10. mai 2007

Forfattaren Mihkel Mutt om integrasjon i Europa og Estland

I ein kronikk i Postimees jamfører den estiske forfattaren og redaktøren i litteraturtidsskriftet Looming innvandrings- og integrasjonspolitikken i fleire europeiske land, med Estland.
Han påpeikar mellom anna det finst ulike tilnærmingar, men at det som skiljer integrasjonen i Estland frå vesteuropeiske land er at dei som frå estisk perspektiv framstår som innvandrarar, ikkje ser seg sjølve slik.
Han meiner at denne skilnaden er viktig og at det det finst to slags diskriminering: medviten diskriminering, som han ser som heilt uakseptabelt, og umedviten diskriminering, som diverre vil finnast i alle samfunn til alle tider. Den som ser seg sjølv som innvandrar, vil ei stund gjere ein dobbelt innsats for å vinne fram og innta sin plass i samfunnet trass i slike umedvitne fordomar. Den store utfordringa i Estland er at den russiske minoriteten av historiske grunnar manglar ei sjølvforståing som innvandrarminoritet, meiner Mutt, som òg presiserer at målet sjølvsagt ikkje er assimilasjon, men eit koherent og fungerande samfunn.
Han meiner at slik som dei offisielle parolene om venskapen mellom folka i Sovjet-tida berre vart trudd av russarane, har trua på den vellukka integrasjonen på liknande vis vore einsidig frå estarane si side. Men Mutt er ikkje berre pessimistisk, han trur at det har skjedd positive utviklingar og at det finst von, dersom ein tek lærepengane frå den siste tida på alvor.

Ingen kommentarer: