10. mai 2007

Statsminister Ansip: hendingane var eit sjokk for heile verda

Ifølgje Andrus Ansip var hendingane i slutten av april og byrjinga av mai eit sjokk for heile verda, slik EPL referer den estiske statsministeren i kveld.

"Det at det vart manipulert med media, hacker-åtak, krava frå den russiske statsdumaen om at regjeringa skal gå av, åtaka på ambassaden vår i Moskva, er ikkje akseptabel åtferd frå ein av EUs strategiske partnarar," sa statsministeren til TV3-nyheitene.

Dei største spenningane meinte likevel statsministeren at Estland gjennomlevde den 26. og 27. april. Han uttrykte glede over støtta til Estland som både EU og NATO har uttrykt.

"500 millionar menneske i EU har vore med oss," sa Ansip.

Ansip slo òg fast at alle skuldingar om brot på menneskerettane vil bli kontrollert, men at ingen brot er fastslege så langt. Statsministeren sjølv seier seg nøgd med politiets arbeid.

Ingen kommentarer: