8. mai 2007

Litauen og Latvia i dag: Baltisk solidaritet men knappast nokon "Baltisk kjede 2"

Ved katedralplassen i Vilnius og ved domkyrkjeplassen i Riga var det i dag store støtteaksjonar for Estland, der dei og mintest den "baltiske kjeden" frå 50-årsdagen for Molotov-Ribbentrop-pakta den 23. august 1989, då folk tok kvarandre i hendene heile vegen frå Tallinn til Vilnius for å vise baltisk solidaritet og ikkje-valdeleg fridomskamp. Parolen for aksjonane i dag har vore "Vi står saman! Frie og uavhengige!"

Det blir likevel ikkje nokon reprise på hendingane for atten år sidan i dag, skriv EPL. Initiativet frå Vilnius har dei siste dagane blitt møtt med både støtte og motstand. Det latviske parlamentet har ikkje støtta masseaksjonar, og i Estland har fleire origanisasjonar oppfordra til å late vere, sidan ein slik aksjon i den noverande situasjonen for det første ville bryte med det midlertidige forbodet mot massesamlingar og for det andre som ei nasjonal estisk markering neppe ville fremje dialog mellom estarar og russarar. Dermed vart det først og fremst markeringar i Latvia og Litauen, og berre i liten grad i form av faktiske menneskekjeder.

Like fullt har hendingane den siste tida gitt den baltiske solidariteten ein liten renessanse, etter at Estland, Latvia og Litauen dei siste åra ikkje har vore særleg interesserte i å skulle utvikle nokon felles sterk baltisk identitet.

Ingen kommentarer: