9. mai 2007

HUMOR: Reklame, langsinte statuer og skjellsordbøker

Midt i alvorlege spørsmål og store utfordringar er det heller ikkje mangel på humor og skråblikk i Estland.

Etter herjingane i Estland dukka det på internett ganske fort opp manipulerte "reklamebilete" som marknadsførte Sprite, Hugo Boss, Armani og andre merkevarer med bilete av butikkherjingane opprørsnatta i Tallinn. Og bileta ser nesten ut til å passe godt. Eitt av merka er United Colors of Benetton, og for deira del ser det faktisk ut som ein kampanje dei kunne ha hatt ein gong.

Kvar veke har sketsj- og vitsemakaren Henrik Normann ei satiresending om hendingane den siste tida. I sist sending var temaa det vekelange alkoholforbodet i Estland, der drosjesjåførar vart framstilt som opportune spritlangarar. Han spela òg estisk nasjonalist som skulle ha vore i Moskva og demonstrert med estisk flagg. Han fortel reportaren korleis han og kameratane knuste eit varehus i Moskva og korleis den russiske militsen (politiet) etterpå presterte å gje dei berre firestjerners hotell i staden for femstjerners. Mange lag og doble botnar her, altså. Det bør kanskje nemnast for eit norsk publikum at det for tida er farleg å vise seg med eit estisk flagg i Russland, om du då ikkje har tenkt å brenne det.

Avisa Äripäev (estisk "Dagens Næringsliv") berettar på den satiriske sistesida i sist helgeutgåva om at borgarmeisteren i Tallinn, Edgar Savisaar har funne ei løysing på problema. Det har nemleg lukkast han å få tak i originalteikningane til Berlinmuren, og han meiner at det ikkje skal by på større problem å kopiere han i Tallinn.
Same avis fortel (sjølvsagt på same vitsesida) om at regjeringa ved utdanningsminister Tõnis Lukas no vil ta dei tospråklege læreplanene i russiske skular langt meir på alvor, og at dei i den samanheng har bestil ei ny ordbok. Ordboka som skal vere ferdig for utsending til skulane den 1. september er "Russisk-estisk skjellsordbok," og ministeren meiner altså at ei slik bok kan verke som ei bru mellom dei estiske og russiske folkegruppene.

Og den kjente karikaturteiknaren Urmas Nemvalts slår i Postimees i dag til med ei teikning av Ansips kransnedlegging ved bronsesoldaten. "Ikkje ver langsint då, gamle gutt!" er bodskapen frå statsministeren, ifølgje karikaturisten.

Ingen kommentarer: