6. mai 2007

Lesarbrev til Vårt Land

Dette lesarinnlegget sendte eg som kommentar til ein leiarartikkel i VL. Eg veit ikkje om det har kome/kjem på trykk.


Eg las med interesse leiarartikkelen frå Vårt Land laurdag den 28. april om bronsestatuen i Estland. Eg har vore busett i Estland i sju år og arbeider i det daglege med omsetjing mellom estisk og norsk. Historia om Bronsesoldaten har eg følgd frå dag til dag i estiske aviser i mange månader.

Det er ikkje vanskeleg å seie seg samd med leiaren i avisa om at det å skape betre kår for den russisktalande delen av folket er ei viktig oppgåve, men ei slik utsegn er òg noko unyansert når ho blir slengd ut i eit offentleg rom som generelt er så kunnskapslaust om tilhøva i Estland som det norske. Det er nemleg mange vrangførestellingar ute og går om kva kår dei russisktalande eigentleg lever under. Estland arbeider òg seriøst med integrering, men det tek mykje tid å skulle nå fram til ein del av folket som først og fremst hentar verdsbiletet sitt frå russiske medium og som slett ikkje er interesserte i å lære seg estisk. Dette er ein prosess der Estland treng støtte og kanskje òg til tider kan ha hjelp av gode råd utanfrå – men det føreset grundige kunnskapar.

Det er sjølvsagt meir enn sant at omsorga for den russiske minoriteten i Estland kan fungere som eit vikarierande argument frå stor-russisk side. Når det er sagt, vil eg seie at det verkar provoserande for den som er godt inne i det som skjer i Estland når flyttinga av statuen blir sett opp mot integreringspolitikken. Det er nemleg ikkje slik at flyttinga av statuen først og fremst vart gjort ut av noko ønske om å provosere eller markere seg som uavhengige. Flyttinga – og det er viktig å vere klar over at det er flytting til ein verdig stad det er snakk om, ikkje fjerning – kjem som resultat av ein lang prossess der staden rundt bronsemannen "Aljosja" ved nasjonalbiblioteket og Karlskyrkja i sentrum av Tallinn har vorte ein stad med hyppige demonstrasjonar og stadige tilløp til uro. Typisk har "russiske" minnedagar vorte markert med bruk av sovjetisk symbolikk, og politiet har hatt større og større vanskar med å halde ro og orden rundt desse samlingane. Støtta er òg eit gravmonument, og denne situasjonen kan ikkje kallast gravfred.

Regjeringa fann det som den einaste løysinga å gjere unna flyttinga til krigskyrkjagarden raskt, for å unngå at plassen skulle bli åstad for gateslag mellom nasjonalistiske ekstremistar frå den russisk- og den estisktalande delen av folket.

Det er ikkje gitt at denne avgjerda var ideell, eller at politi og styresmakter hadde analysert moglege konsekvensar godt nok. Uroa, og den destruktive åtferda frå frustrerte estlandsrussarar, kom nok overraskande på dei aller fleste som trudde dei kjende landet godt. Like fullt er det svært viktig å få fram at avgjerda om å flytte monumentet ikkje er teke ut av lufta eller kalkulert som eit reint popularitetsstunt frå nasjonalstemte estarar. Det er ein freistnad på å løyse ein situasjon som alt har forverra seg ei god stund, og uavhengig av planar om flytting av statuen. Anten avgjerda var rett eller ikkje: Når dette no er gjort, treng Estland moralsk støtte til å normalisere situasjonen og skape dialog mellom folkegruppene. Ikkje minst er det viktig at Vesten fremjer dialog og forsoning utan å konfrontere Estland med absurde skuldingar som høyrer heime i russisk propaganda – som konspirasjonsteorien om fascismens store renessanse i Baltikum. Om estarane nok framleis har problem med både framandfrykt og andre grumsete haldningar hos ein del av folket, så er like fullt alle freistnader på å kople dette opp mot det som skjer rundt statuen like grunnlause som dei er ufruktbare. Estarane har opplevd å bli svikta av Europa ein gong før. Det må ikkje skje igjen.

Ingen kommentarer: