3. juli 2009

Umyndig eller 90-årsjubilant?

I fjor feira den sjølvstendige republikken Estland 90-års-jubileum. Nabolandet Russland legg til grunn at den same republikken då var ein umyndig syttenåring. Den ulike forståinga er ein nøkkel til å skjøne kvifor det er så mykje turbulens mellom grannane.

Estland og dei andre baltiske statane vart sjølvstendige i 1918 og har aldri slutta å eksistere. Dei vart ulovleg okkuperte av Sovjetunionen, først i 1940 og på nytt i 1944. Landa gjenoppretta sjølvstendet i 1991, dei siste russiske soldatane forlét Estland i 1994. Dei fleste vestlege landa godkjende aldri anneksjonen de jure, og institusjonar i eksil var berarar av kontinuiteten. Difor er dei baltiske landa prinsipielt noko anna enn andre «etterfølgjarstatar» til Sovjetunionen. Difor har dei som hadde røter i statane frå før krigen, særlege rettar. Dette er òg bakgrunnen for at det blir stilt krav om ein viss kjennskap til språk og kultur for at seinare innvandrarar skal få statsborgarskap. Det estiske prinsipielle synet handlar altså kort sagt om at det var ein folkerettsleg realitet at dei i sovjettida var ein suveren stat som vart ulovleg kolonisert.

Russland har eit ganske anna syn på saka og har heilt sidan Sovjetunionen fall, rekna Baltikum som eit område som høyrer naturleg til i deira interessesfære. Eit ferskt døme på det er eit lovframlegg som skal handsamast i Statsdumaen i Moskva som mange tolkar som eit svar på vedtaket i EU-parlamentet frå 2. april i år om europeisk samvit og totalitarisme. Russland har ei rekkje gonger kome med skuldingar om revisjonisme og rehabilitering av fascisme og nazisme i ein del europeiske land, særleg i Baltikum, men òg i Polen og Ukraina. I mange av tilfella har årsaka til irritasjonen eigentleg vore jamføring av dei kommunistiske regima med nazistiske og andre totalitære og valdelege regime, noko EU-vedtaket gjekk langt i å gjere til offisiell europeisk politikk. Det uroande vidt formulerte russiske lovframlegget kriminaliserer medverking til rehabilitering av nazistar og kollaboratørane deira. Det mest provoserande for Estland og dei andre baltiske landa er jurisdiksjonen, som er alle etterfølgjarstatar etter Sovjetunionen – eksplisitt medrekna dei baltiske landa – men altså ikkje andre land. Dette kan lesast som at den estiske staten i dag er fødd 20. august 1991, ikkje 24. februar 1918, og at Russland har særlege rettar i landet.

Kommunisme versus nazisme
Lovframlegget er bore fram av eit grunnsyn mange russisktalande i Estland deler, nemleg at det er blasfemi å samanlikne Sovjetunionen og Nazi-Tyskland, fordi Sovjet ofra så mykje for å knuse nazismen. Her finn vi bakgrunnen for striden om flyttinga av «bronsesoldaten» i Tallinn i 2007. Det handlar om at det for russarane er ein heilag verdi å kunne definere sine (for)fedrar som heltar og frigjerarar som sigra over den umenneskelege fascismen, medan den estiske vonde erfaringa er at dei same «frigjerarane» var okkupantar og seinare kolonistar i teneste for ei anna totalitær og like umenneskeleg okkupasjonsmakt.

Den sovjetisk okkupasjonen påførde landet enorme lidingar. Fleire titusen vart deporterte, hundre tusen utsette for stalinistisk terror. Éin ting er at Russland meiner landa gjekk frivillig inn i unionen, og når Estland konfronterer Russland med terroren, vil ein vanleg respons vere at det var vanskelege tider, at dei som hadde ansvaret, ikkje er identiske med den russiske staten i dag, og at det russiske folket fekk lide minst like mykje under dei destruktive sidene ved systemet. Alt dette er i og for seg sant, men samstundes i direkte strid med den dyrkinga av sigeren som moderne russisk nasjonsbygging legg så stor vekt på. Når ingen lenger har noko medansvar for ugjerningane, korleis kan Russland samstundes arve æra for å ha knust nazismen?

Grensestrid
Spørsmålet om kor gammal Republikken Estland er, ligg òg under overflata i det uløyste spørsmålet om grenseavtale. Den estisk-russiske grenselinja er i praksis ESSR-grensa som okkupasjonsmakta fastsette etter krigen. Dette gjer landet fem prosent mindre enn det var i mellomkrigstida. Estland er villig til å akseptere dette tapet, og difor kom dei to landa så langt at ein grenseavtale vart underteikna. Før ratifisering av den underteikna avtaleteksten i parlamentet la Estland til ei historisk innleiing som nemnde Tartu-freden frå 1920. Dette fekk den store grannen i aust til å trekkje tilbake sine underskrifter. Dette er bakgrunnen for at ein del av EUs og NATOs austgrense framleis er ei mellombels kontrollinje.

For Russland er det mykje som står på spel. Ei anerkjenning av at Estland i heile sovjettida var ulovleg okkupert, opnar i prinsippet både for territorielle og økonomiske krav, og sjølv om Estland truleg vil avstå frå slike, er perspektivet skummelt nok. Like skremmande er det at ei anerkjenning av den vonde sanninga om okkupasjonen ville gjere det langt vanskelegare å byggje den nye nasjonale identiteten på krigsromantikk og dyrking av heltestatusen frå krigen.

Objektivt sett måtte det nye sjølvstendige Estland bli ein hybrid, kjenneteikna både av å vere ei gjenoppretting av den gamle staten og av å måtte hanskast med arven frå sovjettida. Men kontinuiteten kan ikkje kastast på båten som prinsipp for sjølvstende. Det ville vere å snu situasjonen på hovudet, og landet ville sitje att med potensielt medansvar for sovjetisk statsgjeld og ikkje minst vidareføring av ei privilegert stilling for dei gamle undertrykkjarane. I ytste konsekvens ville det vere ei anerkjenning av at det er greitt å kolonisere ulovleg okkuperte statar, så lenge ein held stillinga lenge nok til å ha «hevd» på det oppnådde.

«Omvendt apartheid»
I det siste har fleire polemiske røyster, òg i Noreg, kalla krava til naturalisering av Sovjet-innvandrarane for «apartheid». Bakgrunnen er at vel ein tredjedel av dei russiskspråklege framleis står utan statsborgarskap. Det er utan tvil vanskeleg for russarar i det gjenoppretta Estland å finne sin identitet, men skal ein først jamføre med sørafrikanske tilhøve, er det meir nærliggjande å sjå nykomarane frå sovjettida som dei kvite, tidlegare privilegerte. Estarane måtte bite det i seg. Mange av dei russisktalande veit difor den dag i dag ikkje korleis det estiske folket eigentleg opplevde okkupasjonsåra og kor privilegerte dei sjølve var. Dei trudde alt var i orden, og greier ikkje å tolke det som kjem fram som anna enn aggressiv estisk sjåvinisme. Ved å manipulere denne tilstanden av sjokk og forvirring med ein massiv kampanje som konstruerer ei stor forteljing om russiske frigjerarar og «baltisk fascisme», gjer Kreml situasjonen langt vanskelegare.

Når begge partar meiner den andre har mest å be om forlating for, finst ingen enkle utvegar. Begge partar har eit ansvar. For Estland er det likevel utelukka å late den tidlegare okkupasjonsmakta definere korleis dei skal oppleve eiga historie. Arvtakaren til ei totalitær supermakt har eit særleg ansvar for å ta på alvor dei såra forgjengaren har påført nabolanda. Difor sit òg Russland med nøklane til forsoning mellom folkegruppene i Estland.

Denne kronikken står på trykk i Dag og Tid i dag. På nett: http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1549

9. apr. 2009

Offer og andre overgriparar?

Den 6. april hadde Bjørn Nistad ein interessant og fyldig kronikk i Klassekampen under overskrifta «Ofre og overgripere». Det er mykje ein kunne kommentert i den velskrivne og provoserande kommentaren, så eg kan jo byrje med det eg er samd med Nistad i: Det er absolutt rett at baltarane (og konkret estarane) bør erkjenne at historia ikkje er noko enkelt svart-kvitt-forteljing der dei sjølve alltid er offer. Dette er ein problematikk som er svært forståeleg på psykologisk grunnlag, og like vanskeleg å finne lettvinte løysingar på. Mange estarar forstår dette alt i dag, og eg helsar velkommen ønsket om ei nyansert historieforståing.
Når dette er sagt, synest eg ikkje at ein norsk lesar sit att med noko særleg nyansert bilete etter å lese kronikken i Klassekampen. Det er vesentleg skilnader mellom dei baltiske landa, så i det vidare vil eg halde meg til å kommentere den estiske situasjonen, som eg kjenner best. Det er tydeleg at Nistad kjenner den russiske versjonen av historia frå innsida, medan han kommenterer situasjonen for estarane som ein (informert men ikkje nøytral) utanforståande. Ei ærleg sak, det.

Kronikkforfattaren slår an tonen med å fortelje om den kreftsjuke Arnold Meri som mellom anna har vore leiar av Estlands antifascistiske komité og som har vore «plaget av en rettsprosess der estiske myndigheter hadde prøvd å få ham dømt for folkemord». Min første reaksjon når eg les denne retorisk effektive opninga er at ein gjennomsnittleg norsk lesar neppe vil ha ei forståing av kva Estlands antifascistiske komité er, langt mindre kva tyding ordet fascist vil ha for ein estar i denne samanhengen. Eg må bruke litt plass på å klargjere dette, ettersom ordet «anti-fascistiske» er eigna til å vekkje sympati hos norske lesarar.

For estarane er det ein del av den grunnleggjande livsopplevinga at dei i 50 år var fråtekne historia si. Dei som gjorde ein innsats for den sovjetiske sida, vart offisielt heidra og dekorert, og som Nistad er inne på hadde nok mange av dei ærlege nok motiv, uansett om den estiske opinionen ser dei som landssvikarar i dag. Men alle dei som kjempa mot den ulovlege okkupasjonen måtte vente eit halvt hundreår før dei fekk lov til å fortelje si historie, og den historia var at dei såg på tysk uniform som det einaste høvet dei hadde til å verje fedrelandet sitt. Når så mykje undertrykt historie og fortrengde minne kjem til overflata, og når offisiell sovjetisk propaganda har diskreditert seg sjølv så mykje at ein estar ikkje lenger vil tru på dei delane av den versjonen som trass alt var sann, er det mykje forlangt å vente at alt som kjem opp er særleg nyansert.

Men tilbake til den historiske forståinga av omgrepa fascisme og antifascisme: Estland har aldri hatt noko vesentleg organisert politisk rørsle som svarar til vanlege definisjonar på fascisme. På 1920-talet var Republikken Estland på mange måtar ein freistnad på å skape eit mønster-demokrati, men valordningane førte til ustabilitet og for små fraksjonar, og dette var med på å undergrave demokratiet. På 30-talet bana dette vegen for mindre demokratiske krefter og mildt diktatur, men ikkje for noko ein kan kalle fascisme. Det næraste måtte då vere den populære rørsla kring veteranane frå fridomskrigen (VAPSane), men statskuppet til krinsen kring Konstantin Päts og etableringa av regimet før andre verdskrigen var om noko eit kupp for å hindre at slike krefter skulle kome til makta. Vi kunne med ein viss rett hevde at kuppet var eit «anti-fascistisk statskupp».
Då den andre verdskrigen kom, og mange estarar etter kvart kjempa i tysk uniform, hadde dette ikkje noko å gjere med fascismen som ideologi. Det var det høvet dei såg for å forsvare landet mot eit regime dei hadde sett før – Stalin-regimet. Utan tvil fanst det krigsforbrytarar blant estarane på «tysk» side, og dette er noko Nistad kan ha rett i at mange estarar har vanskeleg for å takle. Men det gjer ikkje fascismen til nokon estisk ideologi.

Men så skjer det som på mange måtar har gjort orda fascisme og antifascisme til ubrukelege ord i estisk samanheng: Då Sovjetunionen går sigrande ut av verdskrigen, blir fascisme eit generelt skjellsord for alle estarar som ikkje er begeistra for sovjetmakta. Sjølvsagt blir alle dei som av ein eller annan grunn samarbeidde med tyskarane til fascistar, men det er berre byrjinga. Dei fleste estarar vil ha opplevd at nokon (som regel russisktalande) har kalla dei fascistar, og særleg var dei av estarane erke-fascistar som gav uttrykk for at dei ikkje såg på Sovjetunionen eller Russland som den store frigjeraren.
Det er dette ein estar høyrer når han eller ho høyrer om Estlands antifascistiske komité. Og mykje tyder på at dette heller ikkje ligg langt unna den tydinga komiteen sjølv legg i det. Dei fleste av medlemmene er russarar, i tillegg var altså same Arnold Meri aktiv saman med forfattaren Uno Laht som har ei fortid i NKVD, forgjengaren til KGB.
Komiteen har som føremål å granske nynazististisk ideologi og fiendskap mellom etniske grupper og slike tendensar i den estiske statsmakta. Underforstått: Dei meiner den estiske staten i dag har fascistiske og nazistiske tendensar.
Det er mykje ein kan kritisere den estiske staten for, men dette verkar likevel som ein bom på målet, og blir best forståeleg i lys av den bruken av «fascist» som estarane berre har vorte så altfor kjent med. Og det tristaste av alt er at nettopp denne bruken ofte er med på å gjere det nesten umogleg å få til ein fornuftig offentleg samtale om fascisme og nazisme i Estland.

Men så til prosessen mot Meri. At denne ikkje skulle vere ei rettferdig rettssak men ein propagandistisk farse er noko alle estarar har høyrt før, men då frå russisk side, der dei er altfor vane med å høyre ting som ikkje er sant. Om det skulle vere sant, har Russland sanneleg ikkje gjort det enkelt for estarane å innrømme det. Men det er heller ikkje grunn til å ta det for god fisk at det skulle vere rein propaganda å gjere etterkrigstida i Estland til ei kriminalhistorie. På mange måtar var det akkurat det ho var, og anten deportasjonane etter formelle definisjonar var folkemord, brotsverk mot menneska, eller noko anna, var dei eit så djupt traume for det estiske folket at det kjem til å ta mange tiår enno å kome over det. Ikkje minst fordi ein aldri har hatt høve til å ta oppgjeret før.

Dei 251 personane, blant dei spedborn og personar som ikkje kan ha hatt skuld i noko som helst, som vart sende til Sibir i krøttervogner, ein stor del av dei for å døy, fekk ikkje nokon rettargang, langt mindre fikk dei utsetjing eller fritak for å møte i retten på grunn av dårleg helse. Alt dette fekk Arnold Meri.
Det er godt mogleg han på sett og vis var ein ærleg og heilstøypt mann som heile livet meinte han kjempa for gode motiv. Men det gjer ikkje medansvaret hans for deportasjonane mindre. Vi får aldri vite kva dommen ville blitt, men etter sjølv å ha høyrt Arnold Meri fortelje i intervju at han såg på det han var med på som heilt vanleg reinsing av strategiske område for farlege element, er det vanskeleg å sjå på det som anna enn nødvendig for den psykiske helsa og rettskjensla til eit heilt folk at ein prøver å ta eit sivilisert oppgjer med dette.

Nistad går vidare med å nemne fem punkt i den baltiske historieforståinga som han meiner er skeiv. Han har nokre poeng, men fleire av dei kan opplevast som stråmannargumentasjon, ettersom det er relativt få estarar som vil ha eit så unyansert syn som analysen kan tyde på.
Eg har alt vore inne på kvifor eg meiner det er heilt villeiande å kalle regima i mellomkrigstida for fascistiske. Nistad har heilt rett i at det er gale å idyllisere desse regima, men dette er eit ukontroversielt standpunkt som ein stor del av den estiske opinionen vel vere samde med han i.
At ein «betydelig del» av folket skulle vere for innlemminga i Sovjetunionen gjer dei ikkje til eit demokratisk fleirtal – og dessutan hadde dei ikkje då sett den terroren som følgde i den første stalinistiske perioden.
Men særleg interessant er kommentaren om at dei hundretusena som «deltok i gjenoppbygginga» blir karakteriserte som okkupantar. Det er klart at det kan opplevast som himmelropande urettferdig for alle dei som trudde dei berre flytta til ein nyoppteken medlem i Sovjetunionen når ein estar kallar dei okkupantar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette vil kjennast som unyansert sett frå russisk side. Og ikkje desto mindre vil det vere reinaste sanning sett frå estisk side. Det var ein okkupasjon med påfølgjande kolonisering, og det at dei hundretusena av russarar som kom ikkje var medvitne om dette opplevde det på ein annan måte, forandrar ikkje saka for estarane.

Det er tendensiøst når Nistad snakkar om det sjølvstendeperioden i mellomkrigstida som ein «parentes» i Baltikums historie. Gjer det at mindre og større stormakter har kjempa om, vunne og tapt herredømmet over områda i fleire hundre år det til ein parentes når urfolket oppnår sjølvstende?
Nasjonalstaten er historisk sett eit nytt fenomen uansett om vi snakkar om Norden, Baltikum eller andre land, og det verkar på ein pussig måte som om kronikken impliserer at denne konstruksjonen skulle vere meir naturleg i Skandinavia. Det er soleklart at tysk adel, svenske generalguvernørar og russiske embetsmenn er ein viktig del av historia om landa. Men størstedelen av folket i Estland var nettopp estarane. I 1934 – før andre verdskrigen gjorde ein tragisk slutt på både den tysk-baltiske og Estlands-svenske minoriteten -- utgjorde dei etniske estarane 88% av folketalet. Rett etter krigen utgjorde dei heile 97% av folketalet – i dag utgjer dei vel 68 prosent.
Det er vanskeleg å sjå på det som følgde som noko anna enn ei kolonisering, uansett kor uskuldige og bortnarra dei enkelte kolonistane måtte vere.

Mange russarar er truleg heilt uskuldige i at dei har fått inn storrussiske, sjåvinistiske haldningar med morsmjølka – men det er desse haldningane som lever når mange russiskspråklige ikkje ser det som relevant eller nødvendig å lære seg estisk. Det estiske folket har opplevd å vere truga av utsletting, og estisk som det einaste riksspråket (men med høve til å nytte russisk på lokalplan) ser – sei gjerne diverre – ut som den einaste løysinga som inneber reell integrering utan at det i praksis er estarane som mistar retten til å bruke morsmålet sitt i eige heimland. At dette er vanskeleg for mange av Estlands-russarane, kan vi godt forstå, og debatten held fram i Estland.


Atten år etter gjenopprettinga av sjølvstendet er estarane framleis prega av eksistensiell angst for å miste fridomen. Velmeinande vestlege meiner ofte dette er reine etterverknader og har lite å gjere med situasjonen i dag, men bur du i Estland lenge nok til å sjå kontrasten mellom samfunnet her og den russiske framstillinga av det, er det vanskeleg å ikkje bli engsteleg når bjørnen brummar.
Ein debatt om meir nyansert forståing av historia er viktig. Men det inntrykket vi sit att med etter å ha lese Nistad, minner likevel altfor om den versjonen Russland nyttar for å fremje sin politikk, som slett ikkje er å late Estland gå vegen mot eit velfungerande demokrati på eigne premissar, men heller splitt og hersk. I ein sum er dei politiske framlegga til Nistad framleis nok til å skremme estarane, og kanskje ikkje utan grunn. Dei minner rett og slett altfor mykje om ein stor, brummande nabo som under flyttinga av Bronsesoldaten kravde at ei lovleg, demokratisk estisk regjering skulle gå av.

Arnold Meri er død, men mange som hugsar deportasjonane i 1941 og 1949 lever. Av dei 920 000 etniske estarane som bur i Estland i dag er det få som ikkje har kjent nokon av dei over 30 000 som vart deporterte eller 100 000 som vart arresterte i etterkrigstida. Å ta tilbake historia om dette og gjennomarbeide ho på ein konstruktiv og balansert måte er ei gigantisk utfordring. Men det verste vi kan gjere er å bagatellisere desse trauma. Jau visst blir det gale å samanlikne deportasjonane med det eineståande tilfellet Holocaust, men for alle dei som faktisk vart sende til Sibir med heile familien og kom åleine tilbake gjer ikkje det saka betre.

29. mars 2009

Arnold Meri er død. Og Russland smir mens liket er varmt ...

Så vart Arnold Meri òg innhenta av det uunngåeelege natt til laurdag, vel tre månader før han ville fylt nitti. Rettsaka mot han er i prinsippet framleis open, men det er truleg at saka no blir lagt til sides. Dei fleste ser det nok som det viktige at han vart stilt til ansvar gjennom det at saka faktisk vart handsama i rettsapparatet.

Men Russland var raskt ute gongen og «smidde mens liket var varmt» - medan Estland helst ville dømme mannen for brotsverk mot menneskja ved deportasjonane under andre verdskrigen, meiner Russland at mannen ikkje er nok heidra for sine «heltegjerningar» gjennom berre frå før å vere Helt av Sovjetunionen, og Russlands president Dmitri Medvedev gav han i tillegg posthumt - få timar etter at han døydde (av lungekreft) - ein ny heidersorden.

Rett nok er det ikkje deportasjonane som utgjer «heltegjerningane» til Meri. Men ein klår illustrasjon på kor langt historieforståingane i dei to landa står frå kvarandre er det like fullt.

23. mars 2009

Kva er det som skjer i Helsingfors i dag?

Det er sanneleg lenge sidan eg har skrive blogg no, kvardagen har vore full av mykje anna, som slett ikkje har vore uinteressant, men heller ikkje blogg-stoff, eller så har eg berre ikkje fått tid til å skrive. I Estland har livet gått vidare, relativt fredeleg får vi seie, trass i at økonomisk vekst no er erstatta av økonomisk depresjon og mangel på arbeidkraft av stadig aukande arbeidsløyse.

Den russiske bjørnen har av og til brumma litt over grensa, men ikkje meir enn vi har vore vane med. Georgia-krigen er over og dominerer ikkje lenger nyhendebiletet., sjølv om det hender det kjem eit lite drypp. Røyrleidninga gjennom Austersjøen er det òg av og til snakk om, men alt i alt er det lite krisestemning og meir business as usual med omsyn til utanrikspolitikk og tryggleik.

Men etterdønningane etter bronsesoldaten, sure grynt fra Nasji og likesinna, ligg jo av og til og murrar under overflata. I Russland finst det framleis mange som ikkje er blide på Estland, og dei er ikkje redde for å bruke sterke ord, anten dei no trur på det dei seier eller ikkje. Det dei seier er i alle fall at Estlands-russarane er diskriminerte og undertrykte, og at Estland ikkje er noko demokrati, men eit diktatur som har innført ein rein Apartheid-politikk mot dei russiskspråklege.

For dei av oss som kjenner Estland innanfrå er det vanskeleg å ta slike utsegn alvorleg. Om det no finst nokon kjerne av sanning i det, så er han i så fall så liten at det knapt finst noko utgangspunkt for rasjonell debatt. Ein debatt om kva posisjon russisk skal ha i Estland er sjølvsagt heilt på sin plass, men då er det ein føresetnad at ein aksepterer utgangspunktet: at Estland er eit sjølvstendig land som vart okkupert i ly av kaoset i Andre verdskrigen og etter krigen først utsett for stalinistisk terror, deretter for ein medviten koloniseringspolitikk, før Sovjetunionens fall til slutt gjorde det mogleg for det estiske folket å gripe sjansen og få sjølvstendet tilbake. For dei av oss som aksepterer dette som eit utgangspunkt -- og der med aksepterer den grunnleggjande livsopplevinga til nesten alle estarar -- er det utfordrande å ha å gjere med meiningsmotstandarar som meiner sjølve premissa våre ikkje held mål.

Ein av dei som meiner det er sjølv slett ingen russisk Putin-ungdom, men ein finsk universitetslærer som heiter Johan Bäckman. Han har markert seg med uvanleg kvass kritikk av Estland -- kritikk av same slag som vi har vorte vane til frå Nasji, men ikkje frå finske akademikarar. Men trass i at han kallar Estland eit udemokratisk Apartheid-land, får han paradoksalt nok fritt reise til Estland og arrangere pressekonferanser her, utan at det gjer han mildare i ordvalet.

Den estisk-ætta finske forfattaren Sofi Oksanen og den estiske filmregissøren og forfattaren Imbi Paju har nyss redigert ei finsk-språkleg artikkelsamling med namnet Kaiken takana oli pelko ("Bakom alt låg frykten"), der dei prøver å få fram perspektiv på korleis Estland tapte historia si. Blant skribentane finst mange anerkjende analytikarar, politikarar, skribentar og forfattarar av ulike slag, frå Edward Lucas og Anne Applebaum via Estlands president Toomas Hendrik Ilves til Igor Kotjuh, forfattar og Estlands-russar.

I samband med lanseringa av denne artikkelsamlinga har forlaget WSOY i samarbeid med det finske audiovisuelle nasjonalarkivet og dei baltiske ambassadane i Finland skipa til eit seminar i Helsingfors som ber namnet Pelko muurin takana ("Frykt bak muren"), og dette har tydelegvis fått Bäckman og ein del av forbundsfellene hans til å gå heilt av skaftet. Framfor å engasjere seg i ein debatt ved å kome med motargument mot det dei reagerer på i artiklane eller i dokumentarfilmane som blir vist, vil Bäckman heller invitere 30 Putin-ungdommar til å demonstrere mot det dei karakteriserer som fascisme, revisjonisme og mykje anna stygt.

Og på toppen av det heile går det finske muslimske partiet ut og erklærer at dei vil delta i demonstrasjonen mot "historieforfalsking om Estland under andre verdskrigen og undertrykking av muslimar og russarar i Estland". At nokon er sinte og frustrerte, er ikkje vanskeleg å sjå, men for oss som kjenner Estland innanfrå er det heile så absurd at det er like får vi seier "Stopp verda, eg vil av!"

Korleis det ender, veit vi vel snart. Kanskje skjer det ikkje noko å skrive heim om -- kanskje blir heile demonstrasjonen berre ein storm i eit vassglas, slik den finske akademikaren Arto Lukkanen meiner. Slik han ser det, er dette byrjinga på slutten for Nasji, som ikkje lenger har full støtte hos styresmaktene og alt i alt lite att å fare med, anna enn desperate freistnader på å få merksemd.

Vi får håpe han har rett. Men sjølv ein slik storm kan vere nok til å skremme mange dersom media skuvar glaset oppunder nasen på oss.