12. mai 2007

TILBAKEBLIKK: Kva bør gjerast med bronsemannen?

Ein gammal leiarartikkel frå Postimees:

Kva bør gjerast med bronsemannen?

Kor viktig aktør i politkken er ein mannsfigur støpt i bronse? Eit merkeleg spørsmål - kva politikk kan vel ein bronsemann gjere? Likevel er det stadig noko oppstyr rundt soldatstatuen på Tõnismägi i Tallinn. Ein gong i året samlar dei russiskspråklege veteranane seg der for å drikke vodka, synge og minnast gamle tider. Russiskspråklege politikarar møter opp og handhelsar på dei, dei blir filma og fotografert.

Ein annan dag kjem ein lastebilsjåfør og tippar eit søppellass for føtene på bronsemannen og blir bøtelagd av politiet.

I går morgon hadde det dukka opp ein hakekross på magen til bronsemannen som einkvan i all hast fekk måla over att. Var det nok ein gong ein provokasjon, kjem hendingane i Riga til å gjenta seg her hos oss no?

Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at det kan vere ein provokasjon. Det nyttar ikkje å lure seg sjølv til å tru at det hos oss ikkje finst krefter som er interesserte i å destabilisere situasjonen og skade Estlands internasjonale omdømme.

Det er heller ikkje umogleg at provokatørane blir styrde utanfrå. Vi kan berre minne om det temmelege illevarslande tipset som ein delegasjon for det estiske parlamentet Riigikogu fekk i Moskva i byrjinga av april - at demonstrasjonen til dei russiske pensjonistane i Riga er småtteri i forhold til det ein ville sjå om det skulle kome militært utdanna offiserspensjonistar ut i gatene. Og sanneleg, 9. mai er jo alt om to veker.

Vi kan heller ikkje utelukke at tilgrisinga av statuen er ein estisk ekstremistorgansiasjons verk, det er berre det at ingen slik organisasjon har late høyre frå seg. I så fall vil det nok vere tale om ein leikeorganisasjon som har målingsboksen som våpen.

Det mest trulege er nok likevel tryggingspolitiets første versjon, at det var tale om vanleg hærverk - truleg eit vågestykke frå ein eller annan ungdomsgjeng. Med andre ord, ein guttestrek, men for ein reaksjon! Interessant nok vakte ikkje skjendinga av gravsteinane frå frigjeringskrigen i Pärnu nyleg nokon reaksjon i liknande målestokk. Er det staden eller gjenstanden det handlar om?

Det er tydeleg at kven det enn var som skjenda bronsemannen og kva dei no ville med det, noko positivt for Estlands land og folk fører det ikkje med seg. I likskap med alle andre arrangement og tiltak dei siste åra ved den same statuen.

Kva skal vi så gjere med bronsemannen og eventyra hans? Å utplassere ei permanent politipatrulje til å passe på ham ville nok vere i meste laget, særlig når det ikkje er nok politifolk i byen til å ta vare på menneske av kjøtt og blod.

Kanskje skulle likevel by- og statsleiarane ta mot til seg og flytte statuen til ein rolegare kvilestad, for eksempel til kyrkjegarden?

***

Det interessante med leiarartikkelen over er ikkje først og fremst synspunkta - for dei har vi høyrt mange gonger dei siste åra. Det interessante er datoen.

Leiaren stod nemleg i Postimees den 24. april 1998, altså for meir enn ni år sidan, mindre enn sju år etter at Estland vann at sjølvstendet og mindre enn fire år etter at dei siste russiske soldatane reiste frå landet -- og altså seks år før Estland vart medlem i både EU og NATO.

1 kommentar:

Anonym sa...

Send den tilbake med Bjørn Nistad til Moskva !