17. des. 2007

... sine hus uppå deim

Denne teksten stod som "Baksiderapporten" i Dag og Tid nr. 49 (7.-13. desember 2007).

Vi som bur i Tartu må opp i slik ei ukristeleg tid, skal vi nå eit morgonfly til Oslo. Det hjelper ikkje eingong om det eigentleg er Molde eller Ålesund vi skal til – det finst ingen innanriksflygingar i retning den estiske hovudstaden. – Jaså, til Noreg? Drosjesjåføren er i alle fall vak klokka halv tre om natta. – Ja, du skal vel byggje? Tene litt pengar?
Eg kjenner korleis ei varm kjensle breier seg i kroppen. Det vart rett nok aldri noko av den sjølvproletariseringa, men her er det i alle fall eit medmenneske som meiner eg like godt kunne vore ein av dei mange som reiser til Noreg for å gjere noko nevenyttig og kome heim med pengar til familien.
I går tala eg på eit norsk-estisk næringsseminar her i byen. Omsetjaren og kulturkjennaren, skreiv dei i avisa, og det siste visste eg ikkje sjølv. Nokre av dei andre som tala der visste forresten eit og anna om nordmenn. Til dømes at vi er ærlege til det naive. Eller var det omvendt? Korrupsjon vil vi alle fall ikkje vite av. Utvidar vi austover, byggjer vi heller våre eigne kraftverk enn å betale nokre småpengar under det rette bordet for få straum. Slik er vi.
Eg har høyrt det før, ikkje minst av nokre av dei mange estarane som reiser til Noreg for å byggje bitar av landet og andre hus. Nordmenn er ærlege på så rare stader, meiner dei. Som han erkekjeltringen dei jobba for ein stad oppe i ein dal. Han han gjekk ikkje av vegen for å snyte både kundar, leverandørar og skattefut, men ein dag bad han ein av estarane om å stikke og kjøpe Windows. – Kjøpe, spør estaren, kvifor det? Vi kan jo berre leggje inn frå denne plata her. Men nei, slikt vil ikkje nordmenn vite av.
Nuvel, eg er ikkje viss på at det var det mest typiske dømet dei hadde funne, men moro var det lell. Elles hadde nokre av seminardeltakarane i går fått med seg at levestandarden er lågare i Noreg enn i Estland. Greitt nok, lønene er fleire gonger større, men det er berre på papiret – alt er så dyrt at vi ikkje har råd til noko som helst i Noreg , og dessutan er det uansett ikkje noko att av pengane når dei horrible skattane er betalt, noko overærlege nordmenn sjølvsagt gjer.
Dessutan er det heilt uråd å vere sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Slike har nemleg ingen rettar i det heile, ikkje så mykje som eit lite trygdemedlemskap, og pensjon får dei heller ikkje.
Det er tydeleg at Noreg har mange slags ambassadørar som har drive folkeopplysning. Godt at det arbeidet er gjort, så eg kan konsentrere meg om andre ting. Det hadde jo vore for gale om folk skulle gå rundt og tru at mange nordmenn stort sett har det dei treng.
Vi er altså både fattige og naive midt i oljemilliardane våre. Likevel er det ikkje tvil om at det står høgt i kurs å vere norsk her sør for Finskebukta. Ikkje berre har vi både fjell (som vi sikkert meiner vi har bygd med eigne hender, glapp det likevel ut av nokon i ein svak augneblink) og fjordar og mange andre gode fiskar, men vi har aldri okkupert Estland. Det siste er det ikkje så mange av nabolanda som kan skilte med. Og så har vi Ibsen, Undset og Jon Fosse. Hurra for Noreg!
Det er mykje snakk om integrasjon i Estland for tida. Slik midt på natta kjem eg ikkje i hug nok av gymnasmatematikken til å kome på kva det er for noko, men sjølv trur eg at eg er ein stad mellom integrert og assimilert. Likevel kan det vere eit ork å vere ein som går mot straumen – er du verkeleg heilt norsk? Du er ikkje eksil-estar eller noko? Kvifor kom du hit for å lære språket vårt, når de har både fjell, fjordar og språk i Noreg? Det kan røyne på å vere ein raritet og lire av seg svar som du for lengst har slutta å tenkje på om du meiner eller ikkje.
Difor seier eg ikkje noko, berre nyt den varme kjensla av å vere eit vanleg menneske og let drosjesjåføren fortelje om slektningar som har vore både i Noreg, Sverige og Tyskland og tent seg nokre slantar i byggjenæringa. Ute fossar regnet ned, og det gjer det rett i, når det først er haust, og det hadde jo vore noko gale fatt om hausten ikkje kom, seier drosjesjåføren og svingar inn på rutebilstasjonen.
Eg takkar for turen og betalar for meg. Det heiter seg at eg har rett til å nekte å betale om sjåføren ikkje nyttar taksameter eller kan skrive ut maskinell kvittering. Det kunne han sikkert gjort, men då han leitar etter vekslepengane ber eg han berre behalde dei. Litt ekstra for nattarbeidet, seier eg. Ha ei god natt vidare! Han helsar og køyrer sin veg, sikkert overtydd om at han har møtt ein av dei mange som skal til Noreg for å byggje landet.
Nei, dette var kjekt, tenkjer eg på veg til gamlelandet og studia i nynorsk skriftkultur. No lyt eg sanneleg lage meg ein alternativ barndom til den nye estiske drosje-identiteten min.

Ingen kommentarer: