20. sep. 2007

Estland sa nei til Nord Stream

Mange austeuropeiske land har uttrykt sinne og frustrasjon over at Russland og Tyskland gjekk inn for å byggje ei rørleidning på botnen av Austersjøen -- frå Vyborg til Greifswald -- utan å snakke med eller ta omsyn til interessene til nabolanda langs leidninga. For Estland har det store spørsmålet den siste tida vore om det er aktuelt å sleppe rørleidning inn i estisk farvatn, og i dag gjorde den estiske regjeringa ei viktig prinsipiell avgjerd:
Utbyggingsselskapet Nord Stream (der russiske Gazprom eig 51%) får ikkje tillating til å gjere forundersøkingar av havbotnen i estisk farvatn. Denne avgjerda er i prinsippet uavhengig av eit seinare nei til utbygging, og mange meinte at løyve burde blitt gitt til desse forundersøkingane, slik at ein kunne få eit betre grunnlag for argumentasjon. Finske miljøstyresmakter har tidlegare vurdert prosjektet svært negativt, og undersøkingar av havbotnen i estisk farvatn ville etter alt å døme gitt same resultat. For Estland er òg tryggingspolitiske argument svært sentrale -- landet kan ikkje utan vidare akseptere at russisk marine tek til å patruljere estisk farvatn for å "forsvare" rørleidninga, slik det har vore tale om. Dessutan ville undersøkingane gitt russiske interesser mykje strategisk informasjon om estiske naturressursar.
Ein av dei som er glade for avgjerda, er partileiar (IRL) Mart Laar, som meiner at utfallet er ein siger for sunn fornuft. Leiaren for det estiske utanrikspolitiske instituttet, Andres Kasekamp, er derimot kritisk til avgjerda, og meiner Estland gav frå seg høvet til å påverke prosessen vidare. Endel Lippmaa frå det estiske vitskapskademiet, som ofte blir sitert som ein autoritet i energispørsmål, meiner på si side at avgjerda var klok og rett.
Nord Stream er tilbakehaldne med kommentarar, men tek avgjerda til etterretning. Alternativet deira er no å gå attende til den opphavelege plana, der rørleidninga går gjennom finskebukta i finsk territorialfarvatn.

1 kommentar:

Anonym sa...

Tere,

Tahtsin aitäh öelda, et kirjutad asjadest nii nagu need on. Tore on näha, et keegi vahendab väikese Eesti asju ka Norra poolele :) Väikene piisake küll meres (Vene propagandamasinaga võrreldes), aga väga vahva. Jaksu Sulle ja ilusat sügist!