som er fullt ut i samsvar med vestlege standardar, likevel subjektivt opplevast som urettferdig og diskriminerande, ettersom integrering òg stiller krav til minoriteten.

Ingen kommentarer: