9. mai 2007

Elektronisk krigføring mot Estland

Det estiske statlege utviklingssenteret for informasjonstenester RIA melder om hissige åtak mot estiske nettenarar. Dei meiner ifølgje nettsida si at motivet bak slike åtak kan vere freistnad på informasjonsblokade av Estland, for å hindre estisk offisiell informasjon i å nå eit internasjonalt publikum. Det er først og fremst nettsidene og nettverka til regjeringsorgan og offentlege institusjonar som er utsett for åtak, og ei ny sterk bølgje starta klokka 23.00 i går kveld (altså då 9. mai byrja etter Moskva-tid) og held i skrivande stund framleis på.

I løpet av dei siste to vekene har det til og med førekome åtak mot estiske nettenarar frå russiske offisielle IP-adresser, slik mellom anna VG melder om.

Ingen kommentarer: