29. mars 2009

Arnold Meri er død. Og Russland smir mens liket er varmt ...

Så vart Arnold Meri òg innhenta av det uunngåeelege natt til laurdag, vel tre månader før han ville fylt nitti. Rettsaka mot han er i prinsippet framleis open, men det er truleg at saka no blir lagt til sides. Dei fleste ser det nok som det viktige at han vart stilt til ansvar gjennom det at saka faktisk vart handsama i rettsapparatet.

Men Russland var raskt ute gongen og «smidde mens liket var varmt» - medan Estland helst ville dømme mannen for brotsverk mot menneskja ved deportasjonane under andre verdskrigen, meiner Russland at mannen ikkje er nok heidra for sine «heltegjerningar» gjennom berre frå før å vere Helt av Sovjetunionen, og Russlands president Dmitri Medvedev gav han i tillegg posthumt - få timar etter at han døydde (av lungekreft) - ein ny heidersorden.

Rett nok er det ikkje deportasjonane som utgjer «heltegjerningane» til Meri. Men ein klår illustrasjon på kor langt historieforståingane i dei to landa står frå kvarandre er det like fullt.

23. mars 2009

Kva er det som skjer i Helsingfors i dag?

Det er sanneleg lenge sidan eg har skrive blogg no, kvardagen har vore full av mykje anna, som slett ikkje har vore uinteressant, men heller ikkje blogg-stoff, eller så har eg berre ikkje fått tid til å skrive. I Estland har livet gått vidare, relativt fredeleg får vi seie, trass i at økonomisk vekst no er erstatta av økonomisk depresjon og mangel på arbeidkraft av stadig aukande arbeidsløyse.

Den russiske bjørnen har av og til brumma litt over grensa, men ikkje meir enn vi har vore vane med. Georgia-krigen er over og dominerer ikkje lenger nyhendebiletet., sjølv om det hender det kjem eit lite drypp. Røyrleidninga gjennom Austersjøen er det òg av og til snakk om, men alt i alt er det lite krisestemning og meir business as usual med omsyn til utanrikspolitikk og tryggleik.

Men etterdønningane etter bronsesoldaten, sure grynt fra Nasji og likesinna, ligg jo av og til og murrar under overflata. I Russland finst det framleis mange som ikkje er blide på Estland, og dei er ikkje redde for å bruke sterke ord, anten dei no trur på det dei seier eller ikkje. Det dei seier er i alle fall at Estlands-russarane er diskriminerte og undertrykte, og at Estland ikkje er noko demokrati, men eit diktatur som har innført ein rein Apartheid-politikk mot dei russiskspråklege.

For dei av oss som kjenner Estland innanfrå er det vanskeleg å ta slike utsegn alvorleg. Om det no finst nokon kjerne av sanning i det, så er han i så fall så liten at det knapt finst noko utgangspunkt for rasjonell debatt. Ein debatt om kva posisjon russisk skal ha i Estland er sjølvsagt heilt på sin plass, men då er det ein føresetnad at ein aksepterer utgangspunktet: at Estland er eit sjølvstendig land som vart okkupert i ly av kaoset i Andre verdskrigen og etter krigen først utsett for stalinistisk terror, deretter for ein medviten koloniseringspolitikk, før Sovjetunionens fall til slutt gjorde det mogleg for det estiske folket å gripe sjansen og få sjølvstendet tilbake. For dei av oss som aksepterer dette som eit utgangspunkt -- og der med aksepterer den grunnleggjande livsopplevinga til nesten alle estarar -- er det utfordrande å ha å gjere med meiningsmotstandarar som meiner sjølve premissa våre ikkje held mål.

Ein av dei som meiner det er sjølv slett ingen russisk Putin-ungdom, men ein finsk universitetslærer som heiter Johan Bäckman. Han har markert seg med uvanleg kvass kritikk av Estland -- kritikk av same slag som vi har vorte vane til frå Nasji, men ikkje frå finske akademikarar. Men trass i at han kallar Estland eit udemokratisk Apartheid-land, får han paradoksalt nok fritt reise til Estland og arrangere pressekonferanser her, utan at det gjer han mildare i ordvalet.

Den estisk-ætta finske forfattaren Sofi Oksanen og den estiske filmregissøren og forfattaren Imbi Paju har nyss redigert ei finsk-språkleg artikkelsamling med namnet Kaiken takana oli pelko ("Bakom alt låg frykten"), der dei prøver å få fram perspektiv på korleis Estland tapte historia si. Blant skribentane finst mange anerkjende analytikarar, politikarar, skribentar og forfattarar av ulike slag, frå Edward Lucas og Anne Applebaum via Estlands president Toomas Hendrik Ilves til Igor Kotjuh, forfattar og Estlands-russar.

I samband med lanseringa av denne artikkelsamlinga har forlaget WSOY i samarbeid med det finske audiovisuelle nasjonalarkivet og dei baltiske ambassadane i Finland skipa til eit seminar i Helsingfors som ber namnet Pelko muurin takana ("Frykt bak muren"), og dette har tydelegvis fått Bäckman og ein del av forbundsfellene hans til å gå heilt av skaftet. Framfor å engasjere seg i ein debatt ved å kome med motargument mot det dei reagerer på i artiklane eller i dokumentarfilmane som blir vist, vil Bäckman heller invitere 30 Putin-ungdommar til å demonstrere mot det dei karakteriserer som fascisme, revisjonisme og mykje anna stygt.

Og på toppen av det heile går det finske muslimske partiet ut og erklærer at dei vil delta i demonstrasjonen mot "historieforfalsking om Estland under andre verdskrigen og undertrykking av muslimar og russarar i Estland". At nokon er sinte og frustrerte, er ikkje vanskeleg å sjå, men for oss som kjenner Estland innanfrå er det heile så absurd at det er like får vi seier "Stopp verda, eg vil av!"

Korleis det ender, veit vi vel snart. Kanskje skjer det ikkje noko å skrive heim om -- kanskje blir heile demonstrasjonen berre ein storm i eit vassglas, slik den finske akademikaren Arto Lukkanen meiner. Slik han ser det, er dette byrjinga på slutten for Nasji, som ikkje lenger har full støtte hos styresmaktene og alt i alt lite att å fare med, anna enn desperate freistnader på å få merksemd.

Vi får håpe han har rett. Men sjølv ein slik storm kan vere nok til å skremme mange dersom media skuvar glaset oppunder nasen på oss.