18. des. 2007

Maktspråk om menneskerettar. Igjen.

Er det ein ting vi kan vere sikre på, så er det at det med visse mellomrom kjem nye skuldingar frå russisk side om brot på menneskerettane i Estland. Denne gongen er det pressetalsmannen for det russiske utanriksdepartementet, Mikhail Kamynin, som tek opp tråden. I eit intervju i Izvestija (referert på estisk i Postimees) klagar han over det han ser som "doble standardar" i Europa -- kort sagt meiner han at ministerrådet EU burde vore gått langt hardare til verks med Estland og Latvia, sidan desse landa systematisk krenkjer menneskerettane til dei russiskspråklege.
Det er som regel lite nytt i slike meldingar -- det handlar denne gongen til dømes om statsborgarskapspolitikken (det er framleis mange som ikkje er statsborgarar), om haldningar til dei som kjempa på tysk side under krigen og om handsaminga av dei som demonstrerte mot flyttinga av bronsesoldaten i april.

Det er sjølvsagt heilt legitimt at Russland talar om menneskerettar, og det beste ville vore om dei tok det på alvor både heime og ute. Men det problematiske med desse utspela er at dei ber meir preg av propagandaåtak og tåkeleggjing enn av ønske om ein reell debatt. Det er nemleg svært sjeldan vi høyrer om konkrete døme på brot mot dei individuelle menneskerettane -- skuldingane er mest alltid diffuse og handlar om generelle tendensar. Då er det lite konkret att å svare på.

Det kan òg vere heilt legitimt å meine at dei russisktalande som minoritet skulle hatt fleire særrettar enn dei har no, i kraft av å vere så mange. Då får ein argumentere prinsipielt for dette. Men det er derimot problematisk å gjere dette til eit spørsmål om menneskerettar, når krava i realiteten handlar om særordningar som ville gi dei russisktalande særrettar som ingen andre minoritetsgrupper i landet skulle nyte godt av. Slike utspel handlar ikkje om ønske om dialog, men om maktspråk. Og det tristaste av alt er at nett dette maktspråket forsøplar debatten og gjer det vanskelegare å snakke skikkeleg om menneskerettar i Estland.

Ingen kommentarer: