28. sep. 2007

Bør Estland ha fleire offisielle språk?

FNs spesialrapportør for rasisme har nett vore på offisiell vitjing i Estland. Spesialrapportøren Doudou Diene gjer heilt sikkert eit viktig arbeid når han reiser rundt til ulike land og vurderer tilstanden med omsyn til ulike former for rasisme og diskriminering.

I Estland kan det likevel verke som spesialrapportøren ikkje ser at det prinsipielle nokre gonger kan verke feil veg. Han gjer nemleg framlegg om at Estland, som har i underkant av 30% russiskspråklege innbyggjarar, burde hatt to offisielle språk: estisk og russisk.

Det er ingen som vil at russarar i Estland skal oppleve å bli diskriminerte, men faktum er at dei er ei innvandrargruppe, ikkje ein nasjonal minoritet i vanleg forstand. Det vil seie at utfordringa er integrasjon, ikkje "urfolksrettar".

Vidare kan det verke som om spesialrapportøren ikkje ser at det i tilfellet Estland ikkje er umogleg at russisk som likestilt med nasjonalspråket i praksis ville føre til diskriminering av majoriteten. Det kan vere vanskeleg å forstå for den som ikkje har levd ei stund i Estland, men det er faktisk slik at offisiell status til verdsspråket russisk ville føre til at estarar i praksis ikkje lenger ville ha rett til å få ordna ting på estisk i sitt eige heimland. Det er eit spørsmål om mentalitet og om ei historie som framleis er altfor nær.

På 80-talet var det estiske språket i stor fare for å bli fullstendig fortrengd av russisk . Takka vere sjølvstendet er det ikkje slik no -- det er i alle fall ikkje russisk som nett no trugar med å ta over. På den andre sida er det neppe nokon som vil påstå at det russiske språket på nokon måte skulle vere utsett for utryddingfare.

Men dette tyder ikkje at faren for estisk ikkje kan gjenoppstå. Vonleg kjem det ei tid då ein offisiell status til russisk ikkje ville setje det estiske språksamfunnet i fare. Men den tida er faktisk ikkje her no.

4 kommentarer:

Heleena sa...

Estland trenger ikke flere offisielle språker.Hvorfor skulle de? Det er jo akkurat samme at Pakistangst skulle blitt en offisell språk i norge! tenk litt

rangoy sa...

Jah, küsimus oli mõistagi retooriline, ega Sa mind ei pea selles veenma! :-)

Anonym sa...

Norge trenger ett offisiellt språk : RUSSISK !
NORSKE IDIOTER som ansetter typer som Bjørn Nistad på Putin-Universitetet i Oslo !

Gard sa...

Estisk treng fleire offisielle språk, mellom anna: Eesti, Võru, Saaremaa, Setu.

Sjølvsagt er eg òg for sunnmørsk som eige språk i Noreg.