6. mai 2007

Historisk dokument: Estlands sjølvstendemanifest

Mellom alle aktuelle nyhende er det av og til godt å lese gamle tekstar og talar som hjelper til å setje ting litt i perspektiv. Ein slik tekst er det estiske sjølvstendemanifestet som i 1918 først vart lese opp frå balkongen ved Endla-teateret i Pärnu og dagen etter, den 24. februar, hengt opp nærast på kvar ein stolpe i Tallinn. Nett som i 1991, hadde Estland alt vore gjennom ein lang prosess, men det siste steget mangla. Og det kom gjennom denne teksten:

Manifest til alle Estlands folk

Det estiske folket har ikkje gjennom hundreåra mist lengten etter sjølvstende. Frå slekt til slekt har dei halde levande ei løynleg von om at trass i den svarte trældomsnatta og det framande valdsstyret ein gong skal kome eit tid i Estland, då "alle ljos skal kveikjast i beggje endar" og at "Kalev ein gong skal kome heim for å bringe lukke til borna sine".

No er den tida komen.

Ein kamp mellom folkeslaga utan sidestykke har pulverisert grunnstøttene i det Russiske tsarriket. Over Sarmatia-slettene brer eit øydeleggjande kaos seg og trugar med å leggje under seg alle folkeslaga som bur innan grensene av det tidlegare russiske riket. Frå vest nærmar sigrande tyske styrkar seg for å krevje sin del av arven etter Russland og først og fremst for å erobre Austersjøkysten.

I denne lagnadstunge timen er Estlands Landdag, som den lovlege representanten for land og folk, med politiske parti og organisasjonar som representerer folkestyret, kome fram til ei samstemmig avgjerd, med støtte i folkesuvereniteten, om at det no naudsynt å ta dei følgjanda avgjerande stega for å avgjere lagnaden til Estlands land og folk:

ESTLAND innan sine historiske og etnografiske grenser, deklarerast frå og med i dag som ein SJØLVSTENDIG DEMOKRATISK REPUBLIKK.

Til den sjølvstendige estiske republikken høyrer: Harjumaa, Läänemaa, Järvamaa, Virumaa saman med Narva by og dei omkringliggjande områda, Tartumaa, Võrumaa, Viljandimaa og Pärnumaa med austersjøøyene - Saare-, Hiiu- og Muhumaa og andre område, der det Estisk folket bur som urfolk og i stort fleirtall. Den endeleg fastsetjinga av republikkens grenser i landområda i grenseområda til Latvia og Russland vil skje gjennom folkerøysting når den pågåande verdskrigen er over.

I dei før nemnde områda er den einaste høge og styrande makta folkemakta innsett av den Estiske Landdagen i form av Estlands Redningskomite. I tilhøvet til alle naboland og -folk ønskjer den estiske republikken å oppretthalde full politisk nøytralitet, og vonar samtidig på det sterkaste, at nøytraliteten frå deira side samelieis vil møtast med full nøytralitet.

Det estiske militæret vil bli redusert til det nivået som er nødvendig for å halde indre ro og orden. Estiske militære soom tener i dei russiske styrkene vil bli kalla heim og demobilisert.

Fram til Estlands Stiftande Forsamling, som vil konstituerast ved allmenn, direkte, hemmeleg og proposjonal røysting, endelegg fastsett orden for styringa av landet, vil all utøvande og lovgivande makt bli verande i hendene til den Estiske Landagen og den derav danna Estiske Interrimregjeringa, som i si verksemd skal gå etter dei følgjande styrande prinsippa:

1. Alle borgarar i republikken Estland, utan omsyn til tru, nasjonalitet og politisk syn, skal finne det same vern framfor republikkens lover og rettsvesen.

2. Nasjonale minoritetar som bur innan grensene av republikken, russarar, tyskarar, svenskar, jødar og andre, sal garanterast retten til nasjonalt-kulturelt autonomi.

3. Alle borgarfridomar, ytrings-, presse-, trus-, møte-, foreinings-, fagforeinings- og streikefridom, likesom individets og heimens ukrenkelegheit, skal urokkeleg gjelde i heile den estiske staten på grunnlag av lover som regjeringa utan opphald skal utarbeide.

4. Interrimregjeringa får som oppgåve utan opphald å utnemne rettsorgan til vern av borgaranes tryggleik. Alle politiska fangar skal lauslatast med umiddelbar verknad.

5. Dei styrande organa i byar, fylke og kommunar blir bedd om å ta opp att arbeidet som vart valdeleg avbrote.

6. Det må straks opprettast ein folkemilits underordna sjølvstyret for å oppretthalde offentleg orden, likesom sjølvforsvarsorganisasjonar i byar og på landet.

7. Interrimregjering får i oppdrag utan opphald å utarbeide lovframlegg for løysing av landspørsmål, arbeidarspørsmål, nærings- og finansspørsmål på breidt demokratisk grunnlag.

E s t l a n d ! Du står på treskelen til ei framtidig rik på von, der du fritt og sjølvstendig får råde over og styre din eigen lagnad! Bygg heimen din, der orden og rett skal råde, så du er ein verdig medlem i familien av kulturfolk! Alle søner og døtrer av heimlandet, lat oss sameine oss som éin mann i det heilage arbeidet med å bygge opp fedrelandet! Sveitta og blodet som forfedra våre har gitt for dette landet, krev det, og etterkomarane forpliktar oss til det.


Må Gud vakte over deg,

Og signe deg rikt,

Kva enn du set deg føre,

Mitt kjære fedreland!


Leve den sjølvstendige, demokratiske estiske republikken!

Leve freden mellom nasjonane!

FORMANNSKAPET FOR DEN ESTISKE LANDDAGEN

24. februar 1918

Eksport til Russland er forstyrra

Fleire estiske føretak som eksporterer varer til Russland har meldt om forstyrringar dei siste dagane. Frå offisielt hald finst det ikkje noko importforbod til Russland, men russiske butikkjeder er redde for å ta inn estiske matvarer. Dei estiske føretaka slår likevel fast at tapa slett ikkje er større enn det dei kan leve med.

(Eesti Päevaleht, 05.05.2007)

Politidirektøren: Den vanlege rytmen held på å kome tilbake

Politidirektøren i Estland, Raivo Aeg, seier til Postimees at sjølv om offentlege samlingar er forbodne fram til 11. mai, er det ingen grunn til å tru at hendingane frå slutten av april vil gjenta seg. Folk held på å vende tilbake til den vanlege livsrytmen.



Aeg stadfester at politiet kjem til å følgje situasjonen i tida som kjem, men at folk flest, uansett nasjonalitet, er trøytte av uro og er innstilte på å vende tilbake til ein trygg og normal kvardag.

(http://www.postimees.ee/060507/esileht/siseuudised/259036.php)

Opprop: Estarar og russarar, gi kvarandre kvite tulipanar!




Eit opprop på internett oppfordrar estarar og russarar til å gi kvarandre kvite tulipanar som eit teikn på forsoning og god vilje: http://whitetulips2007.blogspot.com/
Teksten, som er på russisk og estisk, lyder:
Folk i Estland har ulik fortid, men felles framtid. Vi trur ikkje på at estarar og russarar ikkje kan kome overeins med kvarandre. Vi vil ikkje hate!

Vi foreslår gjensidig å bringe kvite tulipanar, eller om ikkje dei er å å tak i, andre kvite blomar, nellikar, roser eller til og med snøklokker, til stader som er viktige for dei andre. Kvar ein kvit blom tel! Alle blomsterbutikkar har kvite blomar!

20 unge estarar og russarar

Litauisk initiativ: Ei ny baltisk lenkje

I 1989 kom dei baltiske lande på verdskartet då estarar, latviarar og litauarar tok kvarandre i hendene og danna ei ubroten lenkje av menneske frå Tallinn gjennom heile Estland og Latvia og til den litauiske hovudstaden Vilnius.

I lys av krisa mellom Estland og Russland har no studentar i statsvitskap saman med vekebladet Atgimimas teke initiativet til ei ny lenkje for å vise baltisk solidaritet og samhald. Den fredelege demonstrasjonen skal etter plana finne stad tysdag 8. mai. Det vil vel neppe bli noko så stort som vi såg i 1989, men det gjenstår likevel å sjå.

(http://www.postimees.ee/060507/esileht/valisuudised/258976.php)

Uro i Estland gav eksplosjon i lesing av nettaviser

At Estland lenge har vore eit land som har ligge ganske langt framme er vel kjent, men dei estiske internett-avisene har likevel opplevd eit enormt popularitetshopp sidan hendingane rundt bronsesoldaten skaut fart i slutten av april, skriv Aivar Reinap i Postimees, den største seriøse avisa i Estland. Nettutgåva har gitt høve til å følgje hendingane i Estland og den diplomatiske krigen med Russland i "sanntid" på ein meir direkte måte enn både tradisjonelle aviser og fjernsyn. Dette har fått det framleis veksande talet på lesarar av nettutgåva av Postimees til å passere 386 000, eit svært stort tal i eit land med berre 1,3 millionar innbyggjarar.

(http://www.postimees.ee/060507/esileht/majandus/258932.php)

President Toomas Hendrik Ilves: Vi greier å bli samde om ei felles framtid

Eg gjengir i rask norsk omsetjing talen til Estland president i samband med hendingane:

Kjære landsmenn! Denne vårdagen ønskjer eg å snakke svært direkte med dykk.

Den siste veka har skuffa meg. Eg er skuffa, fordi det i Estland finst personar, som ikkje har respekt for sine medborgarar eller for staten og samfunnet dei lever i. Skuffinga blir heller ikkje mindre av at eg veit at det alt i alt er svært få slike personar og at aktiviten deira for ein stor del er provosert eller oppegga ein annan stad ifrå.

Vi må ærleg innsjå med oss sjølv at målet for stridshissarane er eit nedrig ønskje – at estarar og russarar ikkje skal komme overeins med kvarandre. Men vi må skuffa stridshissarane, for vi let oss ikkje hisse til strid. Dette er det beste høvet vi har til å vise oss som større enn dei som manipulerer oss. Eg veit at landet vårt er rikt på både kloke estarar og kloke russarar, og eg veit at ingen av dei er dumme nok til å late seg påverke av tannlause bråkmakarar.

For eit par dagar sidan fann eg på ei nettside ein fotoserie om Tallinn som var lagt ut av av ei ung kvinne som bur i Estland og heiter Maria, og overskrifta var svært treffane – «Vi er russarar, men heimlandet vårt er Estland». Takk skal du ha, Maria!

Vi må vere ærlege, dei fleste av våre russiskspråklege landsmenn var på Estland side i løpet av dei urolege dagane og nettene siste veka. De var med oss alle, det var for ro og tryggleik, og det takkar eg dykk for. Lat oss ikkje føre vill av dei som i nattemørket plyndra butikkar, og som før eller seinare uansett hadde funne eit høve til å stele. Politiet og rettssystemet vårt tek seg effektivt av dei.

Dei siste dagane har lærdom for alle som er glade i Estland. Som estarar må vi forstå at det i Sovjet-tida kom menneske til Estland som no bur i den estiske republikken og at deira born og barneborn er våre landsmenn. Eg oppfordrar mine estiske nasjonalfeller til å forstå dette heilt tydeleg. Samstundes oppfordrar eg alle landsmenn til å sjå den estiske staten som sin.

Sanninga er enkel: Alle vi som bur i Estland kjem til å bli buande her. Siste veka til trass. Saman. Side om side.

Andre folkeslag som bur i Estland må forstå og anerkjenne at estarane har sine historisk svært smertefulle røynsler frå livet under dei tre okkupasjonane siste hundreåret. Vi må alle kunne sjå og forstå også dei andre sine tragedier. Greier vi det, då veit eg sikkert at vi skal greie å bli samde om ei felles framtid.

Kjære landsmenn,

eg oppfordrar dykk til å vere urokkelege, verdige og venlege. Kjenner de at de ikkje alltid forstår kvarandre, så snakk saman. I denne kommunikasjonen treng vi ingen mellommann som eigentleg har som mål å setje oss opp mot kvarandre. Den estiske staten snakkar med alle, bortsett frå med dei som driv med hærverk og stridshissing, dei er det etterforskarar og dommarar som snakkar med.

Lat oss gi det vakre ordet «nasji», «våre eigne», som no diverre blir nytta i Kreml-propagandaen for å spreie usann informasjon og fiendskap, ei ny tyding. Alle dei som ser Estland som sitt eige land, er våre «nasji».

Og nett til dykk seier eg, lær dykk estisk, kom dykk fram i verda, ver glade! Og staten vil støtte dykk. Staten har plikter overfor dykk, slik de òg har plikter overfor staten.

Historia om bronsesoldaten er over. Bronsesoldaten og leivningane etter dei som låg gravlagde der får seg ein ny, verdig stad ved gravlunden. No er det tid for å slutte å utnytte minnet etter krigsofra til politiske eller andre upassande formål.

Estland er eit fritt og demokratisk land. Vedtaka til den estiske regjeringa kan alltid kritiserast og motarbeidast med lovlege middel. Som president vil eg derimot love at alle freistnader på å gå til åtak mot Republikken Estland med ulovlege middel òg i framtida utan nøling vil bli slått ned. Den estiske staten har respekt for seg sjølv og vil korkje no eller i framtida akseptere åtak retta mot staten.

Til slutt vender eg meg til Estlands granneland Russland og seier det tydeleg – prøv å oppføre dykk sivilisert! I Europa er det ikkje skikk og bruk å krevje at den demokratisk valde regjeringa i ein suveren stat skal gå av. I Europa er det ikkje skikk og bruk å organisere datastyrte hacker-åtak mot statlege institusjonar i eit anna land. I Europa som elles i den siviliserte verda meiner ein ikkje at Wien-konvensjonen kan brytast, berre det er ambassaden til eit lite nok land det gjeld.

I Europa er det vanlege at usemje, som frå tid til annan oppstår mellom land, blir løyst av diplomatar og politikarar, ikkje i gatene eller med datakrig. Slik oppfører statar seg nokre andre stader, men ikkje i Europa.

Originaltekst: Postimees, 03.05.2007

Kva er eit «grått pass»?

I norsk språkdrakt har eg frå tid til annan sett påstandar om «apartheid-politikk» i Estland (og Latvia). Nokre skal til og med ha sett at russarar har anna pass enn «førsterangs borgarar».

Det er rett at det finst noko som i estisk daglegtale gjerne blir kalla eit «grått pass». Men bortsett frå fargen er det ikkje noko spesielt med dette systemet. Noreg har det same -- dei norske er forresten blå -- og det kallast for eit utlendingepass. Det er eit dokument som fungerer som eit vanleg pass, men som ikkje provar statsborgarskap.

Då Estland fekk at sjølvstendet stod dei framfor eit enormt problem, nemleg ei stor gruppe russiskspråklege som ikkje identifiserte seg med den estiske staten. Ein del av russarane hadde akseptert sjølvstendet, ein del hadde kjempa mot, til dømes gjennom den russiskstemte «interrørsla».

Estland måtte velje: skulle dei automatisk og utan søknad gi statsborgarskap og dermed røystrerett til ei stor mengde personar som i utgangspunktet slett ikkje var interessert i å vere med å bygge eit estisk samfunn, og som heller ikkje kunne estisk og dermed ikkje var i stand til å orientere seg i kva som skjedde i samfunnet -- eller skulle dei gi statsborgarskap til dei som søkte om det og som dokumenterte grunnleggjande kunnskapar i estisk.

Resultatet var eit stort antall personar som ikkje foretok seg noko, fordi dei meinte det var urettvist at dei skulle trenge å søkje om noko, eller fordi dei ikkje var interesserte i eller ikkje hadde høve til å skaffe seg elementære estiskkunnskapar.

Ein del av desse søkte om -- og fekk -- russisk statsborgarskap. Og stadig fleire har fått estisk statsborgarskap ved søknad og naturarlisering. Estland har dei siste åra drive ein aktiv integrasjonspolitikk med gratis estiskopplæring, og om det held fram i same tempo Ved årsskiftet var det att 125 790 personar utan statsborgarskap i Estland -- det vil seie litt under ti prosent av folket. Ved folketeljinga i 2000 var det 170 359. Det går altså framover.

Men kvifor ikkje berre gjere dei alle til statsborgarar? Det er det kanskje lett å spørje om, når ein kjem utanfrå. Det kan vere vanskeleg å tru at det verkeleg kan vere slik at hundretusener av personar bur i eit land i tretti år utan å lære seg språket. Men det er faktisk slik det er, og mange av russarane er framleis totalt uinteressert i å lære seg estisk.

Men kva med å gi russisk offisiell status i Estland, ville ikkje det vere eit rimeleg krav?
Vel, det er det igjen lett å spørje om når ein kjem utanfrå. Men i praksis ville ei sidestilling av russisk og estisk gi russisk ein enorm fordel framfor estisk. Slik vil det vere i ein god del framover, heilt til den russisk minoriteten har fått tid til å lære seg det offisielle språket på eit brukbart nivå. Det var ei stund at denne fordelen for russisk på litt lengre sikt truga med å utrydde det estiske språket og dermed estiske estarane som folk. Slik er det heldigvis ikkje no, og slik vil vel heller ingen at det skal bli.

Og midt oppe i dette er det sjølvsagt svært viktig å respektere rettane til uskuldige russarar som har all rett til å leve i landet der dei er fødde, same om bestefaren deira var okkupant eller frigjerar. Og dei har all rett til å halde på språket sitt, til å utvikle kulturen sin. Det er det ingen som har noko imot. Det den jamne estar vonar er at russarane skal vere Estlands-russarar som veit kva Estland er for noko. Og då kjem ein ikkje unna det estiske språket.

Integrasjonsutfordringa skjem til å vere der i mange, mange år enno. Det finst ingen enkle løysingar. Det er heilt sikkert at dialog er nødvendig, men det er framleis eit stort problem at store mengder folk har vore avskorne frå heile den samfunnsdebatten som har gått i Estland sidan slutten av åttitalet og i staden har levd i sitt parallelle, russiskspråklege univers, der mange av impulsane har kome frå den andre siden av grensa. Det er mange slike som framleis sit med «gråe pass».

Litt om estarar og russarar i Estland

Eg held fram i von om å drive litt folkeopplysning -- kven er dei eigentleg, estarane og russarane i Estland som det no blir snakka om? Kor kjem dei frå og kor lenge har dei vore her?

Vel, først og fremst, estarane er urfolket. Dei har vore her "heile tida". Det er vel ikkje så mykje meining i å spekulere om akkurat når dei kom, det er uansett førhistorisk.

Men kva folkeslag er det i Estland no? Vel, svært mange, men dei største minoritetane er dei russisktalande. Nokre av dei definerer seg kanskje som ukrainarar eller kviterussarar.
Her er litt offisiell statistikk frå det estiske statistiske sentralbyrået, med tal frå 2000 og frå 2006:

FOLKESETNAD I ESTLAND, 1. JANUAR 2000 OG 2006

Alle nasjonalitetar
Estarar Russarar Ukrainarar Kviterussarar






2000




Heile Estland
1 372 071935 884354 66029 25917 460
..Tallinn 400 781217 248147 78314 8498 045
Ida-Viru fylke 180 14336 365126 4784 8795 322
2006




Heile Estland
1 344 684921 908345 16828 32116 316
..Tallinn 396 193216 996144 85814 3287 657
Ida-Viru fylke 172 77534 314122 4824 6154 829
(Kjelde: www.stat.ee)

Tala frå hovudstaden Tallinn og frå Ida-Viru fylke (nordaust i Estland, der mellom anna Narva by ligg) er medtekne fordi det er områda i Estland som har dei største russiske minoritetane.

Men kvar kjem ein slik minoritet ifrå? Svaret er vel kanskje innlysande: frå Sovjetunionen. Det er snakk om arbeidskraft som kom i samband med oppbygginga av sovjetisk tungindustri etter krigen.

I 1881 var det 29 380 russarar i Estland og i 1941 var det 72848. Rett etter andre verdskrigen var det 97% etniske estarar i landet. Men ganske fort etter restaliniseringa skaut importen av russarar fart. I 1959 var det 240 227 og i 1989 var toppen nådd, med 474 834 russarar.

Offisielt var Sovjetunionen antinasjonalistisk, men i praksis var russisk det språket som hadde forrang i sovjettida. Den massive immigrasjonen -- for ikkje å seie importen -- av russarar gjorde at estarane med rette var redde for å misse eige språk, eigen kultur og identitet.

Vi har sjølvsagt lov til å vere kritiske, men det er viktig å vere klar over dette bakteppet når vi vurderer den estiske minoritets- og integrasjonspolitikken.

Estland og bronsesoldaten ⎯ «the story so far»


Dei fleste i Noreg har vel fått med seg at det var uro i Tallinn i slutten av april i år. Mange har vel til og med høyrt ein del detaljer om det som skjedde og at det hadde med ein statue å gjere ⎯ ein bronsesoldat som har stått der sidan Sovjet-tida.
Men det er i grunnen ikkje så mykje ein gjennomsnittsnordmann veit om bakgrunnen for det som skjedde. Og nettopp dét er i grunnen eit stort problem, for det finst krefter som gjerne vil at røykteppet kring det som skjer skal vere minst mogleg gjennomsiktig. Det er vel neppe nokon stor løyndom at dei kreftene har ei høgborg i Moskva.

***

Difor vil eg prøve på eit lite samandrag av historia så langt her. Bruk gjerne fleire kjelder og kontroller det eg seier. Nokre av lenkjene frå denne bloggen gir godt høve til det. Eg er ikkje historikar, men eg har lese ein god del om Estland og eg har snakka med mange estarar som har opplevd tidene sjølv.



Estarane er eit lite folk. Første januar i år var det i Estland 935 884 personar som definerte seg som etniske estarar - dei utgjer dermed i overkant av 68 prosent av det totale folketalet i landet. Og estarane er språkleg rimeleg nærskylde med finnane, det vil mellom anna seie at det ikkje finst meir likskap mellom estisk og russisk (eller estisk og latvisk, for den saks skuld) enn det finst mellom til dømes norsk og finsk.
Opp gjennom historia har estarane vore underlagt mange større og mindre makter og herskarar. Sidan dei misse fridomen under korstoga i middelalderen, har det vore både dansk, svensk, polsk og russisk styre på estisk jord ⎯ men først og fremst tysk. Tyskarane dominerte den kulturelle og politiske eliten i Estland frå middelalderen og fram til sjølvstendet i 1918. Og trass i at Estland mellom 1721 og 1918 var ein del av Tsar-imperiet, har russarane sett relativt lite preg på den estiske kulturen, for ikkje å snakke om språket.

Det estiske sjølvstendet vart deklarert den 24. februar 1918, og etter freden i Tartu 1920 fekk Estland utvikle seg som eit sjølvstendig land i tjue år, heilt fram til andre verdskrigen. Tjuetalet var prega av eit liberalt demokrati med problem og barnesjukdomar ⎯ til dømes sleit estarane med å få til eit stabilt partisystem. Men at det var eit demokrati og at folk deltok og bygde landet sitt, det er det liten tvil om.
Utover på 1930-talet gjekk det nedover med demokratiet over mykje av Europa. I Estland vart det òg eit autoritært styre, men det er tullprat å kalle det fascistisk. Styret som president Konstanting Päts etablerte etter 1934 innskrenka dei demokratiske rettane ein del, men det kom først og fremst som ein freistnad på å hindre den populære fascist-liknande krigsveteranrørsla til å kome til makta. Men tung luft i maktkorridorane i Tallinn kan nok likevel ha svekt Estland ein god del og må kanskje ha noko av skulda for det som skulle kome.
Under oppseglinga til andre verdskrigen var nemleg Hitler og Stalin svært så gode vener ei stund. Dei inngjekk ein avtale kjent som Molotov-Ribbentrop-pakta. Denne pakta var i utgantspunktet ein avtale om at Sovjet og Tyskland ikkje skulle fyke på kvarandre, men vel så viktig var i praksis den hemmelege tilleggsprotokollen til avtalen frå 23. august 1939, som i tysk originalversjon hadde eit punkt som såg ut slik som dette:

1. Für den Fall einer territorial-politischen Umgestaltung in den zu den baltischen Staaten (Finnland, Estland, Lettland und Litauen) gehörenden Gebieten bildet die nördliche Grenze Litauens zugleich die Grenze der Interessensphäre Deutschlands und der UdSSR. [...]

Med andre ord - Sovjetunionen og Nazi-Tyskland avtalte seg imellom at Estland skulle tilhøyre ei Sovjetisk interessesfære. Stormaktene delte Europa mellom seg, utan større interesse for å spørje dei mindre nasj0nane det faktisk galdt. Protokollen vart forresten seinare justert, slik at òg Litauen hamna i sovjetisk sfære.

I trygg visse om at Nazi-Tyskland ikkje ville stikke kjeppar i hjula, kunne dermed Stalin leggje opp strategien for å få Estland inn i Sovjetunionen. Estland var i likskap med mange andre land før krigen nøytralt, så dermed ville det vere eit flott påskot for Sovjet om dei kunne påvise at Estland sjølv braut nøytraliteten. Eit slikt høve baud seg då den polske u-båten Orzel rømde fra hamna i Tallinn. Sovjet tolka det som at Estland ikkje lenger kan vere nøytralt, og kravde at Estland skulle inngå ei gjensidig bistandspakt. Päts-regjeringa gav etter, og resultatet var sovjetiske basar på estisk jord. Estland var framleis sjølvstendig, men det var fort langt fleire sovjetiske enn estiske soldatar i landet.

Etter dette kunne stalinistane ta det steg for steg. Uansett hadde ikkje Estland lenger noko reelt høve til motstand, og gjennom utskriving av nyval i sovjetisk stil, massivt fusk, utnemning av marionettregjering og til slutt søknad om opptak i Sovjetunionen, kunne okkupasjonen fullførast i ly av pakta med Tyskland og dei urolege tidene i Europa og heile verda.



Året frå 1940 til 1941 vart eit skrekkens år, med massedeportasjonar og oppleving av den brutale røyndomen under stalinistisk styre. Dermed var det ikkje sjølvsagt at estarane sørgde så veldig over ein ny okkupasjon ⎯ då «det forræderiske fascistiske Tyskland» ikkje lenger såg seg bundne av den tidlegare delinga av verda og mellom anna okkuperte Estland. For Sovjet var «den store fedrelandskrigen» i gang. For Estland var ein okkupant bytta ut med ein annan. Det nye regimet var sjølvsagt ikkje hakket betre, men om vi likar det eller ikkje: for den jamne estar var nok kvardagslivet heller meir tåleleg under tyskarane enn det hadde vore under Stalin.



Det var bakgrunnen for at mange estarar kjempa i tysk uniform då krigslukka tok til å snu i 1944. Dei såg det som det einaste høvet dei hadde til å hindre at det dei alt hadde sett i 1940 skulle gjenta seg. Dei fleste hadde lite til overs for nazi-ideologien, men gjorde det dei trudde var det einaste moglege i den nesten umoglege situasjonen dei var i. Og at dei kjempa i SS- og ikkje Wehrmacht-uniform, slik russisk propagande likar å peike på, var eit resultat av tysk taktikk, ikkje av estisk ønske.

Men Stalin hadde mykje folk og lite skruplar, og køyrde berre på med soldatar heilt til han braut gjennom og vann slaga og etter kvart krigen. Og ettersom livet og fridomen i Sovjet både før og etter dette ikkje var så mykje å skryte av, vart heile identiteten til russarane etter kvart bygd opp rundt det faktum at «det var vi som knuste fascismen og fridde verda».

Men Estland vart ikkje frigjort fra nazismen (eller fascismen, som Sovjet konsekvent kalla det, slik at ingen Sovjet-borgar skulle finne på å analysere ordet «nasjonalosialisme» og bli forvirra av at dei hadde «sosialisme» i namnet). Estland vart ikkje frigjort av ein enkel grunn: Tyskarane trekte seg ut før raudehæren kom inn. Estarane var alt i ferd med å etablere sitt eige styre som sjølvstendig land igjen, og det blå, svarte og kvite estiske flagget vaia over Tallinn då raudehæren ein dag seinare storma inn og reiv det ned for å erstatte det med raud symbolikk. Og den tyske okkupasjonen var erstatta med sovjetisk re-okkupasjon.

I Noreg er vi vane med å tenkje at andre verdskrigen varte frå 1940 til 1945. For Estland varte han nærast frå Molotov-Ribbentrop-pakta vart inngått i 1939 til dei siste sovjetiske soldatane reiste frå landet i 1994. Det er ei lang tid med okkupasjon. I etterkant verkar det som eit under, det som skjedde. Det fanst ein historisk sjanse. Estland vakna i løpet av 80-talet frå skrekken etter stalinismen, frå lidingar, deportasjonar og seinare diktatur og stagnasjon. Dei greip sjansen og dei gjorde det utan vald. Saman med dei andre baltiske landa tok dei kvarandre i hendene. Dei song og dansa. Og dei kravde sjølvstende. Og i dei heite augustdagane 1991 var dagen komen. Medan gammelkommunistane prøvde seg ein siste gong i Moskva, var tida komen for Estland. I Tallinn overvann dei ulike fraksjonane splittinga mellom dei moderate og dei meir radikale nasjonalistane, og dei kom fram til ei felles erklæring. Estland erklærte seg fritt, og eit par månader seinare var landet medlem av FN. I 1992 overtok den estiske krona etter den ustabile rubelen og økonomien tok til å kome i gang. I 1994 var landet fritt for sovjetiske militærbasar. I 2004 vart landet etter ein lang prosess med i både EU og NATO ⎯ med berre eit par månaders mellomrom. Og tida frå 2000 og fram til i dag har vore prega av sterk økonomisk vekst.

***

Ei solskinshistorie på mørk bakgrunn, slik stod Estland fram. Heilt fram til ganske nyleg, då verda fekk høyre om uro og vald i Tallinn, om sosiale og etniske motsetnader. Kor kom dette frå? Låg det under overflata og ulma heile tida? Svaret er nok både ⎯ òg. Først og fremst ⎯ alt det positive har ikkje blitt borte. Og alt det negative har ikkje oppstått no, det har berre blitt meir synleg. Men kva var det eigentleg som skjedde?

Mellom Karls-kyrkja og nasjonalbiblioteket, berre eit steinkast (ironisk å skrive det ⎯ dei knuste jo faktisk eit par ruter der) unna okkupasjonsmuseet og ikkje langt frå gamlebyen stod det eit monument som dei siste åra har hatt påskrifta «til dei falne i andre verdskrigen». På estisk og russisk. Det som slo meg då eg gjekk forbi statuen, var at eg er nesten uvan med å sjå formuleringa «andre verdskrig» på russisk. Slike momument brukte gjerne den gamle formuleringa «den store fedrelandskrigen». Eit sikkert teikn på at minneplatene med skrifta var sett opp etter 1991.

Statuen av ein soldat i sovjetisk uniform med bøygd hovud var laga av bronse og sett opp i 1947, midt i svartaste Stalin-tida. Han var kjent som bronsesoldaten, bronsemannen eller «Aljosja», men det var ingen konkret soldat han skulle førestelle. Han var nok helst eit monument til den «ukjende soldaten» ⎯ men sjølvsagt på sovjetisk side, slik uniformen tydeleg viste. Russarane kalte han helst for «soldat-frigjeraren». Og det han symboliserte var viktig for dei. Unge gjekk verkeleg rundt og trudde at bestefaren deira verkeleg frigjorde dette landet. Nokre formulerte det vel heller slik som at «bestefar vann dette landet for meg». Mange trur det framleis.

Det var ikkje slik estarane kjente det. Dei fleste opplevde det som noko utriveleg å ha ein hær i den forhatte raudehærsuniformen ståande på ein så prominent plass. Ikkje for det, det var mange nok estarar som òg kjempa i den uniformen, men å skulle heidra hæren som frigjerarar var det nok heller lite grunn til.

Like fullt aksepterte dei aller fleste at for den russiske delen av folket var soldaten eit viktig symbol. Det var få som hadde noko imot at russarar som sjølv hadde mist nokre av sine under krigen la ned kransar ved soldaten og mintest sine kjære. Det absolutte fleirtal av estarar såg med stor forståing på nett den biten.

Problemet låg i måten markeringane etter kvart vart gjort på. Den 9. mai feirar Russland sigeren i «fedrelandskrigen». Dei siste åra samla russarar seg ved bronsesoldaten med sovjetiske flagg og symbolikk. Dette drog til seg meir ytterleggåande element frå estisk side, unge, til dels høgreekstreme, som let seg provosere. Og politiet hadde stadig større vanskar med å halde ro rundt bronsesoldaten. Dette vart ikkje betre av at soldaten samstundes var eit gravmonument. Tolv krigsgraver var det nemleg rett ved.

Dette gjorde at det dei siste to åra har vore mykje snakk om at det beste ville vore å flytte både soldaten og gravene. Det har aldri vore snakk om å øydeleggje monumentet ⎯ bortsett frå hos nokre nasjonalistiske ekstremistar som ikkje blir tekne på alvor, slik som Jüri Liim, som vart bøtelagd for å kome med trugslar om å sprengje minnesmerket i lufta. I 2006 var det lenge politivakthald rundt monumentet, og heile plassen var avsperra. Det var problem med skjending av monumentet frå estisk pøbel, og det var problem med faren for samanstøt mellom estiske og russiske ekstremistar. Sidan politivakthaldet vart avslutta har ei samanslutning av unge russarar ⎯ kjent som «Nattevakten» (russisk Ночной дозор) ⎯ drive og mobilisert eit uoffisielt forsvar for monumentet. Dels har dei stått fram som forsvararar av det forståelege ønskjet om framleis å ha ein plass å gå til for å minnest bestefar ⎯ men òg dels som temmeleg militante representantar for den lokaliserte versjonen av stor-russisk sjåvinisme.

***

Kva var det då eigentleg som skjedde i slutten av april 2007?
Først og fremst lyt vi skilje mellom det som faktisk skjedde og det som regjeringa hadde planlagt. Natt til 26. april starta det som planlagt med at politiet raskt fekk sett opp gjerde og eit stort telt over minnesmerket og plassen framfor det. Dette vart gjort for at det ikkje skulle bli tid eller høve til å organisere uro og oppstand. Plana var ikkje å vere raskt ute med å flytte minnesmerket, men utover dagen og kvelden den 26. april skjedde det ting som gjorde at regjeringa måtte tenkje og handle raskt. Soldaten stod nemleg framleis trygt på plass då rasande unge russarar gjekk laus og herja vilt i sentrum av Tallinn. Dei gjekk amok, knuste vindauge, røva og rana, velta bilar. Og då dette var ein realitet, kom regjeringa fram til at dei ikkje våga å risikere ein situasjon der bronsesoldaten og dei arkeologiske utgravingane som skulle skje inne i teltet i mange dagar skulle bli åstad for vald og massedemonstrasjonar. Dei tok ei rask avgjerd og fekk soldaten flytta. Og i løpet av eit par dagar var han på plass igjen ⎯ denne gongen på krigskyrkjegarden, slik plana på lengre sikt hadde vore.

***

Estland følgde opp med politipatruljer, midlertidig forbod mot alkoholsal og større utandørs samlingar. Innenriks lukkast det ganske godt å få situasjonen under kontroll. Det er nok rett som til dømes Aftenposten skreiv, at nokre gamle sår vart rivne opp. Men eit positivt resultat av at ein del frustrasjon kom fram -- om enn på ein destruktiv måte -- er at det i Estland no blir snakka mykje om kva vi faktisk kan gjere for å fremje dialog. Det er ikkje ein enkel dialog det er snakk om, men at det må takast på alvor er det vel få som er usamde i.

***

Estarar og russarar i Estland skal nok greie utfordringane med å leve saman, om dei enn kan vere store. Men noko av det mest øydeleggjande er når Moskva blandar seg opp i det heile. Dei forstyrrar integrerings- og normaliseringsprosessen brutalt ved å gjere russarane i Estland til representantar for russiske interesser i staden for å lata dei vere ein minoritet som naturlegvis har sine soleklare menneskerettar og som treng å venje seg til at dei er ein del av det estiske samfunnet.

2. mai 2007

Det er tunge tider i Estland og Øyvind tek til å blogge

Eg har tenkt på det ei stund, at ein skulle kanskje gjere noko ut av tanken og ta i bruk bloggen som medium. Og det som får meg til å ta steget er hendingane i Estland den siste veka. Eg lever midt oppe i det, eg les estiske aviser frå dag til dag, eg har mange av venene mine i Estland, eg har estisk språk som levebrødet mitt gjennom omsetjing og konsultasjonar -- og ikkje minst bur eg i Estland og har estisk familie. Det gjer meg nok sikkert ikkje upartisk, men like fullt er det vel kanskje tid for å skrive meir på norsk som kanskje elles ikkje når fram til Noreg.
Her i bloggen kjem eg til å kome med ein del omsetjingar av stoff frå estiske medier -- og mine eigne kommentarar, der eg ser det som naudsynt.