9. mai 2007

Situasjonen framleis roleg i Tallinn

Postimees melder i ti-tida estisk tid at situasjonen framleis er roleg i Tallinn. I samband med 9. mai har mange lagt ned blomster, både på Tõnismäe der bronsestatuen stod før (det vil seie, så nær dei kjem, det er sett opp gjerde rundt) og på krigskyrkjegarden der den står no.

Den russiske ambassadøren i Estland, Nikolai Uspenski, har òg lagt ned krans ved bronsesoldaten. Det kan vi kanskje oppfatte som eit positivt signal om at Russland frå offisielt hald de facto har akseptert at flyttinga er ein realitet og at minnesmerket no tener sin funksjon på den nye staden.

Ingen kommentarer: