14. nov. 2010

Ny russisk Baltikums-strategi?


Heilt sidan sovjet-tida har det i Russland vore ein sterk tendens til å nekte å innsjå at dei baltiske landa er sjølvstendige «på ordentleg». Doktrinen om det såkalla «nære utland» har handla om at Russland framleis har særskilde rettar i det tidlegare Sovjet, og tanken om ein gong å gjenerobre dei baltiske landa har jamt ligge litt for nær.
Samstundes har tida arbeidd for Estland og dei andre baltiske landa. Kvar dag og kvart år med integrering i vestlege og europeiske strukturar har gjort prosessen litt meir irreversibel. Og alle dei baltiske landa har kome langt: EU og NATO i 2004, Schengen-området i 2007. Og no har Estland eit forsprang, med OECD-medlemskap i 2010 og overgang til euro frå 1. januar 2011.

Har alt dette endeleg fått Russland til å innsjå at det baltiske sjølvstendet har kome for å bli? Det meiner i alle fall den russiske historikaren Boris Sokolov, sitert i Postimees.
«Frå å støtte parti og russiske organisasjonar som ope orienterer seg mot Russland og drøymer om at Sovjetunion skal gjenfødast i ei eller anna form, går Russland stadig meir i retning av å støtte parti og blokker som ikkje berre støttar russiskspråklege veljarar, men som er villige til å møte krava til veljarane i Estland, Latvia og Litauen,» skriv Sokolov.

I Estland er Keskerakond (Senterpartiet) under leiing av Edgar Savisaar eit slikt parti, som i lokal målestokk er kjend som russarvennleg, men samstundes godt etablert som eit estisk parti. Dei har i Estland vore mykje kritisert for overlag varme relasjonar med Kreml, ikkje minst for samarbeidsavtalen med Putins maktparti "Foreinte Russland".

Er dette teikn på ei normalisering av tilhøva mellom Russland og dei baltiske landa? Eller tvert om ein slesk og utspekulert måte å infiltrere det baltiske politiske livet på? Eller ingen av delane? Keskerakond sjølv har ikkje lagt merke til store endringar, ifølgje Enn Eesmaa, som både er nestleiar i partiet og i utanrikskomiteen i det estiske parlamentet. Han meiner den mykje omsnakka samarbeidsavtalen ikkje fører til særleg hyppige kontaktar med det russiske maktpartiet.

Det er ikkje godt å vite med store naboar, og det er lite som tyder på at baltarane verken vil eller bør slutte å vere mistenksame overfor den russiske bjørnen. Eit meir utstrakt russisk samarbeid med etablerte parti som Keskerakond kan ha sine positive sider, men det kan òg føre til auka polarisering og dermed i ytste konsekvens destabilisering. Den som lever får sjå.