20. aug. 2007

I dag er det 16 år ...

... sidan Estland under dei heite kupp-dagane i Moskva visste å nytte det historiske høvet og kome seg ut av Sovjet-unionen. Og det er grunn nok til å minne meg på at det er lenge sidan eg har skrive her på bloggen. Det har vore ein lang sommar, dels eit stykke borte frå Estland.

Men dagen i dag -- dagen for gjenopprettinga av sjølvstendet -- gir grunn til refleksjon. Sjølv har eg budd her i Estland i sju år -- det er meir enn ein tredjedel av tida landet har vore sjølvstendig etter andre verdskrigen. Og i løpet av denne tida har eg sett enorme endringar. Det kan vere god grunn til å diskutere om veksten har hatt ein for høg pris, om han har kome for dei svakaste si rekning, og om han er berekraftig. Men at den økonomiske politikken har ført til store endringar og eit enormt oppbyggjingsarbeid i Estland, det kan det ikkje vere tvil om.

Det estiske demokratiet fungerer -- trass alt. Ikkje perfekt, for perfekt er ingen demokrati. Og ein del problem som er med arven frå okkupasjonstida kjem til å vere med oss i lang, lang tid framover. Men det viktigaste er at landet er fritt og framleis får vere fritt, då er det von om at problema kan løysast.

Det har roa seg kring bronsesoldaten i Tallinn -- ingen krev det er knapt nokon som lenger krev at soldaten skal setjast attende dit han stod før. Men propagandamøllene hos den store naboen i aust mel vidare på andre ting. No er det til dømes snakk om Erna-løpet, det militære løpet med deltakarar frå mange land som har fått namn til minne om den estiske kampen i 1941. Russland kallar dette for "Nazi-løp" og "fascistkrig", slik til dømes Dagbladet skriv om. Dette er skuldingar Estland opplever som grovt urettvist og usakleg -- det handlar nemleg om å heidre minnet om kampen for estisk sjølvstende, som ikkje har det minste med nazisme eller fascisme å gjere. Men dette propagandakortet vil nok like fullt Russland spele for alt det er verd for vestlege som ikkje held tunga beint i munnen og som berre ser andre verdskrigen som ein kamp mellom gode allierte på den eine sida og nazistane på den andre.

Men bortsett frå dette har Estland trass alt opplevde at det har roa seg mykje sidan det stod på som verst. Livet går sin gang, økonomien viser teikn til mindre vekst, og kanskje er det nett det som trengst. Overoppheiting ville nok elles vere den mest reelle faren, men no står det att å sjå kor mjuk eller hard landinga vil vere.

Men for nordmenn og resten av den vestlege verda har fleire andre hendingar -- som Litvinenko-saka med Storbritannia, auka militær aktivitet i nordområda, flaggplantingstokt til sørpolen og så bortetter -- sidan den tid gjerne vore med på fylle ut biletet.