8. mai 2007

Den estiske jernbanen utarbeider kriseplan


I samband med svikten i russisk transitt utarbeider den estiske statlege jernbanen Eesti Raudtee ein kriseplan for å takle situasjonen. Dei er førebels ikkje innstilte på å permittere arbeidarar.
Presidenten i Eesti Raudtee trur det er fleire grunnar til det reduserte volumet på transitt frå Russland.

Sidan uroa i Tallinn i slutten av april og den diplomatiske krisa med Russland har Russland grunngjeve redusert transitt gjennom Estland med reparasjon av jernbanen på russisk side. I praksis ser det ut som uoffisielle sanksjonar.
Russland har offisielt ikkje høve til nytte økonomiske sanksjonar mot Estland isolert, ettersom Estland er ein del av EU. I staden for sanksjonar mot heile EU -- som kanskje sterkast ville ramma Russland sjølv -- er dermed uoffisielle verkemiddel i form av "kjeppar i hjula" det sterkaste kortet Russland har.


(Sjå t.d. Postimees)

Ingen kommentarer: