8. mai 2007

"Halve sannheter om Estland"?

Under denne overskrifta har nyhendetenesten ABC NYHETER har kommentert situasjonen i ein tone som trass alt i alt viser større forståing for den russisk minoriteten enn for majoriteten i Estland. Om det har vore halve sanningar ute og gått tidlegare, kan eg ikkje sjå at sanningane i denne artikkelen skulle vore noko heilare.

Det er jo flott når nokon vil fylle ut biletet med eit anna perspektiv. At minoritetar i eit demokratisk land har krav på eit særleg vern, det kan vel dei fleste av oss samlast om.

Det er likevel noko tendensiøst når vi kjem til påstandar som utan vidare forklaringar proklamerer at:
"Tidligere har monumentet vært utsatt for skjending; tilsølt med maling, pålagt krans av piggtråd, hatefulle slogans etc. Dette oppfattes naturligvis som et grovt hån mot den russiske krigsinnsatsen, og mot etniske russere i Estland, mennesker som dessuten har vært diskriminert siden Estland igjen ble fritt og selvstendig."

Estland debatterer livlig kva som vil vere den beste majoritets- og minoritetspolitikken. Likevel er så generelle påstandar som dette først og fremst villeiande, ettersom generaliseringa utan tvil vil gi galne assosiasjonar og legge grunnen for ei skeiv oppfatning av kva som faktisk hender i Estland. Estland er ein rettsstat, der før det første alle statsborgarar sjølvsagt har dei same rettane, uavhengig av nasjonalitet -- men enno viktigare: der alle innbyggjarar er sikra likskap for lova, anten dei er estisk statsborgarar, utanlandske statsborgarar eller ikkje har definert noko statsborgarskap ("statslause"). Dei sosiale rettane i samfunnet er knytt til busetnad, skattebetaling og trygdemedlemsskap og har lite eller inkje å gjere med statsborgarskap. Om integreringspolitikken har vore inkluderande nok kan heilt sikkert diskuterast, og dei fleste estarar vil no i lys av dei siste hendingane kanskje helle til å svare nei på dette.

I kommentarane til artikkelen kjem det fram at nokre meiner ein må sjå den sovjetiske innsatsen isolert frå det som hendte i etterkant. Dette høyrest kanskje tilforlateleg ut, men det er verd å minne om ein del historiske kjensgjerningar her:
  1. Stalinismen rådde i Sovjetunionen både før, under og etter krigen.
  2. Molotov-Ribbentrop-pakta frå 1939 la grunnlaget for okkupasjon/anneksjon/inkorporering av Estland til fordel for Sovjetunionen før Stalin og Hitler rauk i hop og før Sovjet og Vesten vart allierte.
  3. Estland vart okkupert av Sovjetunionen før Tyskland.
  4. "Frigjerarane" kom ikkje til Tallinn for å jage tyskarane, for tyskarane hadde alt trekt seg ut. Raudehæren kom for å hindre estarane i å opprette sjølvstendet sitt igjen.

Ingen kommentarer: