25. nov. 2013

Kulturaviskrisa, ministeren og den upubliserte diktsamlinga

Estlands viktigaste kulturavis heiter Sirp ('Sigd') og kjem ut ein gong i veka. Namnet er ei interessant vidareutvikling av det sovjetiske namnet på kulturavisa: hammaren er borte, men sigden er der. I november 2013 har kulturavisa uventa vorte sentrum for eit mediasirkus som så langt mellom anna har ført til at kulturministeren har gått av. Og soga er ikkje over.

Sirp er eit blad for folk som kan lese. Tekstene er lange og går djupt inn i materien, bileta er relativt få og bladet blir trykt i svart-kvitt. Sidan 2005 har Kaarel Tarand vore sjefredaktør, og då hans åremål gjekk ut i år, var det utlyst ei konkurranse for å finne ny sjefredaktør.

Så langt, så vel: blant dei fire kandidatane var òg Tarand for ein ny periode. Forviklingane starta då han trekte seg som kandidat fordi han meiner rammevilkåra til den statleg finansierte kulturavisa ikkje gjer det mogleg å utvikle bladet på ein forsvarleg måte. Dagleg leiar Toomas Väljataga i stiftinga SA Kultuurileht, som driv bladet, fekk då eit problem, ettersom dei tre kandidatane ikkje vart funne eigna for jobben. Den 1. november kom nyheita om at konkurransen hadde «gått i vasken»: redaksjonssjef Lea Larin fekk halde i rattet inntil redaktør inntil rådet i stiftinga fekk tenkt seg om.

Knappe to veker seinare, den 13. november, eksploderte saka. Då kom nemleg nyheita om at den kontroversielle forfattaran Kaur Kender var konstituert til mellombels sjefredaktør inntil ny, ikkje tidfesta konkurranse blir gjennomførd. Kender er kjent for provokative spissformuleringar, opposisjon til det kulturelle etablissementet og samstundes ei temmeleg lojal haldning til dei leiande kreftene i den høgreliberalistiske regjeringa. Dette siste er nok ein nøkkel til å forstå korleis saka kunne ta av i den grad ho har gjort det.

Utviklinga vidara utløyste så sterke reaksjonar at affæren raskt fekk namlet kendergate. Har ein  mellombels konstituert sjefredaktør mandat til i løpet av kort tid gjere store endringar i både redaksjonell profil og stab? Det viste seg at Kender ville ha revolusjon. Alt dagen etter nyheita om at Kender tek over, vart to sentrale medarbeidarar permitterte: litteraturredaktøren, den anerkjende poeten Doris Kareva, og filmredaktøren Tarmo Teder. Kender ville inn med eigne folk og fornye det, og temmeleg fort melde òg essistikkredaktør Valle-Sten Maiste sin avgang.

Samstundes kom ei hittil ganske ukjent kulturgruppering i rampelyset: ZA/UM, der nettopp Kender stod sentralt, saman med Robert Kurvitz og Martin Luiga, som han no ville ha med seg inn i redaksjonen. På heimesida publiserte dei 14. november eit visjonsdokument for «fornying» av kulturavisa, som dei innleier med at Estland har fortent ei meir moderne kulturavis, og går vidare med å ville forandre nesten alt: mindre «negativ» kritikk av makthavarane, meir allsidig dekning av det politiske livet, mindre tett tekst og meir «luft», meir teknologi og data, melding av dataspel som ein naturleg del av kulturlivet, meir undersøkjande journalistikk, og ikkje minst mindre paranoia og meir tillit til staten.

Mange reagerte, og fort. Korleis er det mogleg at ein i staden for ein open og transparent prosess får inn ein kontroversiell mellombels konstituert redaktør til å gjere den leiande kulturavisa mindre oposisjonell og meir «regimelojal»? Kva prosessar er det som leier til dette, og kva rolle har regjeringa i det? Er det bestillingsverk?

Då kulturminister Rein Lang vart konfrontert med slike spørsmål, nekta han bastant for at regjeringa skulle ha lagt føringar for det redaksjonelle arbeidet i kulturavisa. Spaltene var fulle av spekulasjonar kring kva møte som hadde vore og ikkje, og kva det hadde vore snakk om. Medan Rein Lang nekta for å ha noka rolle, gjekk dagleg leiar Toomas Väljataga ut og opplevde seg misbrukt og gjort til syndebukk. I parlamentet kom det framlegg om mistillit til ministeren, men dette fekk ikkje fleirtal. Dette til trass vart kritikken til slutt så sterk at ministeren den 21. november likevel melde at han sjølv gjekk av som minister.

Samstundes gjorde konstituert redaktør Kender det klart at han ville brette opp ermane og om nødvendig ofre si mentale helse for å realisere visjonen om eit nytt Sirp. Men soga var ikkje over med det. Hans ZA/UM-kamerat Robert Kurvitz var nemleg i gang med å skrive melding av ei diktsamling som ikkje hadde kome ut. Det viste seg nemleg at en nye redaksjonen etter å ha sparka Doris Kareva hadde problem med å få inn poesistoff. Kurvitz hadde stor sans for dikta til Andres Aule, som han eit år tidlegare hadde fått tilsendt frå diktaren. Problemet var at Aule sjølv ikkje rekna samlinga som ferdig. Dette hindra ikkje Kurvitz i å skrive ei melding av samlinga, der han siterer fire dikt og attpåtil heilt tydeleg fastslår at det er synd forfattaren nektar å publisere samlinga.

Årvåkne lesarar har alt forstått at dette ikkje går an å gjere for ei kulturavis: det er eit grovt brot på opphavsretten å publisere ikkje utgivne tekstar mot opphavsmannens vilje. Ettersom det òg framgikk av artikkelteksten at det var det som vart gjort, hadde òg den konstituerte sjefredaktøren eit klart medansvar for overtrampet. Søndag 24. november gjekk Aule ut med eit innlegg i avisa Eesti Päevaleht der han gjer det klart at han ikkje ønsker pengar eller orsakingar, men meiner redaktøren bør trekkje seg etter eit slikt overtramp.

Få timar seinara, litt over midnatt i dag 25. november gjekk Kender ut melde at han tek sakene sine og går. Tekst er heilag, seier Kender, og feilen med Aule-tekstane er den einaste dei har gjort, men til gjengjeld så grov at dei ikkje kan bli sitjande. Samstundes går Kender langt i gi Aule ansvaret for at dei måtte gå, ettersom han «ikkje ville tilgi». Slik kan altså ein poet ved hjelp av dikt frå ei samling som ikkje er utgiven velte ein heil redaksjonell revolusjon.

På vel ei veke har Kender-redaksjonen kome og gått, og teke med seg ein heil kulturminister på vegen. Kva det neste blir, veit vi ikkje. Det er derimot liten grunn til å tru at Sirp- sirkuset er over.

1 kommentar:

Ola L. Moe sa...

Fint å få ei oppsummering av hendingane kring Sirp til denne tid.
At kulturminister Rein Lang gjekk av, var absolutt ikkje det verste som kunne skje i eit land der kulturen spelar ei så viktig rolle for folk flest.
Etter ein periode på seks år som justisminister overtok Lang kulturdepartementet i 2011, og sidan har kulturløyvingane over statsbudsjettet gått kraftig ned. Det er om lag eit år sidan Lang retta eit slag mot biblioteka og generelt mot «gammaldagse» papirbøker. Og no sette han inn ein støyt mot kulturblada, dei var ikkje moderne nok dei heller etter hans smak.