8. mai 2007

ETV vil starte russiskspråkleg fjersynskanal til neste år

Ein ny TV-kanal ser ut til å vere under oppsegling -- ETV2. Rikskringkastaren vil neste år truleg utvide tilbodet med ein kanal som har eit større tilbod på russisk -- då sjølvsagt teksta på estisk, skriv EPL.

Ifølgje kulturminister Laine Jänes er det mykje som er uklart enno, men i juni vil planene bli meir konkrete.

I det siste har det vore mykje snakk om eit betre russiskspråkleg medietilbod som verkemiddel for å skape reell integrasjon i Estland.

Ingen kommentarer: