20. des. 2007

I kveld kverv dei siste spora av jarnteppet

Statsminister Andrus Ansip kallar det som skjer ved midnatt til i morgon for den største hendinga i år. Når klokka slår tolv og kalenderen viser 21. desember, blir nemleg Estland (i likskap med Latvia, Litauen, Slovenia, Slovakia, Polen, Tsjekkia, Ungarn og Malta) fullverdig medlem i det europeiske grense- og politisamarbeidet. På flyplassane kjem reisande ikkje til å merke skilnadene før 29. mars 2008, men for land- og sjøtransporten forsvinn grensekontrollane altså før jul.
Mest har dette helst å seie på sørgrensa -- for no blir det mogleg å krysse den estisk-latviske grensa kvar og når som helst. Mange sidevegar som sidan sjølvstendet har vore gravne i to er no sett i stand og blir opna for trafikk. Ikkje minst er dette ei viktig hending for dei som bur i grensebyen Valga/Valka. Dei får endeleg høve til å gjere røyndom av det dei alt lenge har hatt som motto -- "Ein by -- to land". Med EU-midlar har dei til og med fått i stand eit flott rekreasjonsområde langs elva på begge sider av grensa, men til no har ein berre kunne nyte landskapet på ei side om gongen.
Denne historiske hendinga tyder slutten på nokre av dei siste formelle skilja mellom Aust- og Vest-Europa. Og kartet over Schengen-området seier sitt.

1 kommentar:

Øyvind N sa...

Ein ting er kva som blir bestemt ovanfrå og ein annan ting er kva vanlege folk røyner av grensepolitiet.

I Estland ser Schengen ut til å fungere fint med glatt innreise både med snøggbåt frå Helsinki og på flyplassen i Tallinn. Og no endeleg togsamband frå Valga til Riga, slik at ein ikkje treng å stå opp så ”ukristeleg” tidleg for å nå morgonbussen frå Tartu til Riga. Ein blid latvisk, kvinneleg konduktør tek i mot oss i Valga på hjelpelaust engelsk, men det suveren evne til kommunikasjon. No vøler dei også lina frå Valga til Tartu, så kanskje kan vi vone på samband Riga – Tallinn om Tartu. Det kan bli eit viktig samband for Tartu om ein får opp farten på toga.

Men tilbake til passfridomen. I Litauen ser dei annleis på dette. Eg har fare to gonger der med buss etter nyordninga. Fyrste gongen vart ei kvinne med ei lita dotter kasta av bussen fordi dei ikkje hadde pass. Og no siste gongen ”fann” eg ikkje passet og prøvde meg med norsk førarkort, deretter med bankkort, men like lite hjelpte det. Eg var på nippen til å bli kasta av bussen då eg ”endeleg fann att” passet i lomma der eg visste det låg. Ved denne tåpelege grensepasseringa måtte bussen vente nesten ein halv time så vi fekk inga pause på turen for å kunne kjøpe oss noko. Sjåføren måtte halde ruta.

Eg føler med kvinna med barnet som berre gjorde som politikarane hadde sagt, men ikkje gjort. All honnør til Estland og Latvia, ris til Litauen.