10. mai 2007

9.mai i Estland: Mykje blomster, verdig markering




Den 9. mai, dagen både politi, styresmakter og folk flest har vore urolege for, er over. Dei siste åra har den russiske dagen for feiringa av slutten på "Den store fedrelandskrigen" meir og meir vorte eit påskot frå både russiske og estiske nasjonalistar til å lage bråk.

I år ser det ut for at det har gått godt så langt. Estlandsrussarane har slutta særleg godt opp om dagen, med blomsternedlegging. Fleire tusen personar møtte i dag opp og la ned blomar, bukettar og kransar ved ulike minnesmerke. Mest populære er raude nellikar. Markeringane har vore fredelege og verdige og utan nemneverdige tilløp til bråk, melder dei estiske nyhendekanalane.


Det var òg estisk flaggdag i dag, men det var for å markere EUs unionsdag.

For etniske estarar har korkje 8. eller 9. mai i utgangspunktet særleg sentrale datoar i den estiske historia. Her i landet tydde slutten på verdskrigen i praksis først og fremst at Stalin-diktaturet hadde kome for å bli. Den generelle haldninga i Estland er like fullt at sigeren over nazismen var svært viktig for Europa og verda og at òg estarar må vise respekt for alle fredelege minnemarkeringar.

Postimees skildrar feiringa av dagen som "eit fredeleg hav av blomar" og ETV24 melder om at dagen gjekk roleg føre seg òg i Narva. Det har vore markeringar i alle dei større byane i Estland.


Sjølv var eg innom ein tur ved Raadi-gravlunden og minnesmerket i Tartu. Dei russiskspråklege oppmøtte var venlege og mange kom med raude nellikar. Dei tungt medaljedekorerte raudehærsveteranane verka svært interesserte i å late seg fotografere.


Sjølv om oppslutningane i samband med dei siste hendingane er større enn åra før, hadde i alle fall den markeringa eg såg ikkje noko preg av massedemonstrasjon.

Ingen kommentarer: