10. mai 2007

Historikaren David Vseviov: Vi må byrje å snakke i "eg-du"-form

Historikaren David Vseviov er ei velkjend radiostemme i Estland, særleg som historieformidlar.
Til dei estiske TV3-nyheitene 9. mai delte han sine tankar om utfordringane Estland står framfor. "Om nokon verkeleg meiner at han har vondt i hovudet fordi han har ein viss nasjonalitet, då synst eg synd på han," sa Vseviov. Han meinte at dei fleste russarane ikkje veit kva symbol dei går med, når ein del av dei i dag har tatt på seg emblemet til "Nattevakt"-rørsla, altså dei militante forsvararane av bronsestatuen. "Folk treng noko å klamre seg til, dei fleste av dei veit ikkje kva fargane tyder," sa historikaren.
Han meinte at løysinga på situasjonen må først og fremst må vere å byrje å tenkje og seie "eg og du" framfor "vi og dei".
(Òg referert i EPL.)

Ingen kommentarer: