11. feb. 2015

Om ikkje å sove


I alle dei åra eg budde i Estland, var det ein ting med estarane eg stundom syntest var i meste laget: Mange trudde at Russland kunne få for seg å setje i gang ei destabilisering og snikerobring av naboland. Mange trudde at Russland kunne bruke russiskspråklege minoritetar i naboland som påskott og mellommenn, manipulere konflikten og etter kvart sende «humanitær bistand» og «fredsbevarande styrkar».

Men eg var frå Noreg, og i det lengste meinte difor min ryggmargsrefleks, kanskje i likskap med din, at dei overdreiv. Heile verdsbiletet var forma av Scorpions «Winds of change» og Fukuyamas «The End of History and the Last Man». Eit verkeleg aggressivt Russland passa ikkje inn i biletet.
No har mykje av det skjedd.

Kanskje stoppar det i Ukraina. Men det er ikkje sikkert. Det er ikkje lenger galskap å seie at ein stor europeisk krig er éi mogleg utvikling. Sakte set store maskineri seg i rørsle.
I dei baltiske landa er mange redde. Er vi dei neste, spør dei. Og dersom dei verkeleg skulle vere det, er det moglege å tenkje seg fleire scenario, ingen av dei hyggelege:
  • NATO viser tenner akkurat i den grad at det skaper ein terrorbalanse, resultatet er ein ny kald krig.
  • NATO-paktens artikkel 5 blir avslørt som ein bløff og alliansen går i oppløysing. Derifrå er det kvart land for seg.
  • NATO er involvert i ein direkte militær konfrontasjon mellom atommakter.
Angela Merkel sa nyleg mykje mellom linjene, då ho stoppa seg sjølv før ho snakka om kva som kunne skje. Obama har forsikra dei aust-europeiske alliansepartnarane om at USA stiller opp. Putin har frå si side mint tydeleg om at Russland har atomvåpen. Det unemnelege er i ferd med å bli nemnt.

Jeg skaket av frost. Jeg fikk på mig klær.
Ute var glitrende stjernevær.
Bare en ulmende stripe i øst
varslet det samme som drømmens røst:


Dagen bakenom jordens rand
steg med et skjær av blod og brand,
steg med en angst så åndeløs,
at det var som om selve stjernene frøs!


Jeg tenkte: Nu er det noget som hender. -
Vår tid er forbi - Europa brenner!


Dette sa Arnulf Øverland. Den gongen vart det krig. Kva skjer no? Eg veit ikkje. Kanskje finst det håp. Kanskje er vi klokare no. Kanskje greier vi å halde oss vakne. Kanskje greier vi å unngå krig.

Men historia er ikkje slutt.