6. mai 2007

President Toomas Hendrik Ilves: Vi greier å bli samde om ei felles framtid

Eg gjengir i rask norsk omsetjing talen til Estland president i samband med hendingane:

Kjære landsmenn! Denne vårdagen ønskjer eg å snakke svært direkte med dykk.

Den siste veka har skuffa meg. Eg er skuffa, fordi det i Estland finst personar, som ikkje har respekt for sine medborgarar eller for staten og samfunnet dei lever i. Skuffinga blir heller ikkje mindre av at eg veit at det alt i alt er svært få slike personar og at aktiviten deira for ein stor del er provosert eller oppegga ein annan stad ifrå.

Vi må ærleg innsjå med oss sjølv at målet for stridshissarane er eit nedrig ønskje – at estarar og russarar ikkje skal komme overeins med kvarandre. Men vi må skuffa stridshissarane, for vi let oss ikkje hisse til strid. Dette er det beste høvet vi har til å vise oss som større enn dei som manipulerer oss. Eg veit at landet vårt er rikt på både kloke estarar og kloke russarar, og eg veit at ingen av dei er dumme nok til å late seg påverke av tannlause bråkmakarar.

For eit par dagar sidan fann eg på ei nettside ein fotoserie om Tallinn som var lagt ut av av ei ung kvinne som bur i Estland og heiter Maria, og overskrifta var svært treffane – «Vi er russarar, men heimlandet vårt er Estland». Takk skal du ha, Maria!

Vi må vere ærlege, dei fleste av våre russiskspråklege landsmenn var på Estland side i løpet av dei urolege dagane og nettene siste veka. De var med oss alle, det var for ro og tryggleik, og det takkar eg dykk for. Lat oss ikkje føre vill av dei som i nattemørket plyndra butikkar, og som før eller seinare uansett hadde funne eit høve til å stele. Politiet og rettssystemet vårt tek seg effektivt av dei.

Dei siste dagane har lærdom for alle som er glade i Estland. Som estarar må vi forstå at det i Sovjet-tida kom menneske til Estland som no bur i den estiske republikken og at deira born og barneborn er våre landsmenn. Eg oppfordrar mine estiske nasjonalfeller til å forstå dette heilt tydeleg. Samstundes oppfordrar eg alle landsmenn til å sjå den estiske staten som sin.

Sanninga er enkel: Alle vi som bur i Estland kjem til å bli buande her. Siste veka til trass. Saman. Side om side.

Andre folkeslag som bur i Estland må forstå og anerkjenne at estarane har sine historisk svært smertefulle røynsler frå livet under dei tre okkupasjonane siste hundreåret. Vi må alle kunne sjå og forstå også dei andre sine tragedier. Greier vi det, då veit eg sikkert at vi skal greie å bli samde om ei felles framtid.

Kjære landsmenn,

eg oppfordrar dykk til å vere urokkelege, verdige og venlege. Kjenner de at de ikkje alltid forstår kvarandre, så snakk saman. I denne kommunikasjonen treng vi ingen mellommann som eigentleg har som mål å setje oss opp mot kvarandre. Den estiske staten snakkar med alle, bortsett frå med dei som driv med hærverk og stridshissing, dei er det etterforskarar og dommarar som snakkar med.

Lat oss gi det vakre ordet «nasji», «våre eigne», som no diverre blir nytta i Kreml-propagandaen for å spreie usann informasjon og fiendskap, ei ny tyding. Alle dei som ser Estland som sitt eige land, er våre «nasji».

Og nett til dykk seier eg, lær dykk estisk, kom dykk fram i verda, ver glade! Og staten vil støtte dykk. Staten har plikter overfor dykk, slik de òg har plikter overfor staten.

Historia om bronsesoldaten er over. Bronsesoldaten og leivningane etter dei som låg gravlagde der får seg ein ny, verdig stad ved gravlunden. No er det tid for å slutte å utnytte minnet etter krigsofra til politiske eller andre upassande formål.

Estland er eit fritt og demokratisk land. Vedtaka til den estiske regjeringa kan alltid kritiserast og motarbeidast med lovlege middel. Som president vil eg derimot love at alle freistnader på å gå til åtak mot Republikken Estland med ulovlege middel òg i framtida utan nøling vil bli slått ned. Den estiske staten har respekt for seg sjølv og vil korkje no eller i framtida akseptere åtak retta mot staten.

Til slutt vender eg meg til Estlands granneland Russland og seier det tydeleg – prøv å oppføre dykk sivilisert! I Europa er det ikkje skikk og bruk å krevje at den demokratisk valde regjeringa i ein suveren stat skal gå av. I Europa er det ikkje skikk og bruk å organisere datastyrte hacker-åtak mot statlege institusjonar i eit anna land. I Europa som elles i den siviliserte verda meiner ein ikkje at Wien-konvensjonen kan brytast, berre det er ambassaden til eit lite nok land det gjeld.

I Europa er det vanlege at usemje, som frå tid til annan oppstår mellom land, blir løyst av diplomatar og politikarar, ikkje i gatene eller med datakrig. Slik oppfører statar seg nokre andre stader, men ikkje i Europa.

Originaltekst: Postimees, 03.05.2007

Ingen kommentarer: