11. mai 2007

Gjerdet er teke ned rundt Tõnismägi

Etter at anleggsgartnarar i stor stil dei siste dagane har arbeidd på spreng med å plante blomar i EU-fargene, er no endeleg gjerdet teke ned rundt parken på Tõnismägi, der bronsesoldaten stod fram til 27. april, melder både EPL og Postimees om i dag.
Blomane som vart festa til gjerdet av 9. mai-feirande og sørgjande estlandsrussarar, vart ved demonteringa frakta til krigskyrkjegården og lagt ned der bronsesoldaten står no.
Forsvarsminister Jaak Aaviksoo, som har hatt ansvar for mykje av det praktiske kring flyttinga av monumentet, var sjølv til stades og inspiserte. Trolleybuss-haldeplassen er òg i drift igjen frå og med i dag.
***
Fleire små steg mot full normalisering av situasjonen i Estland, med andre ord. Dei ytre teikna på oppstyret blir borte. Men den djupare samfunnsdebatten kring implikasjonane av det som hende kjem nok til å følgje oss, kanskje i år framover.

Ingen kommentarer: