10. mai 2007

Sterk støtte til Estland frå EU-parlamentet, nye skuldingar frå Russland

I ein resolusjon vedteken i dag erklærer EU-parlamentet si støtte til Estland i krisa med Russland. Resolusjonen ber mellom anna Russland om fullt ut å respektere suvereniteten til alle EU-landa og til å overhalde Wien-konvensjonen om diplomatiske relasjonar, skriv Postimees.

Samstundes trugar leiaren for den russiske statsdumaen, Boris Gryzlov, med å offentleggjere materiale samla i Tallinn som skal avsløre politivald og brutalitet frå estiske styresmakter under opptøyene rundt bronsestatuen, melder same avis i ein annan artikkel.

Det rimeleg ferske Internasjonale senteret for forsvarsstudier skriv i ein rapport at Moskvas rolle i det som hende ser ut til å vere større enn ein først trudde, ifølgje EPL. I same avis åtvarer imidlertid tryggingsanalytikaren Eerik Niiles-Kross mot forhasta slutningar, han meiner det tek tid før ein kan analysere Russlands faktiske rolle i hendingane.

Ingen kommentarer: