Perspektivet til ein estiskyndig nordmann med heim i Estland og Noreg. Der ikkje anna framgår er både meiningane og fotografia mine eigne. Bloggen kan siterast og refererast med kjeldetilvising. Fotografia kan nyttast med kjeldetilvising. Høgoppløseleg foto kan skaffast etter avtale.
20. aug. 2007
I dag er det 16 år ...
Men dagen i dag -- dagen for gjenopprettinga av sjølvstendet -- gir grunn til refleksjon. Sjølv har eg budd her i Estland i sju år -- det er meir enn ein tredjedel av tida landet har vore sjølvstendig etter andre verdskrigen. Og i løpet av denne tida har eg sett enorme endringar. Det kan vere god grunn til å diskutere om veksten har hatt ein for høg pris, om han har kome for dei svakaste si rekning, og om han er berekraftig. Men at den økonomiske politikken har ført til store endringar og eit enormt oppbyggjingsarbeid i Estland, det kan det ikkje vere tvil om.
Det estiske demokratiet fungerer -- trass alt. Ikkje perfekt, for perfekt er ingen demokrati. Og ein del problem som er med arven frå okkupasjonstida kjem til å vere med oss i lang, lang tid framover. Men det viktigaste er at landet er fritt og framleis får vere fritt, då er det von om at problema kan løysast.
Det har roa seg kring bronsesoldaten i Tallinn -- ingen krev det er knapt nokon som lenger krev at soldaten skal setjast attende dit han stod før. Men propagandamøllene hos den store naboen i aust mel vidare på andre ting. No er det til dømes snakk om Erna-løpet, det militære løpet med deltakarar frå mange land som har fått namn til minne om den estiske kampen i 1941. Russland kallar dette for "Nazi-løp" og "fascistkrig", slik til dømes Dagbladet skriv om. Dette er skuldingar Estland opplever som grovt urettvist og usakleg -- det handlar nemleg om å heidre minnet om kampen for estisk sjølvstende, som ikkje har det minste med nazisme eller fascisme å gjere. Men dette propagandakortet vil nok like fullt Russland spele for alt det er verd for vestlege som ikkje held tunga beint i munnen og som berre ser andre verdskrigen som ein kamp mellom gode allierte på den eine sida og nazistane på den andre.
Men bortsett frå dette har Estland trass alt opplevde at det har roa seg mykje sidan det stod på som verst. Livet går sin gang, økonomien viser teikn til mindre vekst, og kanskje er det nett det som trengst. Overoppheiting ville nok elles vere den mest reelle faren, men no står det att å sjå kor mjuk eller hard landinga vil vere.
Men for nordmenn og resten av den vestlege verda har fleire andre hendingar -- som Litvinenko-saka med Storbritannia, auka militær aktivitet i nordområda, flaggplantingstokt til sørpolen og så bortetter -- sidan den tid gjerne vore med på fylle ut biletet.
20. juni 2007
Tortur i Estland?
***
Tilfelle av overdriven maktbruk frå det estiske politiet blir etterforska og tekne på alvor i Estland, og det er sjølvsagt ingen grunn til å rekne dei estiske styresmaktene som heva over kritikk i så måte. Like fullt er det vondt å sjå korleis torturofferdagen på denne måten blir misbrukt i framhaldet av den russiske propagandakrigen mot Estland.
Forsvarssjef Laaneots: Russland blir ein stadig større fare for Estland
«Russland snakkar om det russisk-tyske gassrøyret og korleis det må tryggast, men dette er berre eit påskot for å kunne styrkje flåten kraftig her i våre område,» seier Laaneots, og oppfordrar til å ta ein kikk på kartet for å sjå kva endringar gassrøyret kan føre med seg.
Laaneots gjorde eit poeng ut av at opptøya i april i Estland ikkje var nokon spontan folkeoppstand men «ein vidtrekkjande og nøye planlagt og førebudd spesialoperasjon mot Estland, godkjend på høgt hald i Den russiske føderasjonen».
Forsvarssjefen meinte aprilhendingane og bakgrunnen for dei viste at det er naivt å tru at Estland er godt trygga berre ved å vere medlem i EU og NATO.
14. juni 2007
14. juni -- ein dag for sorg og ettertanke
Junideportasjonen var ikkje den største. Til saman vart over 30 000 estarar deporterte til Sibir gjennom de to største aksjonene i 1941 og 1949, og ofrene for Stalin-terroren var alt i alt over 100 000. Det har sett sine spor i eit lite folk på knapt ein million.
Ein ny alkoholpolitikk i Estland?
Men det er sterke teikn som tyder på at trenden held på å snu. Det er i ferd med å bli fleirtal for sterkare regulering på fleire plan. Mellom anna har bystyret i Tallinn vedteke å innføre restriksjonar på salstidene for alkohol -- frå 1. juli i år vil alkoholsal i butikkar vere forbode frå klokka 20.00 til klokka 08.00 i Tallinn.
Men ein marknad og eit samfunn som er van med minimal regulering har vondt for å svelgje slike tiltak, og reaksjonane har ikkje late vente på seg. Det estiske kjøpmannsforbundet EKL har gått så langt som å truge med like godt å stengje heile butikkane klokka 20.00 om kvelden dersom dei ikkje får selje alkohol fram til klokka ti.
Vi har truleg ikkje sett dei siste reaksjonane av denne sorten. Like fullt er det liten tvil om at Estland er nøydde å gjere noko med alkoholproblema, og det er stadig meir politisk vilje for òg å nytte avgrensing av tilgangen som eit av fleire verkemiddel.
5. juni 2007
Kadri Liik: Krigen minus Stalin
Kadri Liik har mange år bak seg som estisk Moskva-korrespondent og no er ho leiar for det internasjonale senteret for forsvarsstudier (RKK/ICDS). Denne kronikken stod i Postimees den 12. mai og er her attgjeven i mi omsetjing med tillating frå forfattaren. Omsetjinga står sjølvsagt for mi rekning.
I løpet av dei åra eg arbeidde i Moskva – og av og til seinare òg – har det hendt at eg har hamna i ein situasjon der eg måtte diskutere historie med russiske politikarar. Nøkkelspørsmålet er som kjent om Estland vart okkupert eller ikkje. Og ofte har det hendt at etter kvart som samtalen har skride fram kjem motparten til slutt fram med ein påstand om at «det var ikkje vi som okkuperte dykk, men bolsjevikane som okkuperte oss bege. Dei gjorde meir skade for det russiske folket enn for nokon andre. Vi er lagnadsfeller, så det er ingen grunn for dykk til å skulde oss!»
Dette argumentet er ikkje så dårleg som det ved første blikk kan sjå ut for ein estar. Det største problemet med argumentet er at den einaste staden Moskva-politikarar nyttar det er i bitre ordskifte med journalistar frå Aust-Europa. I det verkeleg liv tek dei ikkje utgangspunkt i denne offerposisjonen. Ikkje berre det: no har det offisielle Moskva igjen svært aktivt byrja å overta sovjetisk symbolikk og retorikk.
Det er veldig trist. For hadde offerposisjonen deira verkeleg vore oppriktig, ville det herska ein mykje større grad av gjensidig forståing mellom Estland og Russland i nesten alle spørsmåla som no er så smertefulle.
Vi kan til dømes ta andre verdskrigen: om Moskva i handsaminga av krigsrøynslene hadde greidd å unngå å rettferdiggjere den stalinistiske politikken til Sovjetunioen, ville Moskva og Tallinn stå kvarandre temmeleg nær i historieforståing og problema rundt bronsesoldaten hadde truleg vore ikkje-eksisterande.
I så fall ville alle vite at då krigen byrja var den stalinistiske Sovjetunionen i nesten to år (frå 1. september 1939 til 22. juni 1941) faktisk ein alliert av Nazi-Tyskland. Etter Molotovi-Ribbentrop-pakta kunne sistnemnde vere trygg på at Sovjetunionen ikkje ville gå til åtak, og dermed kunne dei uforstyrra føre krigen i Vesten; denne tida var desto vanskelegare for dei vestlege demokratia.
Sovjetunionen valde ikkje dei godes side straks, dei valde det ikkje ein gong frivillig, men først når det reagerte på eit åtak. Tida før dette hadde Stalin derimot nytta på å skaffe seg fiendar i Polen, dei baltiske landa og Finland ved hjelp av erobringspolitikken sin, og dessutan skyte den beste delen av offisersstaben sin.
Med politikken sin sette Stalin både folket og hæren før kriten i ein mykje dårlegare situasjon enn dei elles ville vore i. Hadde Sovjetunionen vore ein sympatisk, demokratisk stat, ville kvaliteten på militæret vore intakt og dei baltiske landa og Finland kunne vore frivillige og trufaste allierte. No var det annleis. Feila som vart gjort i politikken vart vanlegvis betalt med liva til vanlege russiske soldatar -- og ikkje berre russiske.
I Russland i dag er det to svært utbreidde tankemønster som ikkje kunne finnast i eit Russland som kjenner seg som eit offer for bolsjevismen. For det første er det vanleg å seie om Stalin – og det gjeld og dei som vanlegvis kallar han for ein brotsmann – at «men han vann jo trass alt krigen». Han var det han var, men det var ein stor dåd som i alle fall delvis på sett og vis rehabiliterer han.
Eit anna vanleg grep er å vektleggje at nett Sovjetunionen -- eller Russland -- var dei som tapte flest menneskeliv i andre verdskrigen; dette skulle dermed gjere landet til den største av dei allierte og sigeren deira til den mest strålande.
Eit Russland som såg seg sjølv som eit offer for bolsjevismen ville sjå anneleis på desse tinga. Då ville det forstå at krigen ikkje vart vunnen på grunn av Stalin -- men på trass av han. Ein soldat som forsvarar heimlandet stod i røynda overfor to diktatorar, der ein av dei no ein gong var leiar i landet hans og gjorde det mykje tyngre å skulle forsvare heimlandet, med langt fleire offer enn det elles kunne vere. For eit stort tal av falne er jo i grunnen ikkje noko å vere stolt av. Ein klok hærførar tek vare på liva til soldatane sine! Stalin for derimot medvite brutalt og omsynslaust åt med dei.
Eg er lei meg for at Russland i Jeltsin-tida ikkje visste å ta til seg den de-staliniserte forståinga av krigen som eg har skildra. Det ville vore nyttig for oss alle: dei kunne teke vare på sigersdyrkina si, for det folket gjorde var verkeleg eit stor heltebragd, til og med dobbelt så stor -- å forsvare heimlandet mot eller på trass av to diktatorar. Samstundes ville dette firgjort dei frå den umoglege plikta det er å skulle rettferdiggjere dei sovjetiske brotsverka: den tåpelege retorikken som ingen i Europa forstår eller deler, som no har fått dei til å bli uvener med alle og som forgiftar sjølve den russiske sjela med sterk framandfrykt.
Dei ville ha halde på sigeren sin, på heltedåden, dei ville hatt ei mengd gamle heltar og mange nye òg (kvifor har ikkje Moskva gjort heltar av dei anti-sovjetiske dissidentane?!). Og kanskje det viktigaste av alt – dei ville ha ei historiske sanning som blir støtta, ikkje undergrave, av fakta. Dei ville ha ei forståing av verda som dei ikkje ville trenge å forsvare irritert mot resten av Europa, men som resten av Europa uansett ville dele med dei.
For femten år sidan kunne Jeltsin verkeleggjort dette verdsbiletet. No er det for seint – og ikkje berre fordi Putin har smitta heile samfunnet med sovjetnostalgi, men òg av mange meir praktiske årsakar. Eit land som føler seg som eit offer kan jo nemleg ikkje late dei leve ustraffa som forårsaka lidingane deira. Lenin og Stalin var sjølvsagt døde i 1991, men mange andre som sende dissidentar i fengsel i Bresjnev-tida var svært oppgåande.
Dei skulle vorte stilt for retten. Men i Russland i dag sit dei tvert om med makta. Og av den grunn kan vi ikkje vente endringar i Moskvas historieforståing før autoritarisimen i si noverande putinske drakt nok ein gong har svikta og vist seg som ikkje levedyktig. Då opnar det seg eit nytt høve.
Men eigentleg tok eg ikkje til å skrive denne artikkelen for å analysere Russland-spørsmål. Eg ville nå attende til Estland og foreslå at vi kan gjere det som er for seint: vi kan destalinisere minna om krigen. Hos oss burde det vere mogleg og for oss er det og svært naudsynt.
Etter alt det skremmande og rystande som hende dei nettene i slutten av april i Tallinn, spør vel mange seg om kva vi bør gjere no. Ein ting som har vore framme er betre historieundervising i dei russiske skulane.
Det er i seg sjølv truleg ei rett tilråding, men det må gjerast klokt. Det er ingen gagn i å kreve av russiske ungdommar at dei skal pugge eit heilt bind om lidingane til det estiske folket, samstundes som dei får høyre ei anna historie heime. Ei generell destalinisering av minna om krigen ville gi oss eit høve til å foreine desse historiene – eller i det minste før dei langt nærare kvarandre og gjere dei gjensidig forståelege.
For kva var problemet med bronsesoldaten? Han vart ein stad for sovjetisksinna propaganda, og det var støytande for størsteparten av samfunnet. Samstundes forstår eg svært godt dei russarane som seier at dei gikk og går til bronsesoldaten for å sørgje over sine døde, for å minnast slektningar når leivningane er ein stad langt borte eller heilt forvunne.
Eg har mange slektningar sjølv som leivningane etter ligg i Siber, men som har namnet sitt på ein gravstein i Estland – det er svært likt. Nei, det ikkje noko gale i å minnast dei døde; og når vi ser dei falne i krigen ikkje som folk som kjempa for Stalin, men folk som vart kasta mellom to diktatorar, då blir heile historia svært-svært nær den estiske røynsla. Og den estiske historia burde bli forståeleg for russarane – den same diktatoren som gjorde tapa deira under krigen langt større enn dei kunne ha vore, var det jo som påførte estarane deira tap.
Destalinisering av krigsminnet tyder derimot ikkje at det berre er den russiske folkegruppa som må korrigere sine oppfatningar. Estarane, som berre har hatt forakt til overs for nesten kvart godt ord om raudearmeen og sett det som restar av sovjetisk propaganda, bør òg bli langt meir empatiske.
I den armeen var det jo òg menneske som prøvde å forsvare heimen sin, uansett kva diktator som stod i spissen. Kva val hadde dei?! Og desse menneska sørgjer barna over.
Eller denne ulukkelege bronsesoldaten – for stordelen av estarane var han heile tida ei «Sovjetisk greie». Vi ville ikkje sjå han som ein stad for å sørgje og minnast. Dette kan vi jo forstå – alle visste jo at monumenet opphaveleg skulle stå til minne om «frigjeringa» av Tallinn; det at minneplatene vart skifta ut var i ikkje nok til å skulle endre denne tydinga.
No kan ho endrast – for merkeleg nok har flyttinga til ein gravlund verkeleg gitt statuen eit nytt tydingsfelt – eller i alle fall gjort eit slikt mogleg.
I det heile har alt det som hende, så fælt det enn var, eigentleg òg reinsa lufta og opna opp for nye potensial. Alle er litt rysta. Alle vil vite meir enn før om kva dei andre tenkjer. Alle er klare til å korrigere stereotypiane sine litt.
Lat oss då nytte høvet og skape ei slik historie om Estlands fortid som alle som bur i Estland kan dele! Hos oss, til skilnad frå Russland, er det frameleis mogleg. Og det er mogleg å gjere slik at ingen treng å kjenne at han eller ho er fråteken historia si, minnet sitt heilagdomane sine.
Fleire Nasji-aktivistar utvist frå Estland
Først ute var Andrei Kalugin som stod på post ei stund frå og med klokka 12 den 22. mai, ifølgje Postimees. Hans stilte seg altså opp midt i blomsterhavet der Aljosja ein gong stod -- iført ei uniformliknande som var meint å skulle minne om ei raudehærsuniform. Aksjonen vart snart avbroten av politiet, og turistvisumet hans vart annulert same dag. På heimesidene til Nasji blir dette sjølvsagt skildra som eit overtramp frå estisk side.
Den 4. juni er det på'n igjen -- då begjærer politiet annulering av visumet til Aleksandra Bondarenko, som òg har prøvd seg som æresvakt.
I dag var den estiske grensevakta raskare ute -- dei tre Nasji-aktivistane Maksim Urusov, Mijhail Sytsjov ja Ivan Stepin vart nemleg avvist på grensa i Narva. Dei tre fekk annulert turistvisuma sine på staden og fekk eit stempel i passet som kan gi dei problem med reiser i Europa dei neste fem åra.
24. mai 2007
Europaparlamentet støtta Estland på alle punkt
(EPL)
23. mai 2007
EU-parlamentet drøfta støtteresolusjon om Estland
Hovudpunktet i resolusjonen er solidaritet med Estland ut frå at Estland som sjølvstendig stat har handla ut frå allmenne europeiske normer og at Russland har blanda seg inn i indre tilhøve i Estland.
Resolusjonen legg vekt på at både koordering av uro frå russisk side, beleiring av den estiske ambassaden og åtak på ambassadøren, elektroniske åtak, skjulte økonomiske sanksjoner eller krav frå statsduma-delegasjonen om at den estiske regjeringa skal gå av, er heilt uakseptable.
"Innblanding i Estlands indre tilhøve er heilt uakseptabelt," sa mellom anna nestleiar for den sosialdemokratiske fraksjonen, Jan Marinus Wiersma. Han meinte at det er opp til Russland å gjere sitt beste for å komme i dialog med Estland og Latvia.
Dei estiske EU-parlamentarikarane som deltok under drøftinga var Tunne Kelam, Toomas Savi, Andres Tarand og Katrin Saks. Representantane avviste påstandane som Vladimir Putin la fram under toppmøtet i Samara om at Dmitri Ganin, som omkom 27. april, ikkje skulle ha fått medisinsk hjelp. "Nok ein gong tok Russland i bruk direkte løgn," sa Andres Tarand.
(Postimees 22.05.07).
21. mai 2007
Tivolibrannen i Rakvere -- Estland får nye ting å tenkje på
Det er ikkje usannsynleg at brannen kan vere påsett.
Ingen omkom i brannen, men 41 personar har vore innom sjukehuset i Rakvere til kontroll,
av dei hadde 31 personar skadar. To mindreårige var skadde, men det er ikkje snakk om livstrugande skadar for nokon involverte.
I etterkant har brannen utløyst ein debatt om kontrollsystem for tryggleik ved tivoli og liknande stader. Fram til no har eigaren nærast stått åleine med det tekniske ansvaret.
(Kjelder: EPL, Postimees)
16. mai 2007
Shimon Peres: Bronsesoldaten var ei indre sak for Estland
Peres meinte mellom anna at Estland har takla krisa bra og at avgjerda var Estlands eiga sak,
står det mellom anna i Postimees i dag. "Slik vi ser det gjekk regjeringa dykkar forsiktig fram og gjorde eit stort arbeid," seier israelaren.
Den israelske politikaren rosar òg Estland for utvikling på fleire område.
***
For Estlands del er det viktig at det faktum at den israelske visestatsministeren ope seier dette er med på å setje nazisme-påstandane frå Kreml i perspektiv.
Statsminister Ansip: Det var snakk om forsvar av landet
No har han teke bladet frå munnen og kommentert kvifor han og regjeringa hans gjorde som dei gjorde. Det handla om tryggingspolitikk, seier Ansip, ja rett og slett om å forsvare Estland mot ei framand makt. Hadde ikkje flyttinga vorte gjort no, ville Estland ved hjelp av destabilisering og misbruk av "landsmennene" meir og meir bli dominert av Moskva, meiner statsministeren, slik han i i dag kommenterer det under overskrifta "CCCP forever -- eller aldri meir" i Postimees.
13. mai 2007
Moskvas rolle i uroa i Tallinn
Engelskspråkleg tekst finst på heimesida til senteret.
12. mai 2007
TILBAKEBLIKK: Kva bør gjerast med bronsemannen?
Kva bør gjerast med bronsemannen?
Kor viktig aktør i politkken er ein mannsfigur støpt i bronse? Eit merkeleg spørsmål - kva politikk kan vel ein bronsemann gjere? Likevel er det stadig noko oppstyr rundt soldatstatuen på Tõnismägi i Tallinn. Ein gong i året samlar dei russiskspråklege veteranane seg der for å drikke vodka, synge og minnast gamle tider. Russiskspråklege politikarar møter opp og handhelsar på dei, dei blir filma og fotografert.
Ein annan dag kjem ein lastebilsjåfør og tippar eit søppellass for føtene på bronsemannen og blir bøtelagd av politiet.
I går morgon hadde det dukka opp ein hakekross på magen til bronsemannen som einkvan i all hast fekk måla over att. Var det nok ein gong ein provokasjon, kjem hendingane i Riga til å gjenta seg her hos oss no?Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at det kan vere ein provokasjon. Det nyttar ikkje å lure seg sjølv til å tru at det hos oss ikkje finst krefter som er interesserte i å destabilisere situasjonen og skade Estlands internasjonale omdømme.
Vi kan heller ikkje utelukke at tilgrisinga av statuen er ein estisk ekstremistorgansiasjons verk, det er berre det at ingen slik organisasjon har late høyre frå seg. I så fall vil det nok vere tale om ein leikeorganisasjon som har målingsboksen som våpen.
Det mest trulege er nok likevel tryggingspolitiets første versjon, at det var tale om vanleg hærverk - truleg eit vågestykke frå ein eller annan ungdomsgjeng. Med andre ord, ein guttestrek, men for ein reaksjon! Interessant nok vakte ikkje skjendinga av gravsteinane frå frigjeringskrigen i Pärnu nyleg nokon reaksjon i liknande målestokk. Er det staden eller gjenstanden det handlar om?
Det er tydeleg at kven det enn var som skjenda bronsemannen og kva dei no ville med det, noko positivt for Estlands land og folk fører det ikkje med seg. I likskap med alle andre arrangement og tiltak dei siste åra ved den same statuen.
Kva skal vi så gjere med bronsemannen og eventyra hans? Å utplassere ei permanent politipatrulje til å passe på ham ville nok vere i meste laget, særlig når det ikkje er nok politifolk i byen til å ta vare på menneske av kjøtt og blod.
Kanskje skulle likevel by- og statsleiarane ta mot til seg og flytte statuen til ein rolegare kvilestad, for eksempel til kyrkjegarden?
***Det interessante med leiarartikkelen over er ikkje først og fremst synspunkta - for dei har vi høyrt mange gonger dei siste åra. Det interessante er datoen.
Leiaren stod nemleg i Postimees den 24. april 1998, altså for meir enn ni år sidan, mindre enn sju år etter at Estland vann at sjølvstendet og mindre enn fire år etter at dei siste russiske soldatane reiste frå landet -- og altså seks år før Estland vart medlem i både EU og NATO.
Brevet frå Sergei Lavrov til EU-landa
Grunnen til at eg vender meg til dykk er urovekkjande utviklingar i samband med monumentet over frigjeringssoldaten i Estland.
Dei kan ha følgjer som går lengre enn rammene for russisk-estiske bilaterale tilhøve.
Situasjonen i Tallinn tek ei svært dårleg vending. Politiet driv no med spreiing av demonstrantane som forsvara monumentet. Eit titals personar fekk lide under overdriven maktbruk frå dei estiske styresmaktene Ein russisk statsborgar, permanent busett i Estland, er død. Samfunnet er i ferd med å splittast.
Vi oppfordra dei estiske styresmaktene gjentekne gonger om ikkje å setje i verk praktiske tiltak for demontering av monumentet eller flytting av leivningane etter sovjetiske soldatar. Desse soldatane gav livet sitt for å frigjere verda frå fascismen. Liknande henvendingar fekk dei estiske styresmaktene òg frå pårørande til soldatane gravlagde ved monumentet. Diverre vende Tallinn dei døyve øret til desse henvendingane.
Vi meiner at dei blasfemiske og groteske handlingane frå Estlands styresmakter er ei utfordring for det demokratiske samfunnet i heile verda, undergrev humanistiske og moralske grunnprinsipp og trassar alle verdiar som vårt moderne levevis byggjer på.
Stillteiande samtykke
Sameleis er det svært urovekkjande at ei rekkje land som er stolte over sitt demokrati og sin toleranse, syner støtte til Estlands handlemåte, og opplever situasjonen no meir som ein faktor i bilaterale tilhøve. Dei gir sitt stillteiande samtykke til kjensgjerninga at ved å jamføre heltebragdene til frigjeringssoldatane med brotsverka til nazistane og kollaboratørane deira, freistar styresmaktene i Estland å skrive om historie og omdefinere rolla til dei allierte i sigeren over fascismen under andre verdskrigen.
Historia lærer seg at aksept av uttrykk for nynazistiske kjensler i visse land kan utvikle seg til ein global tragedie. Uavhengig av kva vurderingar den eine eller andre politikaren måtte gi eller kva disputtar historikarane fører, er minnet om dei falne heilag. Meir enn det - heltar, som gav livet sitt for lukka og fridomen til komande genarasjonar, må ikkje bli offer for politisk spel. Vi er forplikta til å forsvara dei som ikkje lenger kan forsvare seg sjølv mot alle slags gravopnarar.
Vi forventar at handlemåten til dei estiske styresmaktene blir adekvat vurdert særleg av Estlands partnarar i Europa og i transatlantiske organisasjoner, likeeins i Europarådet og OSSE.
Eg trur at EU vil bruke dei verkemidla unionen rå over for å påverke Tallinn til å stoppe uretten som dei estiske styresmaktene har fått i stand.
***
Den jamne estar har lite tru på at Russland nokon gong kjem til å be om forlating for okkupasjon og terror. Og det kan ein òg greie seg utan. Men det er vondt å oppleve at ei stormakt set alle ressursar inn på å syne at det først og fremst er deira lidingar som er heilage og ærefulle.
***
EPL kommenterer brevet i ein replikk med overskrifta "Hakk i plata":
Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov sendte medlemslanda i EU eit klagebrev retta mot Estland som ikkje innheld noko nytt. Som de kan lese her i avisa skuldar han på den eine sida estiske styresmakter som ifølgje Lavrov har nytta makt mot demonstrantar, og på den andre sida kjem han med skuldingar om at Estland skriv om historia og rehabiliterer fascimen.
Baktanken med eit slikt klagebrev er heilt klart å slå ein kile inn i den heilt klare støtta til Estland som har rådd i EU til no, men det er ikkje truleg at Russland lukkast denne gongen. Russlands eigne handlingar, og ikkje berre mot Estland, har den siste tida vore av ein art som har redusert truverdet svært mykje. Derfør bør vi heller ikkje ta brevet frå Lavrov så tungt.
11. mai 2007
Har Russland funne seg ein ny "Pavlik Morozov"?
Men det groteske med heile historia var måten den stakkars guten vart lovprisa som ein sosialistisk martyrhelt, som sette revolusjonen framfor eige kjøt og blod. Dei fleste av oss som har vakse opp i frie land har vondt for fullt å trengje inn i eit tankeunivers som gjorde eit slikt propagandagrep mogleg.
***
Men Pavlik Morozov er historie, slik Stalin-deportasjonane og Bresjnev-stagnasjonen er det. Det djupt urovekkjande i dag er at at Russland nett no no prøver å gjere Dmitri Ganin, mannen som omkom under opptøya i Tallinn, til ein martyrhelt.
Dmitri var med på å plyndre butikkar og vart knivstukken av ein annan under kaoset som rådde. Han døydde av skadane.
Eg kjende ikkje Dmitri. Det var trist og tragisk at det skulle gå slik med han. Men om noko så er det kynisk mot både han og andre til dømes å skulle gi ei gate i Moskva namn etter Dmitri Ganin, slik det russiske parlamentsrådets formann Sergei Mironov no har gjort framlegg om, slik EPL refererer den russiske nyhendeportalen Regnum. Og det gjer ikkje saka betre at det er snakk om gata der den estiske ambassaden ligg.
Det er ingen grunn til å bruke sterke ord om eit slikt grep frå Russlands side. Det trengst ikkje, for handlingane talar for seg sjølv. Men det er verkeleg skremmande at landet ser ut til å vere klart for ein ny Pavlik Morozov.
Gjerdet er teke ned rundt Tõnismägi
Blomane som vart festa til gjerdet av 9. mai-feirande og sørgjande estlandsrussarar, vart ved demonteringa frakta til krigskyrkjegården og lagt ned der bronsesoldaten står no.
Forsvarsminister Jaak Aaviksoo, som har hatt ansvar for mykje av det praktiske kring flyttinga av monumentet, var sjølv til stades og inspiserte. Trolleybuss-haldeplassen er òg i drift igjen frå og med i dag.
***
Fleire små steg mot full normalisering av situasjonen i Estland, med andre ord. Dei ytre teikna på oppstyret blir borte. Men den djupare samfunnsdebatten kring implikasjonane av det som hende kjem nok til å følgje oss, kanskje i år framover.
Russisk blokade kan stoppe store investeringar
Var det "opptøyar" i Estland i 1991?
Først og fremst: Det stemmer nok heilt sikkert at hendingane den seinare tida var skilsetjande og at situasjonen ikkje har vore så spent i Estland sidan landet vann att sjølvstendet for snart 16 år sidan.
Det er derimot ikkje presist å nytte ordet opptøyar om det som hendte den gongen. Lat oss kikke på korleis nynorsk- og bokmålsordboka definere opptøyar/opptøyer:
Nynorskordboka: bråk, (gate)uro, oppstyr der store menneskemengder er med
Bokmålsordboka: uroligheter, voldsomheter av en menneskemengde. raseo-
Desse definisjonane passar på ingen måte som ei skildring av det som kjenneteikna omveltninga då Estland fekk att sjølvstendet. Det som kjenneteikna brytningtida tidleg på 1990-talet var nettopp ein fredeleg "folkerevolusjon" heilt utan valdsbruk. Det er dette som har gått inn i historia som "den syngjande revolusjonen".
10. mai 2007
Statsminister Ansip: hendingane var eit sjokk for heile verda
"Det at det vart manipulert med media, hacker-åtak, krava frå den russiske statsdumaen om at regjeringa skal gå av, åtaka på ambassaden vår i Moskva, er ikkje akseptabel åtferd frå ein av EUs strategiske partnarar," sa statsministeren til TV3-nyheitene.
Dei største spenningane meinte likevel statsministeren at Estland gjennomlevde den 26. og 27. april. Han uttrykte glede over støtta til Estland som både EU og NATO har uttrykt.
"500 millionar menneske i EU har vore med oss," sa Ansip.
Ansip slo òg fast at alle skuldingar om brot på menneskerettane vil bli kontrollert, men at ingen brot er fastslege så langt. Statsministeren sjølv seier seg nøgd med politiets arbeid.
