20. juni 2007

Tortur i Estland?

Neste veke skal to av dei arresterte under opptøya i Tallinn, Juri Zjuravljov og Aleksei Rattik, snakke om lidingar og tortur i Europa-parlamentet under eit arrangement på den internasjonale torturofferdagen. Arrangementet er organisert av den russiske EU-parlamentsrepresentanten Tatjana Zjdanoka frå Latvia, formidlar den estiske representanten Katrin Saks referert i Postimees.
***

Tilfelle av overdriven maktbruk frå det estiske politiet blir etterforska og tekne på alvor i Estland, og det er sjølvsagt ingen grunn til å rekne dei estiske styresmaktene som heva over kritikk i så måte. Like fullt er det vondt å sjå korleis torturofferdagen på denne måten blir misbrukt i framhaldet av den russiske propagandakrigen mot Estland.

Forsvarssjef Laaneots: Russland blir ein stadig større fare for Estland

Den estiske forsvarssjefen Ants Laaneots heldt i dag eit foredrag der han peikte på at det at Russland har teke til å ruste opp den baltiske flåten er ein trussel mot tryggleiken for Estland, skriv EPL.

«Russland snakkar om det russisk-tyske gassrøyret og korleis det må tryggast, men dette er berre eit påskot for å kunne styrkje flåten kraftig her i våre område,» seier Laaneots, og oppfordrar til å ta ein kikk på kartet for å sjå kva endringar gassrøyret kan føre med seg.

Laaneots gjorde eit poeng ut av at opptøya i april i Estland ikkje var nokon spontan folkeoppstand men «ein vidtrekkjande og nøye planlagt og førebudd spesialoperasjon mot Estland, godkjend på høgt hald i Den russiske føderasjonen».

Forsvarssjefen meinte aprilhendingane og bakgrunnen for dei viste at det er naivt å tru at Estland er godt trygga berre ved å vere medlem i EU og NATO.

14. juni 2007

14. juni -- ein dag for sorg og ettertanke

I dag var flagget senka på halv stong i heile Estland. Den 14. juni er nemleg dagen for den såkalla junideportasjonen i 1941, ein av dei store deportasjonane av estarar til Sibir. Meir ein 10 000 personar vart sende i veg. Vaksne menn vart skilde frå familiane sine og fekk status som arresterte. Dei fleste av dei døydde i fangeleirar. Kvinner og born vart sende til "omplassering" i Kirov og Novosibirsk, om lag halvparten av dei overlevde.

Junideportasjonen var ikkje den største. Til saman vart over 30 000 estarar deporterte til Sibir gjennom de to største aksjonene i 1941 og 1949, og ofrene for Stalin-terroren var alt i alt over 100 000. Det har sett sine spor i eit lite folk på knapt ein million.

Ein ny alkoholpolitikk i Estland?

I likskap med mange andre område er òg alkoholpolitikken eit område der Estland sidan 90-talet har vore svært liberale. Argumenta for ein slik politikk har for ein stor grad vore prinsipielt liberalistiske, men det kan ikkje stikkast under ein stol at eit av resultata av svært god tilgang til rimeleg og lovleg alkohol har vore eit stort forbruk og store alkoholproblem. Forfattaren Olev Remsu, som er aktiv i det estiske fråhaldsforbundet AVE (Alkoholivaba Eesti -- "Alkoholfritt Estland"), har spissformulert det som det estiske folkets kollektive sjølvmord.

Men det er sterke teikn som tyder på at trenden held på å snu. Det er i ferd med å bli fleirtal for sterkare regulering på fleire plan. Mellom anna har bystyret i Tallinn vedteke å innføre restriksjonar på salstidene for alkohol -- frå 1. juli i år vil alkoholsal i butikkar vere forbode frå klokka 20.00 til klokka 08.00 i Tallinn.

Men ein marknad og eit samfunn som er van med minimal regulering har vondt for å svelgje slike tiltak, og reaksjonane har ikkje late vente på seg. Det estiske kjøpmannsforbundet EKL har gått så langt som å truge med like godt å stengje heile butikkane klokka 20.00 om kvelden dersom dei ikkje får selje alkohol fram til klokka ti.

Vi har truleg ikkje sett dei siste reaksjonane av denne sorten. Like fullt er det liten tvil om at Estland er nøydde å gjere noko med alkoholproblema, og det er stadig meir politisk vilje for òg å nytte avgrensing av tilgangen som eit av fleire verkemiddel.

5. juni 2007

Kadri Liik: Krigen minus Stalin

Kadri Liik har mange år bak seg som estisk Moskva-korrespondent og no er ho leiar for det internasjonale senteret for forsvarsstudier (RKK/ICDS). Denne kronikken stod i Postimees den 12. mai og er her attgjeven i mi omsetjing med tillating frå forfattaren. Omsetjinga står sjølvsagt for mi rekning.


I løpet av dei åra eg arbeidde i Moskva – og av og til seinare òg – har det hendt at eg har hamna i ein situasjon der eg måtte diskutere historie med russiske politikarar. Nøkkelspørsmålet er som kjent om Estland vart okkupert eller ikkje. Og ofte har det hendt at etter kvart som samtalen har skride fram kjem motparten til slutt fram med ein påstand om at «det var ikkje vi som okkuperte dykk, men bolsjevikane som okkuperte oss bege. Dei gjorde meir skade for det russiske folket enn for nokon andre. Vi er lagnadsfeller, så det er ingen grunn for dykk til å skulde oss!»

Dette argumentet er ikkje så dårleg som det ved første blikk kan sjå ut for ein estar. Det største problemet med argumentet er at den einaste staden Moskva-politikarar nyttar det er i bitre ordskifte med journalistar frå Aust-Europa. I det verkeleg liv tek dei ikkje utgangspunkt i denne offerposisjonen. Ikkje berre det: no har det offisielle Moskva igjen svært aktivt byrja å overta sovjetisk symbolikk og retorikk.

Det er veldig trist. For hadde offerposisjonen deira verkeleg vore oppriktig, ville det herska ein mykje større grad av gjensidig forståing mellom Estland og Russland i nesten alle spørsmåla som no er så smertefulle.

Vi kan til dømes ta andre verdskrigen: om Moskva i handsaminga av krigsrøynslene hadde greidd å unngå å rettferdiggjere den stalinistiske politikken til Sovjetunioen, ville Moskva og Tallinn stå kvarandre temmeleg nær i historieforståing og problema rundt bronsesoldaten hadde truleg vore ikkje-eksisterande.

I så fall ville alle vite at då krigen byrja var den stalinistiske Sovjetunionen i nesten to år (frå 1. september 1939 til 22. juni 1941) faktisk ein alliert av Nazi-Tyskland. Etter Molotovi-Ribbentrop-pakta kunne sistnemnde vere trygg på at Sovjetunionen ikkje ville gå til åtak, og dermed kunne dei uforstyrra føre krigen i Vesten; denne tida var desto vanskelegare for dei vestlege demokratia.

Sovjetunionen valde ikkje dei godes side straks, dei valde det ikkje ein gong frivillig, men først når det reagerte på eit åtak. Tida før dette hadde Stalin derimot nytta på å skaffe seg fiendar i Polen, dei baltiske landa og Finland ved hjelp av erobringspolitikken sin, og dessutan skyte den beste delen av offisersstaben sin.

Med politikken sin sette Stalin både folket og hæren før kriten i ein mykje dårlegare situasjon enn dei elles ville vore i. Hadde Sovjetunionen vore ein sympatisk, demokratisk stat, ville kvaliteten på militæret vore intakt og dei baltiske landa og Finland kunne vore frivillige og trufaste allierte. No var det annleis. Feila som vart gjort i politikken vart vanlegvis betalt med liva til vanlege russiske soldatar -- og ikkje berre russiske.

I Russland i dag er det to svært utbreidde tankemønster som ikkje kunne finnast i eit Russland som kjenner seg som eit offer for bolsjevismen. For det første er det vanleg å seie om Stalin – og det gjeld og dei som vanlegvis kallar han for ein brotsmann – at «men han vann jo trass alt krigen». Han var det han var, men det var ein stor dåd som i alle fall delvis på sett og vis rehabiliterer han.

Eit anna vanleg grep er å vektleggje at nett Sovjetunionen -- eller Russland -- var dei som tapte flest menneskeliv i andre verdskrigen; dette skulle dermed gjere landet til den største av dei allierte og sigeren deira til den mest strålande.

Eit Russland som såg seg sjølv som eit offer for bolsjevismen ville sjå anneleis på desse tinga. Då ville det forstå at krigen ikkje vart vunnen på grunn av Stalin -- men på trass av han. Ein soldat som forsvarar heimlandet stod i røynda overfor to diktatorar, der ein av dei no ein gong var leiar i landet hans og gjorde det mykje tyngre å skulle forsvare heimlandet, med langt fleire offer enn det elles kunne vere. For eit stort tal av falne er jo i grunnen ikkje noko å vere stolt av. Ein klok hærførar tek vare på liva til soldatane sine! Stalin for derimot medvite brutalt og omsynslaust åt med dei.

Eg er lei meg for at Russland i Jeltsin-tida ikkje visste å ta til seg den de-staliniserte forståinga av krigen som eg har skildra. Det ville vore nyttig for oss alle: dei kunne teke vare på sigersdyrkina si, for det folket gjorde var verkeleg eit stor heltebragd, til og med dobbelt så stor -- å forsvare heimlandet mot eller på trass av to diktatorar. Samstundes ville dette firgjort dei frå den umoglege plikta det er å skulle rettferdiggjere dei sovjetiske brotsverka: den tåpelege retorikken som ingen i Europa forstår eller deler, som no har fått dei til å bli uvener med alle og som forgiftar sjølve den russiske sjela med sterk framandfrykt.

Dei ville ha halde på sigeren sin, på heltedåden, dei ville hatt ei mengd gamle heltar og mange nye òg (kvifor har ikkje Moskva gjort heltar av dei anti-sovjetiske dissidentane?!). Og kanskje det viktigaste av alt – dei ville ha ei historiske sanning som blir støtta, ikkje undergrave, av fakta. Dei ville ha ei forståing av verda som dei ikkje ville trenge å forsvare irritert mot resten av Europa, men som resten av Europa uansett ville dele med dei.

For femten år sidan kunne Jeltsin verkeleggjort dette verdsbiletet. No er det for seint – og ikkje berre fordi Putin har smitta heile samfunnet med sovjetnostalgi, men òg av mange meir praktiske årsakar. Eit land som føler seg som eit offer kan jo nemleg ikkje late dei leve ustraffa som forårsaka lidingane deira. Lenin og Stalin var sjølvsagt døde i 1991, men mange andre som sende dissidentar i fengsel i Bresjnev-tida var svært oppgåande.

Dei skulle vorte stilt for retten. Men i Russland i dag sit dei tvert om med makta. Og av den grunn kan vi ikkje vente endringar i Moskvas historieforståing før autoritarisimen i si noverande putinske drakt nok ein gong har svikta og vist seg som ikkje levedyktig. Då opnar det seg eit nytt høve.

Men eigentleg tok eg ikkje til å skrive denne artikkelen for å analysere Russland-spørsmål. Eg ville nå attende til Estland og foreslå at vi kan gjere det som er for seint: vi kan destalinisere minna om krigen. Hos oss burde det vere mogleg og for oss er det og svært naudsynt.

Etter alt det skremmande og rystande som hende dei nettene i slutten av april i Tallinn, spør vel mange seg om kva vi bør gjere no. Ein ting som har vore framme er betre historieundervising i dei russiske skulane.

Det er i seg sjølv truleg ei rett tilråding, men det må gjerast klokt. Det er ingen gagn i å kreve av russiske ungdommar at dei skal pugge eit heilt bind om lidingane til det estiske folket, samstundes som dei får høyre ei anna historie heime. Ei generell destalinisering av minna om krigen ville gi oss eit høve til å foreine desse historiene – eller i det minste før dei langt nærare kvarandre og gjere dei gjensidig forståelege.

For kva var problemet med bronsesoldaten? Han vart ein stad for sovjetisksinna propaganda, og det var støytande for størsteparten av samfunnet. Samstundes forstår eg svært godt dei russarane som seier at dei gikk og går til bronsesoldaten for å sørgje over sine døde, for å minnast slektningar når leivningane er ein stad langt borte eller heilt forvunne.

Eg har mange slektningar sjølv som leivningane etter ligg i Siber, men som har namnet sitt på ein gravstein i Estland – det er svært likt. Nei, det ikkje noko gale i å minnast dei døde; og når vi ser dei falne i krigen ikkje som folk som kjempa for Stalin, men folk som vart kasta mellom to diktatorar, då blir heile historia svært-svært nær den estiske røynsla. Og den estiske historia burde bli forståeleg for russarane – den same diktatoren som gjorde tapa deira under krigen langt større enn dei kunne ha vore, var det jo som påførte estarane deira tap.

Destalinisering av krigsminnet tyder derimot ikkje at det berre er den russiske folkegruppa som må korrigere sine oppfatningar. Estarane, som berre har hatt forakt til overs for nesten kvart godt ord om raudearmeen og sett det som restar av sovjetisk propaganda, bør òg bli langt meir empatiske.

I den armeen var det jo òg menneske som prøvde å forsvare heimen sin, uansett kva diktator som stod i spissen. Kva val hadde dei?! Og desse menneska sørgjer barna over.

Eller denne ulukkelege bronsesoldaten – for stordelen av estarane var han heile tida ei «Sovjetisk greie». Vi ville ikkje sjå han som ein stad for å sørgje og minnast. Dette kan vi jo forstå – alle visste jo at monumenet opphaveleg skulle stå til minne om «frigjeringa» av Tallinn; det at minneplatene vart skifta ut var i ikkje nok til å skulle endre denne tydinga.

No kan ho endrast – for merkeleg nok har flyttinga til ein gravlund verkeleg gitt statuen eit nytt tydingsfelt – eller i alle fall gjort eit slikt mogleg.

I det heile har alt det som hende, så fælt det enn var, eigentleg òg reinsa lufta og opna opp for nye potensial. Alle er litt rysta. Alle vil vite meir enn før om kva dei andre tenkjer. Alle er klare til å korrigere stereotypiane sine litt.

Lat oss då nytte høvet og skape ei slik historie om Estlands fortid som alle som bur i Estland kan dele! Hos oss, til skilnad frå Russland, er det frameleis mogleg. Og det er mogleg å gjere slik at ingen treng å kjenne at han eller ho er fråteken historia si, minnet sitt heilagdomane sine.

Fleire Nasji-aktivistar utvist frå Estland

Det meste har forlengst roa seg i Estland, men i Russland har ungdomsrørsla «Nasji» framleis tungt for å finne seg i det som har skjedd. Dei har gjort mange freistnader på aksjonar i Tallinn, som regel ved å stille seg opp på staden der bronsesoldaten stod før og leike «levande minnesmerke». Eit juridisk problem med slike aksjonar er at dei vanskeleg kan skildrast som typisk turisme -- og personane det er snakk om kjem til Estland frå Russland på turistvisum. Og dermed er det berre å sende dei ut igjen.
Først ute var Andrei Kalugin som stod på post ei stund frå og med klokka 12 den 22. mai, ifølgje Postimees. Hans stilte seg altså opp midt i blomsterhavet der Aljosja ein gong stod -- iført ei uniformliknande som var meint å skulle minne om ei raudehærsuniform. Aksjonen vart snart avbroten av politiet, og turistvisumet hans vart annulert same dag. På heimesidene til Nasji blir dette sjølvsagt skildra som eit overtramp frå estisk side.
Den 4. juni er det på'n igjen -- då begjærer politiet annulering av visumet til Aleksandra Bondarenko, som òg har prøvd seg som æresvakt.
I dag var den estiske grensevakta raskare ute -- dei tre Nasji-aktivistane Maksim Urusov, Mijhail Sytsjov ja Ivan Stepin vart nemleg avvist på grensa i Narva. Dei tre fekk annulert turistvisuma sine på staden og fekk eit stempel i passet som kan gi dei problem med reiser i Europa dei neste fem åra.