12. mai 2007

Brevet frå Sergei Lavrov til EU-landa

Russland utanriksminister Sergei Lavrov er ikkje nøgd med at EU ikkje refsar Estland for "fascistiske tendensar". I denne samanheng sende han eit skarpt brev til EU-landa. Eg gjengir fri omsetjing av brevet slik det har stått i estisk presse.

Grunnen til at eg vender meg til dykk er urovekkjande utviklingar i samband med monumentet over frigjeringssoldaten i Estland.
Dei kan ha følgjer som går lengre enn rammene for russisk-estiske bilaterale tilhøve.
Situasjonen i Tallinn tek ei svært dårleg vending. Politiet driv no med spreiing av demonstrantane som forsvara monumentet. Eit titals personar fekk lide under overdriven maktbruk frå dei estiske styresmaktene Ein russisk statsborgar, permanent busett i Estland, er død. Samfunnet er i ferd med å splittast.
Vi oppfordra dei estiske styresmaktene gjentekne gonger om ikkje å setje i verk praktiske tiltak for demontering av monumentet eller flytting av leivningane etter sovjetiske soldatar. Desse soldatane gav livet sitt for å frigjere verda frå fascismen. Liknande henvendingar fekk dei estiske styresmaktene òg frå pårørande til soldatane gravlagde ved monumentet. Diverre vende Tallinn dei døyve øret til desse henvendingane.

Vi meiner at dei blasfemiske og groteske handlingane frå Estlands styresmakter er ei utfordring for det demokratiske samfunnet i heile verda, undergrev humanistiske og moralske grunnprinsipp og trassar alle verdiar som vårt moderne levevis byggjer på.

Stillteiande samtykke

Sameleis er det svært urovekkjande at ei rekkje land som er stolte over sitt demokrati og sin toleranse, syner støtte til Estlands handlemåte, og opplever situasjonen no meir som ein faktor i bilaterale tilhøve. Dei gir sitt stillteiande samtykke til kjensgjerninga at ved å jamføre heltebragdene til frigjeringssoldatane med brotsverka til nazistane og kollaboratørane deira, freistar styresmaktene i Estland å skrive om historie og omdefinere rolla til dei allierte i sigeren over fascismen under andre verdskrigen.

Historia lærer seg at aksept av uttrykk for nynazistiske kjensler i visse land kan utvikle seg til ein global tragedie. Uavhengig av kva vurderingar den eine eller andre politikaren måtte gi eller kva disputtar historikarane fører, er minnet om dei falne heilag. Meir enn det - heltar, som gav livet sitt for lukka og fridomen til komande genarasjonar, må ikkje bli offer for politisk spel. Vi er forplikta til å forsvara dei som ikkje lenger kan forsvare seg sjølv mot alle slags gravopnarar.

Vi forventar at handlemåten til dei estiske styresmaktene blir adekvat vurdert særleg av Estlands partnarar i Europa og i transatlantiske organisasjoner, likeeins i Europarådet og OSSE.

Russland, som har betalt ein forferdeleg pris for sigeren over fascismen, kan ikkje vere likesæl til utviklingar der det heilage historiske minnet blir gjort til gissel for kortsiktige politiske krav. Hendingane i Tallinn har utløyst ei bølgje av skarpe protestar og fordømming på alle nivå i det russiske samfunnet, og det kan på alvorlegaste måte påverke vårt tilhøve til Den europeiske unionen og til NATO.

Eg trur at EU vil bruke dei verkemidla unionen rå over for å påverke Tallinn til å stoppe uretten som dei estiske styresmaktene har fått i stand.

***

Den jamne estar har lite tru på at Russland nokon gong kjem til å be om forlating for okkupasjon og terror. Og det kan ein òg greie seg utan. Men det er vondt å oppleve at ei stormakt set alle ressursar inn på å syne at det først og fremst er deira lidingar som er heilage og ærefulle.


***

EPL kommenterer brevet i ein replikk med overskrifta "Hakk i plata":

Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov sendte medlemslanda i EU eit klagebrev retta mot Estland som ikkje innheld noko nytt. Som de kan lese her i avisa skuldar han på den eine sida estiske styresmakter som ifølgje Lavrov har nytta makt mot demonstrantar, og på den andre sida kjem han med skuldingar om at Estland skriv om historia og rehabiliterer fascimen.

Baktanken med eit slikt klagebrev er heilt klart å slå ein kile inn i den heilt klare støtta til Estland som har rådd i EU til no, men det er ikkje truleg at Russland lukkast denne gongen. Russlands eigne handlingar, og ikkje berre mot Estland, har den siste tida vore av ein art som har redusert truverdet svært mykje. Derfør bør vi heller ikkje ta brevet frå Lavrov så tungt.

Ingen kommentarer: